For kundane vil ikkje fusjonen bety noko stor endring. Vi skal ha dei same kunderådgjevarane sittande lokalt på kontora våre i Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg. Du kan framleis ringe oss slik som tidlegare.
Frå 2. mai er vi SpareBank 1 SMN
Framleis skal vi vere den banken du kjenner frå før. Ein lokal sparebank som brenn for lokalmiljøet og nærleik til deg som kunde.
Madsi, Sjur, Lillian ... og alle dei andre vil du framleis møte i banken.
Framleis lokal bank og lokale rådgjevarar. Du vil møte dei same kunderådgjevarane på kontora våre i Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.
Kvifor fusjonenerer bankane?
SpareBank 1 Søre Sunnmøre og SpareBank 1 SMN står betydeleg sterkare saman enn kvar for seg. Når vi no slår saman dei to bankane, styrkast grunnlaget for sterkare spesialist- og kompetansemiljø og auka nærvære i regionen. Det er og blir utfordrande å vere ein mindre bank. Vi veit at vi har gode år bak oss, men meir usikre tider framføre oss.
Dette betyr ingen endringar for deg i praksis, anna enn at du framleis vil vere kunde i ein sterk lokalbank med lokal forankring, som no også får storbanken sine fordelar.
Kva betyr dette for deg?
For deg som kunde vil ikkje fusjonen bety noko stor endring. Vi skal ha dei same kunderådgjevarane sittande lokalt på kontora våre i Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg. Du kan framleis ringe oss slik som tidlegare.
- Same kunderådgjevarane på kontora våre i Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.
- Du kan framleis ringe oss på 70 07 00 00 (privatkunde) eller 70 07 00 07 (bedriftskunde).
- Du beheld kort og kontoar som du har i dag.
- Dei fleste avgjersler blir framleis tatt lokalt.
Dette skjer i fusjonsprosessen
Fusjon vedtatt
9. november 2022 blir samanslåinga vedtatt av generalforsamling / representantskap i bankane. Under forutsetning av at Finanstilsynet godkjenner fusjonen vil SpareBank 1 Søre Sunnmøre fusjonere med SpareBank 1 SMN. Dei fusjonerte bankane står betydeleg sterkare saman enn kvar for seg.
Juridisk fusjon
2. mai 2023 blir SpareBank 1 Søre Sunnmøre slått saman med SpareBank 1 SMN. Medarbeidarane blir formelt tilsett i den nye banken og får felles leiing frå denne datoen. Du som kunde blir ikkje berørt av dette og kan bruke banken som før.
Teknisk fusjon
Samanslåinga av IT-løysingar skjer her og vi får felles digitale tenester. Banken har no ein nettbank, ein mobilbank, og alle andre tenester er felles. Kundane våre kan no betenast frå alle våre kontor - frå Førde i sør til Rørvik i nord.
Spørsmål og svar om fusjonen
Ja. Vi har ingen planar om å legge ned kontor. Planen er å opne fleire kontor både på Sunnmøre og i Fjordane.
Det blir inga endring i måten vi skal betene våre kundar. Målet er å betre all kundebetening.
Opningstidene vil vere dei same som i dag.
Ei sparebankstifting er ei sjølveigande juridisk eining som eig eigenkapitalen i ein sparebank. I vårt tilfelle eigenkapitalbeivis i SpareBank 1 SMN. Verdiane (eigenkapitalen) i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er i dag 90 % eigd av kundane/innskytarane i banken. Denne kapitalen er bokført til om lag 1.3 mrd. kroner. Gjennom ein fusjon kjem denne kapitalen inn i stiftinga i form av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 SMN. På denne måten vil kapitalen bli kapsla inn i den sjølveigande stiftinga og avkastninga blir delt ut som gåver i dagens marknadsområde til SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Det vil seie at gåver berre skal delast ut der verdiane er skapt, nemleg i marknadsområdet der banken har kontor i dag (Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg). Stiftinga får eit lokalt styre, lokal generalforsamling og normalt ein lokal dagleg leiar. Verdiane er sikra lokalt for all framtid.
Banken og stiftinga vil fortsette å støtte lokal idrett, kultur og andre allmennyttige formål i eit endå større omfang.
I tilknyting til at stiftinga blir den desidert største eigaren i SpareBank 1 SMN, vil Søre Sunnmøre få eitt styremedlem og to representantar i representskapet.
Søre Sunnmøre får stor eigarmakt, styremakt og ansvar for å leie den nye divisjonen Sunnmøre og Fjordane.
Nei. Du kan framleis bruke mobilbanken og nettbanken som før.
Meldingsboksen i nettbanken er den sikraste måten for oss å nå deg, men vi kjem også til å sende viktig informasjon og varslingar på e-post og sms. Vi skal gjere vårt beste for å fortelje deg alt som har betydning for deg og kundeforholdet ditt i god tid før fusjonen.
Du beheld dei same bankkontoane og lånet ditt slik som du har det no.
Nei, dei vil framleis vere som dei er i dag.
Etter den juridiske fusjonen er ikke SpareBank 1 Søre Sunnmøre lenger eit sjølvstendig finansforetak, men en del av SpareBank 1 SMN. Dermed er det SpareBank 1 SMN som gjennom medlemskap i Bankenes Sikringsfond garanterer for innskota dine. Denne endringa har kun praktisk betydning dersom du har innskot både hos SpareBank 1 Søre Sunnmøre og hos SpareBank 1 SMN som til saman utgjer meir enn 2 millioner kroner. Viss det gjeld deg, får du direkte informasjon frå oss om endringar i innskotsgarantien og kva det betyr for deg.