Kapitalrådgjeving

Kapitalrådgjeving er eit rådgjevingstilbod til formuande kundar, selskap og stiftelsar som ønskjer å ha ein relevant sparringspartner for sin økonomi.

Produkt- og tenestetilbod frå ei rekke kvalitetsleverandørar og samarbeidspartnarar.
Oppdateringar frå leiande fagmiljø i Noreg.
Du får personleg rådgjeving og oppfølging knytt til investeringane dine.

Slik fungerer kapitalrådgjeving

Vi har eit eige kundekonsept med våre beste fordelar frå banken og våre datterselskap. Vi skal gi deg som kunde i Kapitalrådgjeving våre beste vilkår, uavhengig av kva produkt som er relevant.

Mange som har større midlar til overs ønskjer ein relevant sparringspartner som forstår og kan gi råd tilpassa den økonomiske situasjonen ein står i. Større overskotsmidlar kan kome over tid eller plutselig. Det kan vere formue som er bygd opp over fleire generasjonar eller uventa midlar som ein plutselig må ta stilling til.

Kapitalrådgjeving skal vere eit relevant tilbod uavhengig av dette eller om ein har midlane privat, gjennom eit selskap, eller om det gjeld eit selskap ein representerer. Vi meiner noko av det viktigaste er å lage ein plan for formua si og dette er noko vi gjerne bistår deg/dykk med.

Vi tek gjerne ein prat

Om du vurderer tenestene våre knytt til kapitalrådgjeving må du gjerne ta kontakt med oss. Saman finn vi løysingar som passar for deg.

Lillian Hellebust
Kapitalrådgjevar
98287867
Ole Magnus Orlien
Leiar kapitalrådgjeving
98287858
Sjur Haug
Kapitalrådgjevar
48295216