Kundeval 2019

Er du kunde i SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan du vere med på å bestemme kven som skal sitte i generalforsamlinga, som er banken sitt øvste organ. 

Valet er torsdag 21. februar 2019

Det skal i år veljast 3 medlemer for 4 år. Send inn forslag til kandidatar før 23. januar 2019 – og røyst på din favoritt ved valet!

På valdagen 21. februar kan du røyste i banklokala våre.


Bruk røysterette din ved valet


Generalforsamlinga er banken sitt øvste organ og skal sjå til at banken virkar etter sitt formål og i samsvar med lover og vedtekter. Generalforsamlinga har 16 medlemer med 10 varamedlemer. Desse er valt av kundar, kommunene og bankens tilsette. 

Generalforsamlinga sine oppgåver er blandt anna å føre tilsyn med styre si forvaltning av banken, fastsetje banken sitt årsrekneskap og velje styre.

Snarveier