Urolege tider - slik kan vi hjelpe deg og bedrifta

Mange bedrifter står overfor ein krevjande situasjon som ein konsekvens av koronaviruset.

Dersom bedrifta di har likviditetsutfordringar er det viktig at du kontaktar rådgjevaren din i banken for å  diskutere moglege løysingar.

Treng du avdragsfritak?

I nettbank bedrift kan de sjølv søke om avdragsfritak viss bedrifta har behov for det.

Kva blir dekt av forsikringane til bedrifta?

Lurer du på om forsikringane til bedrifta dekker driftstap?
Og kva med personalforsikring?

Kva gjer vi med tilsette og pensjon?

Her finn du meir informasjon om kva du bør gjere med pensjon viss tilsette blir permittert. 

Må du permittere tilsette?

Her finn du informasjon om kva du bør gjere dersom du må permittere tilsette.

Dette bør du tenke på

Viss inntektene sviktar eller du forventar at inntektene vil svikte, må du straks gjere det du kan for å kutte kostnader. Ingen veit kor lenge problema vil vare, derfor er det viktig å gjere grep så snart som mogleg.

  • Vurder moglege konsekvensar av situasjonen
  • Sjå på aktuelle tiltak (alt frå å kutte kostnader, sjå på kontantstraumar og permitteringar til å dreie seg mot nye marknader)
  • Innfør tiltak tidleg nok til å skåne bedrifta mest mogleg 
  • Ved økonomiske utfordringar bør du kontakte banken så snart som mogleg. 
  • Viss du må vurdere permitteringar, hugs å sette deg inn i reglane for permitteringar hos Arbeidstilsynet.
korona ikon

Ofte stilte spørsmål

De kan søke om avdragsutsetjing i inntil tre månader. For aksjeselskap kan ein sende søknad via innlogga sider i nettbanken. Dersom de har behov for tilleggskreditt i ein periode anbefaler vi at du tar kontakt med rådgjevaren din.

Dersom bedrifta blir ramma økonomisk av koronavirus kan de søke om gebyrfri avdragsutsetjing i tre månader hos vårt leasing-selskap.

Permitterte tilsette kan meldast ut ved driftsinnskrenkninger om ikkje anna er avtalt internt i bedrifta, dette er i samsvar med §4-3 i lov om innskotpensjon. Dei kan meldast ut frå permisjonstidspunktet. Dette kan dere sjølv gjere i pensjonsportalen. I denne spesielle situasjonen er det òg mogleg å sette lønn på arbeidstakar som 0 for ein periode.

For enkelte bedrifter som no står i ein svært krevjande økonomisk situasjon kan endringar i spareprosenten vere eit alternativ for å redusere løpande kostnader mellombels, endringa kan gjerast i pensjonsportalen.

Mange bedrifter lurer på korleis dei skal ta betalt for tenestene sine i desse koronatidene. På vipps.no finn du gode råd og tips.

For at avbrot-/driftstapsforsikringen skal kunne erstatte tapt omsetning og inntekt ved driftsavbrot, må det ha skjedd ein erstatningsmessig skade på eigedelane eller næringsbygga til bedrifta. Med erstatningsmessig skade meiner vi skader som følgje av brann, vatn, tjuveri osb.

Eit virusutbrot som resulterer i tapt/redusert omsetning blir sett på som force majeure, der forhold og situasjonar er utanfor kontrollen til dei involverte partar, og blir som hovudregel ikkje erstatta  av forsikringa. Slike hendingar er så store og inngripande i samfunnet at det ikkje vil vere mogleg for forsikringsselskapa å handtere kostnadene. Her må alle bere tapa sine og det offentlege må legge til rette for næringslivet slik at flest mogleg overlever.

Forsikringsselskapa opplever stor pågang. Her finn du spørsmål og svar om reiseforsikring.

Andre spørsmål? Les meir om forsikring til bedrifter i samband med korona.

Til deg som har spørsmål eller ønsker kontakt med oss

Vi ønsker å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Derfor anbefaler vi alle som har spørsmål eller ønsker kontakt med oss om å bruke chat eller telefon.

Vi oppmodar så mange som mogleg av kundane våre å bruke digitale løysingar. Nettbanken og mobilbanken er tilgjengeleg døgnet rundt. 

Har du allereie avtalt eit møte kan vi gjerne ta det på telefon, viss du heller ønsker det.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }