Eit kvartalsresultat med store eingongseffekter

SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan vise til eit kvartal
med realisering av store verdiar på balansen

3. mai 2019

Resultat før skatt enda på 94,4 millionar kroner i kvartalet, mot 31,2 mill. kr i same periode i fjor. Av dette utgjer eingongseffekter frå resultatført gevinst frå sal av aksjar i BN Bank, og resultatført gevinst i konsernet knytta til fusjonen av SpareBank 1 Skadeforsikring AS og DNB Skadeforsikring AS til Fremtind Forsikring AS, ein samla resultateffekt før skatt på 71 mill. kr. Eigenkapitalavkastinga blei på 27,8 prosent mot 10,2 prosent i same kvartal i fjor.  

Fusjonen av SpareBank 1 Skadeforsikring og DNB Skadeforsikring, og DNBs oppkjøp fra 20 prosent til 35 prosent eigarandel i Fremtind Forsikring AS, blei gjennomført i første kvartal 2019. SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin andel av gevinsten i denne samanheng (1,5 prosent) utgjer ca.36,0 mill. kr. og er ført som inntekter av eigarinteresser i konsern. Utbytte på ca. 26 mill. kr i denne samanheng vil verte bokført i morbanken i andre kvartal.

Netto renteinntekter utgjer 35,7 mill. kr, ein auke på 2 mill. kr frå same periode i fjor som følger av større utlånsvolum. Stigande pengemarknadsrenta og stor konkurranse i marknaden på utlån bidreg til press nedover på rentemarginen.

Banken opplever sterk vekst i utlånsvolumet til privat- og bedriftsmarknaden og tek marknadsandelar på Søre Sunnmøre. 12-mnd veksten i personmarknaden inkludert lån i SpareBank 1 Boligkreditt AS er på 7,3 prosent tilsvarande 611,5 mill. kr. 12-mnd veksten i bedriftsmarknaden inkludert lån i SpareBank 1 Næringskreditt AS er på 21,1 prosent tilsvarande 311 mill.kr.  Forretningskapitalen har auka med 524 mill. kr sidan årsskiftet og er på 12.231,7 mill.kr. Innskot frå kundar har auka med 13 prosent siste 12 månadane, og banken har ei særs god innskotsdekning på 80,2 prosent ekskludert lån i kredittføretaka.

Tap på utlån og misleghald syner ei positiv utvikling. Tap på utlån utgjer 0,07 prosent av brutto utlån mot 0,17 prosent i same periode i fjor. Misleghaldte lån utgjer 0,65 prosent av brutto utlån mot 0,73 prosent i same periode i fjor. 

Rein kjernekapitaldekning ved utgangen av første kvartal er for konsernet på 17,8 prosent  og for morbanken er den på 15,9 prosent. Rein kjernekapitaldekning forhaldsmessig konsolidert er 15,6 prosent og over det regulatoriske kravet på 15,1 prosent som inkluderer Pilar-2 tillegget.

Nøkkeltal - 1. kvartal 2019

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt: 94,4 mill. kroner (31,2 mill. kroner)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsernet: 27,8 prosent (10,2 prosent)
  • Tap på utlån: 1,4 mill. kroner (3,1 mill. kroner)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd inkl. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt: 923 mill. kroner (618 mill. kroner)
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 772 mill. kroner (322 mill. kroner)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet: 9.794 mill. kroner (8.729 mill. kroner)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448