Samfunnsansvar

Søk støtte

Vi ønskjer å gi av overskotet vårt tilbake til lokalsamfunnet rundt oss. Lag og organisasjonar kan derfor søkje støtte frå oss til ulike aktivitetar og prosjekt.


 

Vårt samfunnsansvar

Det er viktig for vår eiga verksemd at det gror godt rundt oss. Derfor støttar vi prosjekt som skapar engasjement, har verdi over tid og gir nytte og glede til mange.

Vi har dei siste åra bidratt med fleire millionar kroner tilbake til lokalsamfunnet i form av gåvemidlar og prosjektmidlar.


Ærespris

Ærepris skal gå til personar, lag, institusjonar eller tiltak i banken sitt distrikt som i året føreåt eller gjennom tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjønning for kulturelt eller humanitært arbeid. Prisen kan delast mellom fleire kandidatar.

Talentstipend

Talentstipend blir årleg utdelt til ungdom mellom 15 og 25 år. Stipendet går til unge personar som har utmerka seg med eit unikt talent, og som har ambisjonar om å utvikle talentet sitt vidare.Stipendet er på kr. 25.000.- + eit kunstverk frå ein lokal kunstnar.

Gåvemidlar

Gåvemidlar skal vere til allmennyttige føremål og kan gjevast til lag og organisasjonar med ope medlemskap. Lag og organisasjonar som driv med barne- og ungdomsarbeid kan prioriterast. Storleik mellom 1.000 - 10.000 kr.

Prosjektmidlar

Prosjektmidlar skal gå til større og konkrete prosjekt med varig verdi. Midlane frå banken skal vere viktig for realiseringa av prosjektet og skal ha brei nytteeffekt i lokalsamfunnet. Prosjektet må grunngiast og må innhalde kostnadsoversyn.


Kven kan søkje støtte?

Gåvefondet til SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal bygge opp om banken sin visjon om å gjere det betre å bu og virke på søre sunnmøre. Midlane skal gjere regionen vår rikare og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Alle som ønskjer å setje i gong allmennyttige tiltak som byggjer opp om denne visjonen er velkomne til å søkje om midlar frå gåvefondet vårt.

 

Alle søknadar må registrerast elektronisk på banken si nettside. Det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte. Som hovudregel ber vi om at du gir så fullstendige opplysningar om søkjar og om tiltaket som mogleg.


Les meir