Samfunnsansvar

Bankbuss

Låneordninga er avvikla

Banken har sidan 2008 hatt til disposisjon to minibussar for utlån til lag og organisasjonar i regionen. Disse har vore svært mykje nytta og har frakta born og ungdom rundt om på Sunnmøre og ved enkelte høve også rundt om i landet.

25.000 km årleg har kvar av bussane køyrt for at klubbmedlemane skal kome trygt til og frå aktivitetane.

For at vi skal oppretthalde dette positive tilbodet, har vi kome fram til at vi må investere i nye bussar. Då dette er ein kostnad vi ikkje kan prioritere, har vi etter ei totalvurdering bestemt oss for å avvikle ordninga frå og med 1. juli 2016.

Er det lag og organisasjonar i nærområdet som vil overta bussane til ein rimeleg kostnad, er vi open for dette. I motsett fall vert bussane selt på den opne marknaden.