Forsikring av driftsbygningar dekker små og store landbruksbygningar, som for eksempel lagerbygg og bygningar for dyrehald, reiskap og arbeidsmaskiner.
Forsikringa kan tilpassast alle driftsbygningane på garden I tillegg kan du utvide til topp med tilleggsforsikringar som vi tilpassar ut ifrå ditt behov.
Fullverdiforsikring betyr det at du til kvar tid er forsikra for eit beløp som dekkar kostnadane ved å bygge ein tilsvarande driftsbygning.
Førsterisikoforsikring blir brukt på bygningar i dårleg stand og betyr at driftsbygningen får ein fast forsikringssum. Ved skade er forsikringssummen maksimalt erstatningssum.
Riving, rydding, lagring og destruksjon av miljøfarleg avfall,
som er over basis forsikringssum.
Husleigetap - auka forsikringssum
Dekkes av Topp
Dekkes ikke av Brann
Tapte leigeinntekter ved gjenoppbygging, med forsikringssum over 150.000 kroner.
Hos oss er ansvarsforsikringa inkludert
Hos oss treng du ikkje å kjøpe separat ansvarsforsikring, då den er inkludert i forsikringa. Ansvarsforsikringa inkluderer både produkt- og bedriftsansvar, så du er sikra dersom du blir erstatningsansvarleg.
Har du allereie forsikring på driftsbygning(ane) dine hos oss, må du logge inn og sjå vilkåra som gjeld for din landbruk.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova i gardsdrifta.
Har du ei vindmølle på garden, eller planlegg du å investere i ei? Våre landbruksrådgjevarar hjelper deg å skreddarsy forsikringane til garden din, anten det er vindmøller, solcelleanlegg eller andre større investeringar.
Eksempel på skadar der bonden har fått bruk for forsikringa
Brann i låve
Varmgang i eit eldre elektrisk anlegg gjorde at det starta brann i låven. Deler av låven brann ned og medførte totalskada bygning. Forsikringa dekte rivning, rydding og gjenoppbygging av ny låve.
Tak blåste av
Etter eit kraftig uvêr hadde det blåst av takstein frå eit lagerbygg og ned på to arbeidsmaskiner. Forsikringa dekte både skadane på taket og arbeidsmaskinene.
Veksttunell tatt av flaum
Etter eit ekstremvêr med mykje regnbyger blei store delar av ein veksttunell og pumpehuset øydelagt av vatn. Forsikringane dekte riving, rydding og gjenoppbygging av ny veksttunell med vassrøyr og pumpehus.
Du får ein redusert eigenandel på inntil 15.000 kr viss du har:
Gjennomført og godkjent brannførebyggande El-kontroll (NEK 405-03) utan avvik, ved brannskadar som skuldast feil i elektrisk anlegg.
Tjuverialarm tilknytta alarmsentral, ved tjuveriskadar.
Brannalarm med utringingar (FG-godkjent installasjon - NS3960), ved brannskadar.
Vannalarm/automatisk vannstoppar på hovudinntaket, ved innvendige røyrskadar.
Bustadsforsikringar til garden
Har du gard, er det ikkje berre driftsbygningane som bør vere forsikra. Vi forsikrar også gardshus, kårbolig og andre bygg som ikkje er direkte knytta til drifta.
Alle registrerte køyretøy skal minimum ha ansvarsforsikring.
1. januar i år blei det innført endringar i bilansvarslova. Det betyr at også alle typar uregistrerte traktorar som går fortare enn 10 km/t må forsikre. Det gjeld også traktor som kun blir brukt på eigen eigedom eller lukka område.
Skulle ein uforsikra uregistrert traktor gjere skade, vil Trafikkforsikringsforeininga stå for skadebehandlinga og i kvart enkelt tilfelle vurdere regress mot køyretøyeigar.
Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta? Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
Arbeidsinstruks for utføring av varme arbeid utgitt av Finans Norge eller tilsvarande instruks skal vere utfylt og signert før utføring av arbeidet. Arbeidsinstruks for varme arbeid finn du lengre ned på sidan eller på fgsikring.no.
Alt brennbart materiale i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere fjerna eller beskytta.
Opningar i golv, veggar og tak i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere tette.
Eigna slokkeutstyr i forskriftsmessig stand, minimum 2 stk. 6 kg/liter håndslokkeapparat skal vere lett tilgjengeleg. Ett håndslokkeapparat kan erstattast med brannslange påsett vatn fram til strålerøret.
Navngitt brannvakt skal kontinuerleg overvåke brannrisiko under arbeidet, i pausar og nødvendig tid etter at arbeidet er avslutta, minimum ein time. Utførande kan vere brannvakt der brannrisikoen vurderast som låg.
Brannvakt og utførande skal ha gyldig sertifikat for utføring av varme arbeider frå Norsk brannvernforening eller samarbeidande organisasjon i øvrige nordiske land.
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak: I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
Det er forbod mot bruk av open flamme på oppfôra og lufta tretak.
Ved bruk av open flamme på kompakte og øvrige tak som ikkje er nemnt i punkt over skal brennbar isolasjon vere beskytta med minst 30 mm ubrennbar isolasjon. Ved bruk av open flamme skal det vere ein sikkerheitsavstand på minst 60 cm til parapet, gesims, gjennomføringar, sluk og liknande som består av brennbare materialar.
Ja, vi gir rabatt på både næringsbygg-, eigendels- og avbrotstapsforsikringa viss de har FG-godkjent sprinkleranlegg, der det ligg rapport i FG si database «FG-kontroll».
Det skal vere utarbeida ein standardrapport av firmaet som har kontrollert sprinkleranlegget. For å få rabatt for sprinkleranlegg, krevst det at anlegget er prosjektert og utført i henhald til FG sitt regelverk. De aller fleste sprinkleranlegga i Norge er dessverre ikkje FG-godkjent, og då vert det heller ikkje rabatt.
Rabatten blir bestemt ut ifrå kor stor del av bygningen som har sprinklar og kvaliteten på sprinkelanlegget.
Andelen av bygget som er sprinkla Ofte er berre delar av bygget sprinkla. Sprinkleranlegget kan likevel gi rabatt. Det vil framkomme av rapporten kor stor del og kva del av bygget som er sprinkla/ikkje sprinkla. For at sprinkleranlegget skal vere godkjent er det krav til at skillet mellom sprinkla og usprinkla areal er utforma som brannseksjoneringsvegg. Er delar av bygget sprinkla får de delvis rabatt.
Kvaliteten på sprinkelanlegget I rapporten skal det stå kor stor del av arealet som er sprinkla, kva anmerkningar som er gjort av anlegget og kva anleggsvurdering det har fått. For å få godkjent rabatt på sprinkleranlegget skal rapporten aldri vere eldre enn 1 år. Anleggsvurderinga (karakteren) kan ligge frå 0 til 100, der 100 er best.
Kontrolløren set ein alvorlegheitsgrad til liten, middels eller stor, der hen finn avvik. På kvar alvorlegheitsgrad blir det gitt eit poengtrekk. Avviket dokumenterast med bilete eller dokument.
Datainnbrot vil seie at nokon eller ein programvare (for eksempel virus, trojaner eller liknande) skaffar seg uautorisert tilgang til bedrifta sine datasystem eller data, eller blokkering av bedrifta sine datasystem eller data.
Med bedrifta sine datasystem meinast system som bedrifta eig, leiger eller driftar sjølv. Datasystem og tenester som er levert av ein tredjepart, via sky eller andre hostingtenester reknast også som bedrifta sine, forutsatt at det er inngått skriftleg avtale mellom partane.
Ja, vi tilbyr eit breitt spekter forsikringar av produksjonsdyr for landbruk. Blant anna kan du forsikre alt av storfe som kviger, okser og kalvar – både for melking og slakting, som for eksempel:
Ammeku (som har kalva minst éin gong og som ikkje er melkekyr).
Ammeku med kalv, der kalven blir fôra opp til slakt.
Melkeku som har kalva og sett inn i produksjon av melk.
Slaktedyr (kalvar som blir fôra opp for slakt).
Kyr som blir melka for konsum (meierileveranse eller eigen lokal kvote).
Vi tilbyr også forsikring av blant anna småfe, fjørfe og svin.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}