Korona og uro på børsen - kva skjer med sparinga mi?

Oslo Børs

Situasjonen rundt Korona-krisen fører til mykje usikkerheit, og kombinasjonen av korona og oljeprisfallet har ført til stort fall på børsen. Dette gjer at du kanskje lurer på kva du skal gjere med sparinga din? Her er nokre ofte stilte spørsmål og svar. 


Eg sparer fast i aksjefond. Kva bør eg gjere?

Om du sparer fast i ein spareavtale i aksjefond og har eit langsiktig sparemål vil det vere lurt å halde seg til den opphavlege planen for sparinga. Ved å spare fast i aksjefond så sparer du både når aksjemarknaden går opp og ned. Fondsandelar du no kjøper etter at marknaden har falt er billigare enn dei du kjøpte før fallet. 

Eg har behov for sparepengane mine no. Kva bør eg gjere?

Har du behov for sparepengane til eit anna formål kan du selge fondsandelar. Ei anbefaling er då å selge seg ut gradvis, slik at du ikkje risikerer å selge alt på eit tidspunkt der børsen har falt mykje i forkant. Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgjevarar om du er usikker.  

Er det lurt å starte og spare i aksjefond no når marknaden går nedover?

Sparing i aksjefond er avhengig av kor mykje du tåler å sjå på sparepengane dine svinge i verdi, korleis din økonomiske bereevne er, og kor lang tidshorisont du har for sparinga di. Dersom du veit du har behov for pengane i nær framtid er ikkje aksjefond noko vi anbefalar. Marknaden blir akkurat no opplevd noko meir usikkert, og det er vanskelegare å forutsjå kva den som skjer i nærmaste framtid. Om du har eit langsiktig perspektiv på sparinga di, kan det vere lurt å starte fast sparing no som marknaden er rimeligare prisa enn før fallet.

Kva bør eg ta stilling til no?

Dersom føresetnadane for di sparing/investering har endra seg vesentleg siden før børsuroa dei siste vekene, kan det vere fornuftig å ta ein fot i bakken. Er du til dømes direkte berørt av permitteringar eller andre forhold som tilseier at du har behov for sparepengane/midlane tidlegare, ta ei revurdering av spareplanen. Snakk gjerne med oss.

Dersom du merkar at du er veldig ukomfortabel med børssvingningane dei siste dagane kan det vere naturleg å gjere ei ny vurdering av om sparing/investering i aksjefond er riktig for deg. Svingningane dei siste dagane er ekstraordinære – historisk sett skjer dei med mange års mellomrom, men i mellomtida nyt vi god avkastning. Denne typen svingningar i marknaden er difor nokon av det vi er nødt til å akseptere for å ha moglegheita til å ta del i den meiravkastninga som blir skapt på børsane på lang sikt.

 

Anbefalingane ovanfor gjeld på generelt grunnlag og er ikkej å rekne som personleg investeringsråd. Historisk avkastning for fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning avhenger blant anna av marknadsutvikling, forvalter si dyktigheit, fondets risiko og kostnadar ved tegning, forvaltning og innløysning. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.

Spørsmål om Korona?

Her finn du nyttig informasjon om Korona-viruset. Om reiser til utsatte områder, uro på børsen og korleis du kan kome i kontakt med oss.