Samfunnsansvar

Næringslivspris


Vi ønskjer å gi av overskotet vårt tilbake til lokalsamfunnet rundt oss. Næringslivsprisen er med å trekke fram bedrifter eller personar som har fremma utviklinga i lokalsamfunnet vårt.  

  • Næringslivsprisen kan gjevast til bedrift eller person.
  • Har fremma utviklinga i lokalsamfunnet vårt
  • Har stått for nyskaping innan produktutvikling, marknadsutvikling eller produksjonsmetodar.

Meir om næringslivsprisen

Næringslivsprisen kan gjevast til bedrift eller person i banken sitt distrikt som i året føreåt eller gjennom tid har gjort seg særleg fortent til ei særleg påskjønning for sitt arbeid med å fremme regionutviklinga. Det vil ved tildelinga verte lagt særleg vekt på at personen/bedrifta har bidrege til ei slik regionutvikling. Det vil ved tildelinga verte lagt vekt på at personen/bedrifta har medvirka til nyskaping som t.d. produktutvikling, marknadsutvikling eller nye produksjonsmetodar.


Desse har fått næringslivspris tidlegare

År Bedrift eller person
2015 Rekkedal Gjesthus 
2014 Grøvik Verk AS
2013 Ottar Vartdal
2012 Martin Brænne
2011 Bygg 1 Produkter AS
2008 Ørsta/Volda Lufthavn
2007 SafeRoad Group
2006 Profunda AS
2005 K.A. Aurstad AS
2004 Trond Ryslett
2001 Vartdal Plastindustri AS
2000 Tussa Kraft AS
1999 Grepa Forste AS
1998 Scan Aprima AS
1997 Union Hotell AS
1996

Harald Hauge

MC Deler AS