Forsikring av traktorreiskap

Forsikring av traktorreiskap og utstyr som blir brukt i landbruksproduksjonen. 

en rundballepresse som spytter ut ein høyballe på eit jorde i solnedgang
Erstatning ved tjuveri og hærverk.
Gir økonomisk tryggleik og hjelp f.eks. ved brann.
Rabatt ved bruk av sensorteknologi

Kva dekker forsikring av traktorreiskap?

Forsikring av landbrukreiskapet dekker mellom anna brann, vasskade, tjuveri og hærverk på traktorreiskapen som blir brukt i samband med produksjonen.

Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.

Kva dekker forsikring av avling?
Dekning Traktorreiskap
Brann Dekkes av Traktorreiskap
Vann/væske Dekkes av Traktorreiskap
Tjuveri og hærverk Dekkes av Traktorreiskap
Glaskade Dekkes av Traktorreiskap
Annan skade Dekkes av Traktorreiskap
Verdiauke Dekkes av Traktorreiskap

Er landbruksmaskinene dine klare for vinteren?

Når vinteren nærmar seg er det viktig med vedlikehald og klargjering av arbeidsmaskinene, slik at dei er klare for den kalde tida som kjem. Det aukar både levetida til maskina og minkar sjansen for reparasjon på ugunstige tidspunkt. Her er ei enkel og generell sjekkliste.

Reingjering:

  • Opne og tøm luker for kornrestar for å hindre tilhald for skadedyr. 
  • Bruk trykkluft eller ei børste for å fjerne jord og anna laust materiale frå utilgjengelege område, som hjørne og krokar i maskina. 
  • Tøm og reingjer eventuelle oppsamlingsskuffer, behaldarar eller kammer.
  • Inspiser skjær og knivar grundig for eventuelle restar som kan ha blitt fanga. Områder under og rundt rullar og valsar er spesielt utsett for å samle opp restar. Fjern eventuelt gjenverande restar.

Smøring og konservering

  • Gjer ein grundig inspeksjon av lagera og fôringane. Bruk feittpresse for å fjerne eventuelt vatn og smør delane.
  • Konserver utsette delar som plog, såmaskin og andre reiskap for å forlenge levetida.
  • Vurder å bruke ei oljesprøyte for kompressoren, og bruk ei blanding av diesel og sagkjedeolje for å vedlikehalde veltefjøler og harvetinder.
  • Påfør rustbeskyttande middel på utsette delar av maskina. Dette inkluderer område som er utsette for fuktigheit, som for eksempel boltar, skruar og metallflater.

Frostvæske

  • Sjekk kva type frostvæske som er anbefalt for maskina di. Nyare maskiner har gjerne spesifikke krav.
  • Sørg for at frostvæska er riktig blanda i forholdet som blir anbefalt av produsenten. Dette vil sikre at den toler dei forventa kuldegradene.
  • Bytt ut frostvæska jamnleg for å oppretthalde ei god smøring og korrosjonsbeskyttelse.
  • Sjå etter teikn på lekkasjar i maskina, og reparer eventuelle funn.
  • Om nødvendig, etterfyll frostvæske i systemet.

Motorvarmar

  • Bruk eit multimeter til å måle motstanden til motorvarmerelementet. Sørg for at verdien ligg innanfor riktig område.
  • Test leidninga mellom elementet og stikkontakta for å sikre at det er god forbindelse. 
  • Sjekk sikringar for eventuelle feil.

Glødepluggar og kaldstart

  • Mål motstanden på glødepluggane med eit multimeter for å sikre at dei fungerer som dei skal.
  • Ved behov, demonter glødepluggane og sjekk visuelt for eventuelle problem. Vær forsiktig for å unngå skade.
  • Skift slitte eller defekte glødepluggar om nødvendig.
  • Om arbeidsmaskina er utstyrt med eit termostartsystem, test systemet for å sikre at det fungerer som det skal for ein jamn start.
  • Forsikre deg om at det er tilstrekkeleg med drivstoff i systemet ved kaldstart. Eit tom drivstoffsystem kan føre til problem med oppstart.
  • Eit sterkt og påliteleg batteri er viktig ved kaldstart. Sjekk at batteriet ladar tilstrekkeleg og at det avgir riktig ampere.

Andre viktige kontrollar

  • Kople frå minuspolen på batteriet for å redusere risikoen for brann på maskiner i vinteropplag.
  • Sjekk og reingjer hyttefilteret i traktoren. Erstatt det om det er nødvendig, spesielt etter sprøyting.
  • Bytt dieselfilter om det er nødvendig. 
  • Gå grundig over batterileidningar og kontaktar for å sikre god elektrisk kontakt. Reingjer med sandpapir og bruk gjerne kobberfeitt for å forbetre kontaktflatene.
  • Inspiser hydraulikkslangar og ventilar for teikn på lekkasjar. Sjekk hydraulikkoljenivået og fyll på ved behov.
  • Reingjer eller bytt luftfilter for å sikre at motoren får tilstrekkeleg luft. Inspiser inntakssystemet for eventuelle blokkeringar.

Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du allereie forsikring av landbruksreiskap hos oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for ditt landbruk.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova i gardsdrifta.

Kva er IPID?

 

Kva lurer andre på?

Har du hatt skade på reiskapet?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }