Solid utvikling og vekst

SpareBank 1 Søre Sunnmøre leverer eit godt kvartal og årsresultat. Foreløpige rekneskapstal for 2018 viser eit årsresultat etter skatt på 94,2 millionar kroner, ei positiv auke frå 2017.  

4.  februar 2019

Eit godt år

- I ei periode der vi har investert i effektivisering og omstilling, og har hatt ekstraordinære kostnader knytta til dette, er det gledeleg å konstatere at vi har lagt bak oss eit godt år. Vi har klare målsetningar om å bli ein kostnadseffektiv bank med inntektsvekst og låge tap. Tala for 2018 viser at vi er på god veg, noko som kjem både eigenkapitalbeviseigarane og lokalsamfunnet til gode, seier adm. direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sterk utlånsvekst og låge tap

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hatt ein utlånsvekst på 8 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 6,8 prosent på personmarknaden, og 14,6 prosent på bedriftsmarknaden.

- ­­­Vi veks meir enn marknaden og tek marknadsandelar, noko som viser at vi er attraktive og konkurransedyktige. I 2018 hadde særleg bedriftsmarknaden ein sterk vekst, noko vi trur vil fortsette også i 2019, seier Brautaset.

Tap på utlån er vesentleg redusert i 2018 samanlikna med 2017. Kvaliteten i utlånsportefølgja er god og vi forventar at det låge tapsnivået fortsetter.

 

Gode framtidsutsikter

SpareBank 1 Søre Sunnmøre forventar ein auke i aktivitetsnivået i 2019. Det er framleis god vekst i norsk økonomi og utsiktene i regionen er gode. Positive faktorar er lågt rentenivå, svak kronekurs, høgt investeringsnivå i offentleg sektor og auka investeringar i oljerelatert sektor.

Med venta vidare vekst i fastlandsøkonomien og auka investeringar i oljerelatert sektor er det sannsynleg at arbeidsløysa vil fortsette den gode utviklinga på Søre Sunnmøre.

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein solid bank som er førebudd på vidare vekst. Vi er opptekne av å skape gode kundeopplevingar, noko vi skal satse ytterlegare på i 2019, seier adm. Direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre Stig Brautaset.

Nøkkeltal 4. kvartal 2018

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før tap: 29,0 mill. kroner (39,7 mill. kroner)
  • Tap på utlån: 0,9 mill. kroner (-2,6 mill. kroner)
  • Innskotsdekning: 79,5 prosent (79,5 prosent)
  • Kapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 20,06 prosent
  • Rein kjernekapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 16,25 prosent

Nøkkeltal – januar til desember 2018

  • Resultat før skatt: 112,1 mill. kroner (107,4 mill. kroner)
  • Eigenkapitalavkasting etter skatt for konsernet: 8,4 prosent (9,9 prosent)
  • Kostnadsprosent i konsernet: 51,9 prosent (49,2 prosent)
  • Netto provisjons- og andre inntekter: 71 mill. kroner (79,4 mill. kroner)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar: 46,3 mill. kroner (38,3 mill. kroner)
  • Tap på utlån: 10,1 mill. kroner (19,8 mill. kroner)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd inkl. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt:  778,4 mill. kroner (445,2 mill. kroner)
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 615,9 mill. kroner (201,2 mill. kroner)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet: 9.270,5 mill. kroner (8.611,0 mill. kroner)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448