landbruksdriftsbygning i brann og brannmann som jobbar med å sløkke

KUNDEFORDEL

Brannvarsling i landbruket

Tidleg varsling av branntilløp er avgjerande for om menneske, dyr og bygningar kan reddast frå ei katastrofe. Har du eit FG-godkjent brannvarslingsanlegg får du rabatt på forsikringane. 

Godkjent brannalarmanlegg gir 20 % forsikringsrabatt
Reduserer sjansen for at liv går tapt

Rett type brannvarslingsanlegg

På grunn av det tøffe miljøet i ein driftsbygning vil vanlege detektorar feile etter kort tid. Støv, fukt og ammoniakkgassar er berre nokre element ein må ta hensyn til. Difor er det viktig at du har riktig type brannalarm.

Kvart år blir landbruket ramma av alvorlege brannar der både menneske, dyr og store verdiar går tapt. Det viktigaste førebyggande tiltaket du kan gjere på gården din er å ha god kontroll på det elektriske anlegget. Skulle det imidlertid oppstå brann, er det heilt avgjerande at du får tidleg varsel.

I forskriftene for velferd og hald av produksjonsdyr blir det stilt krav mellom anna til brannsikring, brannvarsling, brannsløkkingsutstyr og rømningsvegar. Når det gjeld brannvarsling og el-kontroll, krevst det at driftsbygningar med høg verdi og som husar eit visst tal dyr skal ha installert brannvarslingsanlegg.

Krava er:

  • El-kontroll med termografering (405-3/405-1) kvart 3.år.
  • Godkjent brannvarslingsanlegg og utringar med årleg serviceavtale.

Krava gjeld for:

  • Husdyrbygg oppført etter 01.07.2010 (TEK10/TEK17).
  • Bygg med elektrisk oppvarma korntørke.
  • Bygg med forsikringsverdi over 15 millionar kroner.
  • Bygg med eigedelar som har samla verdi over 15 millionar kroner.
  • Husdyrbygg som utløyser krav frå Mattilsynet.
  • Bygningar som er nærare enn 15 meter frå bygningane nemnt over.

Kva rabattar får eg?

Ein aspirasjonsdetektor er spesielt eigna for brannsikring i fuktige og korrosive miljø som fjøs, drivhus og andre driftsbygningar. Den gir påliteleg røykdeteksjon raskt og effektivt. Installasjonen inneber plassering av røyr i himlinga i bygget, med små hol som trekker inn luft til sjølve aspirasjonsdetektoren.

Det hjelper lite om det er installert brannalarm i driftsbygningar viss ein er på tunet når alarmen går. 

Forsikringsselskapet vårt stiller krav til at brannalarmar som blir brukte i landbruket skal vere tilkopla ein GSM utringar, som sørger for at dei på gården får eit varsel på mobiltelefon i tillegg.

EloRa EloTemp-sensorane til Elotec varslar deg på SMS/mail ved unormale temperaturendringar. Det betyr at dersom alarmen går kan du ringe elektrikaren og få feilen fiksa, før det begynner å brenne. Då har du full kontroll også mellom el-kontrollane og kan oppdage brannfare før det er for seint.

Det er viktig å hugse at også bustadhuset på garden bør utstyrast med brannalarmanlegg. Her kan vi anbefale Elotec sitt trådlause brannalarmanlegg som er godkjent etter EN-54 standarden. Det kan enkelt tilpassast alle typar bustadbygg utan å vere verken fordyrande eller gå ut over sikkerheita. Med dette systemet kan du få eit skreddarsydd brannalarmanlegg etter TEK-17, utan å trekke ein einaste kabel.

Sensorteknologi kan bidra til å førebygge, avgrense og stoppe brann. Ein brann unngått kan gjerne spare garden for liv, store utgifter og psykiske påkjenningar.

Varmeutvikling i el-skap
Dei fleste brannar i landbruket startar i el-anlegg. Varmeutvikling er første teikn til at noko er feil. Med varmesensorteknologi kan slike feil bli avdekka, varsla og retta opp før det blir brann.

Varmeutvikling i arbeidsmaskinene
Temperatursensor med probe gir deg kontinuerleg oversikt over temperaturen i traktor, kompaktlaster og andre arbeidsmaskiner. Set opp grenser som varslar deg ved forhøgd temperatur, slik at du kan gjere tiltak før det tek fyr.

Overvaking av høy og halm
Lagring av høy kan vere kjelde til brann i landbruket. I fuktig høy og halm føregår det ei bakteriell nedbrytning som kan føre til varmeutvikling. Høy og halm isolerer godt mot varmetap, så varmeutviklinga kan føre til at temperaturen stig til over 75 grader. Dette kan føre til sjølvantenning av gassane som oppstår. Ein kombinasjon av temperatur- og fuktsensorar er eit godt verktøy for å optimalisere ventilasjonen og vending.

Trygg og sikker gardsdrift

Å vere bonde er eit av dei mest ulykkesutsatte yrka i Norge. Kvart år skjer fleire tusen ulykker. Klarer vi å ta vare på og beskytte verdiane på garden gjennom skadeførebygging og gode rutinar, legg vi til rette for ei tryggare og meir berekraftig gardsdrift. 

Sjå kva du kan gjere for å redusere risikoen for skadar på garden.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }