DRIVKRAFT

DRIVKRAFT er namnet på SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt samfunnsengasjement. Gjennom ulike årlege tildelingar deler vi av banken sitt overskot tilbake til der vi høyrer heime. Saman gjer vi Søre Sunnmøre til ein betre plass å bu og virke.

DETTE KAN DU SØKE PÅ

DRIVKRAFT-tilskot

Lag og organisasjonar på Søre Sunnmøre kan søke om DRIVKRAFT-tilskot til gode formål og allmennyttige småprosjekt. Aktivitetar for barn- og ungdom blir prioritert.

Søknadsperiode:
15. mars til 15. mai

DRIVKRAFT-midlar

Lag og organisasjonar som har eit større konkret allmennyttig prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke om DRIVKRAFT-midlar.

Søknadsperiode:
15. januar til 1. mars
15. august til 1. oktober

DRIVKRAFT-stipend

DRIVKRAFT-stipend er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt stipend til unge talent. Når du har drivkraft og har utmerka deg på nasjonalt nivå, då er du ein av dei som kan få DRIVKRAFT-stipend. 

Søknadsperiode:
15. januar til 15. mars

Nærings-DRIVKRAFT

Nærings-DRIVKRAFT er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris.

Prisen kan gjevast til personar eller bedrifter på Søre Sunnmøre som det siste året eller gjennom tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for sitt arbeid for å fremme regionutvikling.

Gründer-DRIVKRAFT

Gründer-DRIVKRAFT er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin gründerpris. 

Prisen kan gjevast til ein person eller bedrift i banken sitt distrikt som har utmerka seg det siste året. Mottakaren skal ha vist vilje og evne til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar 

DRIVKRAFT-prisen

DRIVKRAFT-prisen er SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin årlege ærespris. Kan gjevast til personar, lag, institusjonar eller tiltak i banken sitt distrikt som over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for kulturelt eller humanitært arbeid.

Frist for å sende inn forslag: 1. desember  

PS! Søknadar sendast inn elektronisk via nettsida til banken og innan gitte søknadsfristar. Det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte.

Lurer du på noko? Ta kontakt

Veronica Kvalen Pilskog
Kommunikasjonsansvarleg
45464610