Kundeval 2021

Er du kunde i SpareBank 1 Søre Sunnmøre? Då kan du vere med på å bestemme kven som skal sitte i generalforsamlinga, banken sitt øvste organ. 

 

Valperiode 24.-26. februar

Det skal i år veljast 4 medlemmer og 4 varamedlemmer.
Stem på din favoritt. Di stemme er viktig.

Du må identifisere deg med BankID for å stemme.


Dette treng du å vite om kundevalet


Om generalforsamlinga

Generalforsamlinga er banken sitt øvste organ og skal sjå til at banken verkar etter sitt formål og i samsvar med lover og vedtekter. Generalforsamlinga har 20 medlemer med 13 varamedlemer. Desse er valt av kundar, kommunane, eigenkapitalbeviseigarane og bankens tilsette. Generalforsamlinga sine oppgåver er mellom anna å føre tilsyn med styre si forvaltning av banken, fastsetje banken sitt årsrekneskap og velje styre.

Les meir om generalforsamlinga