Historisk godt resultat

Halvårsresultatet til konsernet SpareBank 1 Søre
Sunnmøre viser eit resultat før tap og skatt på 133,4 millionar kroner. Det sterke resultatet skyldast sterk kundevekst, kostnadseffektiv drift, låge tap samt god avkasting på finansielle investeringar.

14. august 2019

- Resultatet viser at banken er inne i ei god utvikling. Vi veks, aukar inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og kvaliteten i utlånsportefølja er god. Det gir tryggleik for både kundar, eigarar og dei tilsette, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sterk vekst
SpareBank 1 Søre Sunnmøre er den einaste banken med hovudkontor på Søre Sunnmøre, og tilbyr rådgjeving til kundar over heile landet. Dei siste 12 månadane har banken hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til kredittføretak, på 11,0 prosent. Denne fordelar seg på 9,1 prosent i personmarknaden og 21,8 prosent i bedriftsmarknaden. Banken har også dei siste 12 månadane hatt ei auke i innskot på 13,7 prosent. Denne fordelar seg på 7,3 prosent i personmarknaden og 24,6 prosent i bedriftsmarknaden. Den høge veksten i bedriftsmarknaden må sjåast i lys av utlånsreduksjonen i 2016 og 2017. Det er venta ein noko lågare prosentvis vekst i tida som kjem. 

 - Det er knallhard konkurranse om kvar einaste kunde. Den sterke veksten som ligg godt over marknadsveksten er ei stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset.

Han trekk også fram banken sitt låge tapsnivå, som han meiner heng tett saman med nærleik til kundane og marknaden, samt kvaliteten i kredittarbeidet mot både nye og eksisterande utlånsengasjement. Ved utgangen av 2. kvartal 2019 utgjorde tap 0,19 prosent av brutto utlån.

Kostnadseffektiv drift
Halvårsresultatet viser at driftskostnadane i banken er reduserte med 4,2 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.

- I ei tid der omstillings- og utviklingstakten i bransjen er høg er det gledeleg at banken kan vise til reduserte driftskostnadar. Vi har eit stort fokus på
kompetanseheving og over tid er det bygd opp ein treningskultur som bidreg til samhald og motivasjon blant dei tilsette, seier Brautaset.

Utsiktene framover
SpareBank 1 Søre Sunnmøre forventar at aktivitetsnivået i banken sitt marknadsområde held seg oppe og at den positive utviklinga vil fortsette.

- Det er ein solid og godt rusta bank som er klar for å tilby kundane våre eit breidd, godt og konkurransedyktig tilbod også i framtida, seier
administrerande direktør Stig Brautaset i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Nøkkeltal 

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt: 125,0 mill. kroner (62,3 mill. kroner)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsernet: 18 prosent (9,7 prosent)
  • Tap på utlån: 8,4 mill. kroner (4,0 mill. kroner)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd inkl. kredittføretak: 1.115,8 mill. kroner (505,6 mill. kroner)
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 862,2 mill. kroner (340,8 mill. kroner)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet: 10.282,5 mill. kroner (9.061,1 mill. kroner)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448