Nyttig informasjon relatert til koronaviruset

Korona-viruset fører til mykje usikkerheit. Kva dekker reiseforsikringa? Kva skjer med sparepengane mine? Kva gjer eg viss eg blir permittert?

Uro på børsen

Kombinasjonen av korona og oljeprisfallet gjer at du kanskje lurer på kva du skal gjere med sparinga di.

Spørsmål og svar om sparing

Reise til utsatte områder

Har du vore eller skal du på reise? Her finn du informasjon, spørsmål og svar om forsikring og koronaviruset.

Sjå kva forsikringa dekker

Permittering og pensjon

Dersom du blir permittert, får dette konsekvenser også for pensjonssparinga di. Her kan du sjå kva du bør vere merksam på.

Les meir om pensjon


Til deg som har spørsmål eller ønsker kontakt med oss

Vi ønsker å bidra til å minimere risikoen for spreiing av Korona-viruset. Difor oppmodar vi alle som har spørsmål eller ønsker kontakt med oss om å bruke e-post, telefon, chat, skype eller nettmøte.

Alle våre kontor er stengt for fysiske besøk og møter.

Vi vil stille opp for dei som treng hjelp

Alle blir påverka av det som no skjer. Frå å vere eit virusutbrot lokalt i Kina, har korona-viruset spreidd seg til store delar av verda. Som lokalbank ønsker SpareBank 1 Søre Sunnmøre å bidra til å minimere konsekvensane for folk, næringsliv og samfunn.


Ikon, pengesekk

Spørsmål og svar om sparing i urolige tider

Sparing i fond er framleis langsiktig, og vårt generelle råd er å stå i den opphavlege planen du hadde for å nå sparemåla dine. Det kan vere ubehageleg å sjå at sparepengane svingar mykje i verdi, men historia viser at store nedturar ofte blir etterfulgt av ein ny oppgang. Ved å spare fast månedleg i aksjefond sparar du både når aksjemarknaden går opp og ned. Dersom situasjonen din har endra seg slik at du treng pengene du har spart allereie no, kan du ta ut pengane og eventuelt avslutte sparinga. Dersom du har moglegheit til det, og er komfortabel med verdisvingningane, kan du vurdere å auke sparinga di. Sparing i aksjefond etter kraftige børsfall har historisk gitt svært god avkastning. 

Sparing i aksjefond er avhengig av din risikoprofil, din økonomi og kor lang tidshorisont du har for sparinga di. Dersom du har behov for pengane i nær framtid, anbefaler vi ikkje aksjefond. Dersom du har lang tidshorisont og tåler store verdisvingningar, kan aksjefond vere eit godt alternativ. Av og til vil du då måtte oppleve store verdifall, men dersom du held deg til planen over lang tid, vil du truleg oppnå betydeleg betre avkastning enn ved andre spareformer.  

Ta kontakt med rådgjevaren din for å diskutere detaljane i spareplanen din, og det gjer du på telefon eller e-post.

Det er umogleg å spå utviklinga i aksjemarknaden på kort sikt, både under denne krisa og generelt. Vi oppmodar difor ikkje aksjefond til kortsiktig sparing. Historisk har sparing i aksjefond gitt betre avkastning enn andre spareformer på lang sikt.

Du får dagens kurs dersom du kjøper eller selger nasjonale fond før 09:45. Dersom du kjøper eller selger nasjonale fond etter 09:45, får du kursen som blir satt for dagen etter. Dersom du kjøper eller seljer internasjonale fond før 09:45, får du kursen dagen etter. Dersom du kjøper eller seljer internasjonale fond etter 09:45, får du kursen som blir satt om 2 dagar.

Som regel tek det mellom fire og seks dagar før du får pengar utbetalt etter at du har solgt i fond. Med ein gong du har solgt, ser du prosessen i fana som heiter “Ordrehistorikk”. Der ligg salet som ei eiga linje med status “Under registrering” eller “Til behandling”. 

Det ser du umiddelbart i fana som heiter “Ordrehistorikk”. Der ligg salet eller kjøpet som ei eiga linje med status “Under registrering” eller “Til behandling”. Som regel tek det mellom fire og seks dagar før du får pengar utbetalt etter at du har solgt i fond.

Med mindre din økonomiske situasjon har endra seg og du har fått behov for pengane tidlegare enn planlagt, oppmodar vi ikkje å endre sparing frå aksjefond til høgrentekonto. Vi forstår at dei store verdisvingningane er ubehagelege, men slike verdisvingningar er naturlege når du sparar i aksjefond. Sparing etter store verdifall har historisk gitt svært god avkastning, og vi trur dette vil vere tilfelle også no.

Dersom du har behov for pengane, er sal av fond eit alternativ. Om du taper eller tjener pengar på dette er avhendig av blant anna av kor lenge du har spart og kva fond du har spart i. Gjeldande marknadsverdi finn du i nettbanken din. Ta kontakt med oss for å diskutere om dette er det beste alternativet, og sjå andre tips her

Mange tenker at det er lurt å redusere aksjeandelen i urolige tider, men dette er noko vi generelt frårådar. Det er vanskeleg å treffe det optimale tidspunktet for å kjøpe og selje, og resultatet er ofte at ein sel billig og kjøper dyrt seinare. Vi oppmodar deg difor å følge spareplanen din i opp- og nedturar. Eit godt alternativ kan vere ei aldersbasert pensjonssparing, der aksjeandelen blir justert automatisk basert på din alder.  

Les meir om pensjonssparing og uroen her. 


Spørsmål og svar om lånet ditt

Du kan få inntil tre månadar med avdragsfritak på bustadlånet om du har utfordringar i privatøkonomien som ei følgje av koronakrisa. 

Her søker du om avdragsfritak

Du kan få inntil tre månadar med avdragsfritak på bustadlåner dersom du har utfordring i privatøkonomien som følge av koronakrisa. 

Her søker du om avdragsfritak

Du kan enkelt endre trekkdato i nettbanken og mobilbanken under menypunktet “Lån”. I detaljane for det aktuelle lånet kan du endre det som heiter “Forfallsdato”.

Du kan enkelt endre kontoen som lånet blir trekt frå i nettbanken og mobilbanken under menypunktet "Lån". Klikk på det aktuelle lånet for å få opp detaljar, legg deretter inn nytt kontonummer for trekk av innbetaling. 

Dersom du har utfordring i privatøkonomien som følge av koronakrisa kan du få inntil seks månaders avdragsfritak på bustadlånet

Her søker du om avdragsfritak

Eit fastrentelån har spesielle vilkår. Dersom du gjer endringar eller seier opp fastrentelånet før avtaleperioda er over, skal du vere merksam på at du kan måtte betale ein overkurs til banken fordi den taper på at du betalar inn ekstra eller seier opp fastrentelånet. Her les du meir om fastrentelån

Ta kontakt med rådgjevaren din dersom du vurderer å gå ut av ein fastrenteavtale.

Eit fastrentelån har spesielle vilkår. Dersom du gjer endringar eller seier opp fastrentelånet før avtaleperioda er over, skal du vere merksam på at du kan måtte betale ein overkurs til banken fordi den taper på at du betalar inn ekstra eller seier opp fastrentelånet. Her les du meir om fastrentelån

Ta kontakt med rådgjevaren din hvis du vurderer å gå ut av ein fastrenteavtale.

Dersom din privatøkonomi ikkje har endra seg gjeld finansieringsbeviset slik det står i finansieringsbeviset. 

Ta kontakt med rådgjevaren din dersom privatøkonomien din har endra seg og du har behov for å fornye finansieringsbeviset.

Alle kundar som får renteendring, vil få melding i nettbanken eller i brev om korleis endringa påverkar lånet. Ettersom banken har varsla to renteendringar blir det sendt ut to varslingar. Varsel om første renteendring vil kome i løpet av torsdag 26. mars. Det andre varselet kjem i slutten av veke 14.

Renteendringa for bustadlån er gjeldande for nye kundar frå 25. mars. For eksisterande kundar vil endringa vere gjeldane frå 5. april. 

Alle kundar som får renteendring, vil få melding i nettbanken eller i brev om korleis endringa påverkar lånet. For eksisterande kundar vil dei nye rentene gjelde frå 5. april. 

Kva rente du vil få heng saman med fleire forhold og difor kan endringane variere noko frå kunde til kunde. Alle kundar som får renteendring, vil få melding i nettbanken eller i brev om korleis endringa påverkar lånet.

Varsel om første renteendring vil kome i løpet av torsdag 26. mars. Det andre varselet kjem i slutten av veke 14.

Styringsrenta er ein av mange faktorar som avgjer kostnadane på bankane sin kapital. Bankane lånar ikkje hos Noregs Bank, men hentar pengar frå kundeinnskot samt kapital frå obligasjonsmarknaden. Situasjonen rundt korona-viruset har utløyst stor usikkerheit i marknaden og gjort det dyrare og hente inn pengar som vi igjen lånar ut til våre kundar.