Samfunnsengasjement
Ei drivkraft for Søre Sunnmøre
Å vere ein sparebank er å vere i takt med folk sine liv. Vi får vere med på opp- og nedturer til folk i heile regionen vår. Går det godt for folk og bedrifter i regionen, går det godt for banken.
Som sparebank har vi også ei fantastisk moglegheit til å kunne gi noko tilbake til lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre. Kvart år gir vi deler av banken sitt overskot tilbake til der vi høyrer heime. Gjennom å støtte lag og organisasjonar, gode prosjekt, unge talent, ildsjeler, entusiasme og spennande utvikling – får vi saman ting til å skje.
Vi kallar det DRIVKRAFT.
DRIVKRAFT
DRIVKRAFT skal gjere regionen vår rikare og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Det skal bygge opp om banken sin visjon om å gjere det betre å bu og virke på søre sunnmøre.
DRIVKRAFT-tilskot
Lag og organisasjonar på Søre Sunnmøre kan søke om DRIVKRAFT-tilskot til gode formål og allmennyttige småprosjekt.
Lag og organisasjonar som driv med aktivitetar for barn- og ungdom blir prioritert.
Søknadsperiode: 15. mars - 15. mai
DRIVKRAFT-midlar
Alle som har eit større konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke om DRIVKRAFT-midlar.
Midlane frå banken skal vere viktig for realiseringa av prosjektet og skal ha brei nytteeffekt i lokalsamfunnet. Prosjektet må grunngjevast og innehalde budsjett.
Søknadsperioder: 15.januar - 15. mars og 15. juli - 15. september
DRIVKRAFT-stipend
DRIVKRAFT-stipend er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt stipend til unge talent innan idrett, kultur og opa klasse.
Unge mellom 15 og 25 år som kjem frå Søre Sunnmøre eller har sterk tilknyting
til området. Ein skal ha utmerka seg på nasjonalt nivå.
Søknadsperioder: 15.januar - 15. mars og 15. juli - 15. september
DRIVKRAFT-prisen
DRIVKRAFT-prisen er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin årlege ærespris.
Kan gjevast til personar, lag, institusjonar eller tiltak i banken sitt distrikt som over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for kulturelt eller humanitært arbeid.
Søknadsperiode: 1. november - 1. desember
Nærings-DRIVKRAFT
Nærings-DRIVKRAFT er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris.
Prisen kan gjevast til personar eller bedrifter på Søre Sunnmøre som det siste året eller gjennom tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for sitt arbeid for å fremme regionutvikling.
PS! Søknadar sendast inn elektronisk via nettsida til banken og innan gitte søknadsfristar. Det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte.