Sykkelarrangement med Atle Kvålsvoll

Kva er den optimale samansetning av treninga for maksimalt utbytte? Onsdag 22. januar kjem tidlegare proffsyklist Atle Kvålsvoll til Ulsteinvik for å svare på dette. Etter foredraget blir det fellestrening på sykkelbana med tips og råd frå Atle. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte. 

Atle Kvålsvoll deltok under sommar-OL for Noreg i 1984 og kjent som ein av Greg LeMonds hjelperyttarar. Han teltok i seks utgåver av Tour de France og har vore Thor Hushovd sin personlege trenar. I dag er Atle prosjektleiar i Olympiatoppen Midt-Noreg og bedriftsrådgjevar i Avantas Aktiv. 

Stad: Ulsteinhallen
Det blir enkel servering av kaffe og frukt

Onsdag 22. januar 2020

19:00 Velkomen v/SpareBank 1 Søre Sunnmøre
19:05 Optimal samansetning av treninga for maksimalt utbytte v/Atle Kvålsvoll 
20:00 Fellestrening på sykkelbana med tips og råd frå Atle Kvålsvoll