Miljø

Har du eit ønske om å velje miljøvenlege produkt og løysningar? Her er nokre produkt som skal gjere valet enklare og meir lønsamt for deg.


Miljøtiltak for lokalsamfunnet

Samfunnet vårt står framfor store klima- og miljøutfordringar. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er oppteken av å ta vare på samfunnet og har som mål å ta eit større lokalt miljøansvar. Gjennom året har vi to tildelingar av DRIVKRAFT-midlar der vi prioriterer støtte til prosjekt som bevisst tek omsyn til klima og miljø. Dette kan vere prosjekt med formål å gjere ein innsats for miljøet – eller prosjekt der ein gjer bevisste miljøval i gjennomføringa av prosjektet.