Berekraft

Vi arbeidar kontinuerleg for å bli ein meir ressursbesparande og miljøeffektiv organisasjon, gjennom å stille krav til konsernet, leverandørar og våre samarbeidspartnarar. Samstundes vil vi gjennom produktutvikling stimulere våre kundar til ein meir berekraftig tankegang.

Transport

Vi nyttar videokonferanseutstyr for å redusere behovet for reiseverksemd ved møter og ved naudsynte jobbreiser er to elbilar tilgjengeleg for tilsette. Fleire tilsette har ved fysiske møte også valt å ta nattbussen. I tillegg er det el-syklar ved kvart kontor for kortare ærend. Og for å redusere utslepp ved køyring til og frå arbeidsplassen tilbyr banken lån til elbil med subsidiert rente til tilsette. Her er også tilgjengelege ladestasjonar. Etter dette tiltaket har fleire valt å bytte frå fossil til elbil.

Avfallshandtering

Verksemda i konsernet medfører avgrensa produksjon av avfall. I 2019 innførte vi kjeldesortering av avfall tilpassa mottakssystemet for avfall på kvart kontorstad, slik at alle våre kontor skal kjeldesortere sitt avfall. Vi arbeidar også målretta for å redusere bruk av papir.

Miljøretta produkt

Banken har lansert fire grøne lån: Grønt bustadlån, Grønt næringslån, Miljølån og Elbillån. Til dømes miljølån har svært gunstig rente på energisparande tiltak, og rentefritak i eitt år på lån opp til 300.000 kroner - anten ein skal bygge nytt, pusse opp eller berre bytte til meir miljøvenlege energikjelder. Grønt næringslån er eit skreddarsydd låneprodukt til næringslivet som premierer prosjekt og/eller tiltak med lågare rente. I tillegg til dette lanserer banken grønt bustadlån og elbil-lån. Dette er eit ledd i vår strategi at det skal lønne seg for folk flest å tenke miljø.