Landbruksforsikring
Driv du innan landbruk, treng du fleksible landbruksforsikringar som er tilpassa deg, familien og gardsdrifta – både for næringa og privat.
Driv du innan landbruk, treng du fleksible landbruksforsikringar som er tilpassa deg, familien og gardsdrifta – både for næringa og privat.
Anten du driv stort eller lite, innan plante- eller husdyrproduksjon, vil du ha behov for skreddarsydde forsikringar. Våre landbruksforsikringar kan tilpassast det arbeidet du utfører på garden, dei typane driftsbygningar, eigedelar, maskiner og utstyr du eig.
Personforsikringane sikrar både deg og familien din.
Beskytt verdiane på garden gjennom skadeførebygging og gode rutinar for HMS.
Helse, miljø og tryggleik bidreg til å gjere garden til ein trygg arbeidsplass.
Nokre enkle tips til å sparke i gang berekraftsarbeidet og jobben med ein klimaplan.
Enkeltpersonføretak har færre krav om forsikring, som òg betyr eit større personleg ansvar.
Har du hatt uhell eller skade?
Skal du melde inn eller ut ein tilsett til ei forsikringsordning kan du gjere dette ved å logge inn i mine bedriftsforsikringar og velje "Meld inn/ut tilsett".
Dersom du ikkje har tilgang til tenesta, ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi kan hjelpe deg.
Sjå også:
Produktansvar er eit rettsleg erstatningsansvar som følgjer produktansvarslova. Produktansvaret gjeld for deg som produserer, importerer, marknadsfører, omarbeider eller set ditt namn på eit fysisk produkt. I denne rolla ber du ansvaret viss ein tryggingsmangel eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon.
Det at produktansvaret er eit rettsleg erstatningsansvar, vil også bety at det er ein økonomisk risiko for bedrifter som omfattast av ansvaret. Produktansvarsforsikringa er derfor ei veldig viktig forsikring for bedrifter som produserer og/eller sel produkt.
Kven er ansvarleg som «produsent» etter produktansvarslova?
Ein produsent er ansvarleg for eit produkt etter produktansvarslova viss dei fell inn under ein av følgjande kategoriar:
Teksten over er henta frå lovdata.no og forenkla med hjelp frå ChatGPT. For fullstendig og nøyaktig lovtekst, sjå produktansvarslova på lovdata.no.
Produktansvar er aktuelt for alle som produserer, importerer, bearbeidar eller set sitt namn på eit produkt. Her ber du ansvaret dersom ein tryggleiksbrist eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon. Det vil seie at det er ein økonomisk risiko for bedrifta, og difor ein veldig viktig forsikring for bedrifter som omfattar ansvaret.
Alle registrerte køyretøy skal minimum ha ansvarsforsikring.
1. januar i år blei det innført endringar i bilansvarslova. Det betyr at også alle typar uregistrerte traktorar som går fortare enn 10 km/t må forsikre. Det gjeld også traktor som kun blir brukt på eigen eigedom eller lukka område.
Skulle ein uforsikra uregistrert traktor gjere skade, vil Trafikkforsikringsforeininga stå for skadebehandlinga og i kvart enkelt tilfelle vurdere regress mot køyretøyeigar.
Ja, vi tilbyr eit breitt spekter forsikringar av produksjonsdyr for landbruk. Blant anna kan du forsikre alt av storfe som kviger, okser og kalvar – både for melking og slakting, som for eksempel:
Vi tilbyr også forsikring av blant anna småfe, fjørfe og svin.
Har du gardsdyr som hund, katt og hest, har vi eigne dyreforsikringar for desse òg. Les om kjæledyrforsikringar.
Sjå også:
Forsikring av driftsbygg
Forsikring av driftslausøyre
Ulukksforsikring for bonde og familie
For å seie opp ei bedriftsforsikring eller landbruksforsikring må du ta kontakt med oss, slik at vi kan avslutte forsikringa for deg.
Viss du ønsker å melde tilsette inn/ut av forsikringsavtalane kan du logge inn til «mine bedriftsforsikringar» og gjere dette sjølv.
Begunstigelse betyr at du vel kven som skal motta livsforsikringssummen din dersom du døyr. Den begunstigede personen får utbetalinga, og kan bruke den til å nedbetale gjeld og dekke utgifter ved din død.
Det er mange husstandar i Norge som er avhengig av to inntekter, og som må gjere store økonomiske endringar om ein av inntektene forsvinn. I ytterste konsekvens betyr det at hen må selje huset og andre eigedomar.
Viss du har ei livsforsikring – anten i form av ei privat livsforsikring (individuell), ei kollektiv livsforsikring (via forbund) eller ei gruppelivsforsikring (via arbeidsgjevar), bør du velje kven som skal vere begunstiga. Viss du ikkje har valt kven som skal vere begunstiga, vil forsikringssummen følge arverekka di. Det er viktig å hugse at sambuaren din ikkje automatisk er ein del av arverekka di med mindre de er gifte eller registrerte partnarar.
Du kan legge til fleire personar som begunstiga om du ønsker. Då får kvar person si andel av forsikringssummen viss du døyr. Dette gjer du anten når forsikring blir kjøpt, eller du kan endre det i etterkant ved å fylle ut eit skjema for begunstigelse.
Velg først kva type livsforsikring du har, av gruppelivsforsikring, LOfavør grunnforsikring eller privat livsforsikring.
Driv du garden som eit enkeltpersonføretak og har tilsette? Då er det nokre produkt du er lovpålagt å ha.