Planlagt nedetid for nettbank, mobilbank og telefonbank

Laurdag 4. februar klokka 05.00 til søndag 5. februar klokka 21.00 er nettbanken, mobilbanken og telefonbanken stengt på grunn av teknisk vedlikehald. Det vil difor ikkje vere mogleg å betale rekningar, sjekke saldo eller utføre andre oppdrag i denne perioden.

  • Betalingar til utland med forfall frå 4. til 5. februar blir flyttet til måndag 6. februar. Har du betalingar som ikkje kan skyvast på, må du sørge for at forfallet blir satt til seinast 3. februar.
  • Vi anbefaler at du utfører eventuelle betalingsoppdrag eller utfører andre nødvendige banktenester før helga. 
  • Betaling med kort vil fungere heile helga.
  • Tenester som minibank og innskotsautomat vil også fungere som normalt. Det same gjelder betalingsoppdrag som ligg med forfallsdato i helga.

Kva vil fungere som normalt?

  • Du kan handle med kort både på nett og i butikk
  • Bankkort og kredittkort fungerer som normalt
  • Vipps fungerer i butikk og på nett
  • Minibank og innskotsautomat fungerer som normalt
  • Registrerte betalingar til konto i norske bankar med forfallsdato i helga går som vanleg
  • BankID vil fungere som normalt hos andre instansar

Kva kjem ikkje til å fungere?

  • Nettbank, mobilbank og telefonbank blir stengt
  • Du kan ikkje betale rekningar eller legge inn nye betalingar i nettbank, mobilbank eller telefonbank
  • Du kan ikkje overføre mellom kontoar
  • Du kan ikkje godkjenne e-faktura
  • Bli kunde, søk lån på nett og andre sjølvbetente prosessar er ikkje tilgjengeleg
  • Du kan ikkje betale med Vipps til privatpersoner (vennebetaling)