SpareBank 1 Søre Sunnmøre med rekordresultat og sterk vekst

Resultat før skatt enda på 153 millionar kroner per 3. kvartal, mot 84 millionar kroner i same periode i fjor. Eigenkapitalavkastninga så langt i år er på 14,1 prosent.

11. november 2019

- Resultatet viser at SpareBank 1 Søre Sunnmøre er inne i ei god utvikling. Vi ligg godt an til å nå våre økonomiske mål for 2019, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Tek marknadsandelar

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har dei siste 12 månadane hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til kredittføretak, på 10,5 prosent. Denne fordelar seg på 8,7 prosent i personmarknaden og 20,8 prosent i bedriftsmarknaden. I same periode er innskot frå kundar auka med 10 prosent.

- Konkurransen i marknaden er hard. At vi veks nesten det doble av marknadsveksten, er ei klar stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset, og legg til: - Vi ser framleis eit stort potensiale for vidare vekst på «sunnmørskundar», noko blant anna representasjonskontoret i Oslo som opna i november skal bidra til. Brautaset trekk fram at SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit stort fokus på kompetanseheving der det over tid er det bygd opp ein treningskultur samt trivselstiltak som bidreg til samhald og motivasjon blant dei tilsette. Ei fersk undersøking viser at banken har svært tilfredse tilsette.

Samfunnsansvar og berekraft

Tidlegare i år vedtok styret i banken ein strategi for samfunnsansvar og berekraft som banken er i full gang med å implementere. 

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre har lange tradisjonar for å føre delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Gode resultat og sterk soliditet har lagt grunnlaget for at vi har kunne auka sponsor- og gåvetildelinga vesentleg, seier Brautaset, og legg til: -No står vi framfor store klima- og miljøutfordringar. Som lokal bank er vi oppteken av å ta vare på samfunnet vårt. I tillegg til interne tiltak vil vi framover heie ekstra mykje på dei som tek berekraftige val. Saman skal vi gjere det betre å bu og verke i regionen vår, seier Brautaset. 

Nøkkeltal 

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt: 153 mill. kroner (84,2 mill. kroner)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsernet: 14,1 prosent (8,4 prosent)
  • Kostnadsprosent i konsernet: 36,4 prosent (51 prosent)
  • Netto provisjons- og andre inntekter: 53,9 mill. kroner (54 mill. kroner)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar: 95,6 mill. kroner (35,9 mill. kroner)
  • Tap på utlån: 14,6 mill. kroner (9,2 mill. kroner)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd inkludert kredittføretak: 1.086 mill. kroner tilsvarande 10,5 prosent (598 mill. kroner, 6,2 prosent)
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 638 mill. kroner tilsvarande 10 prosent (693 mill. kroner, 12,2 prosent)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet: 10.180 mill. kroner (9.180 mill. kroner)
  • Forvaltningskapitalen inkludert kredittføretak: 12.629  mill. kroner (11.708 mill. kroner)
  • Kapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 21,1 prosent (21,1 prosent)
  • Rein kjernekapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 16,8 prosent (17,1 prosent)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448
Olaf Eskeland
Banksjef Økonomi og finans
45225489