Du vil få opp alternativ om å logge inn i SpareBank 1 Sogn og Fjordane eller å bli kunde i annan SpareBank 1 -bank. Vel SpareBank 1 Sogn og Fjordane og "Gå vidare".
Her kan du også velje å aktivere FaceID eller å hoppe over dette.
Lag deg ein PIN-kode på minst fire siffer.
Mobilbanken er no klar for bruk ved å klikke "Logg inn". Bruk PIN-koden du nettopp laga, eller FaceID for å logge inn.
Lett å bruke og raskt å gjere vanlege bankting.
Kundeservice er open kvar dag,7 - 22 (10 - 18) heile året frå
I min økonomi blir alt du bruker delt opp i kategoriar så du får betre oversikt over privatøkonomien din. Det er enkelt å sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.
Under Sparing på oversiktsida trykker du på Start sparing
Vel Spar i fond. Her kan du velje mellom ferdiglagde fondsløysingar som SpareBank 1 Alt-i-ett, fondspakken SpareBank 1s utvalde eller du kan velje fond heilt fritt sjølv.
Etter at du har valt spareløysing legg du inn beløpet du ønsker å spare, anten som fast månadleg sparing eller som eit eingangskjøp.
No kan du sjå alle kredittkorta og forbrukslåna dine, uavhengig kva bank du har dei i. Informasjonen hentar vi frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Oversikta gir deg meir kontroll over alle smålåna og kreditten din. Kanskje du har eit kredittkort du hadde gløymt? Eller ein lånekonto du ikkje har brukt?
I oversikta kan du òg sjekke om du bør refinansiere nokre av låna eller kredittkorta dine, viss det lønner seg. Då kan du får meir å rutte med.
Sånn ser du forbrukslåna og kredittkorta dine:
1. Gå til Oversikt.
2. Trykk på Legg til konto eller kort.
3. Trykk på Kredittkort og forbrukslån.
4. Gi samtykke til at vi kan hente informasjon frå Norsk Gjeldsinformasjon.
I mobilbanken får du god oversikt over pensjonen din. Du kan enkelt sjå kor mykje du bør spare, for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.
Visste du at du kan endre eller avslutte abonnement og faste utgifter i mobilbanken? Start med å få oversikt over alle dei faste utgiftene dine. Viss du finn noko du ikkje bruker så mykje, kan du endre eller avslutte dei med ein gong.
No er det enkelt å betale papirfaktura og rekningar på e-post i mobilbanken. Du tar bilde av papirfakturaen eller kopierer fakturaen frå e-posten og slepp kopiering av kontonummer og KID.
Papirfaktura - slik gjer du:
Vel Betale i mobilbanken.
Vel konto å betale frå og trykk på kamera-ikonet øvst til høgreog vel Kamera.
Ta bilde av papirfakturaen, så kjem informasjonen automatisk opp i betalingsbildet.
Rekning på e-post - slik gjer du på iOS:
Opne fakturavedlegget du har fått på e-post.
Klikk på symbolet for å laste opp og vel ikonet for mobilbank. Viss du ikkje ser ikonet for mobilbanken, finn du det under Meir.
Beløp, forfallsdato, KID og kontonummer blir automatisk fylt ut.
La sparinga gå av seg sjølv Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet.
Her finn du mikrosparing:
Logg inn i mobilbanken
Under Sparing på oversiktsida trykker du på Start sparing, deretter Spar på konto
Trykk på Spar kvar gong du dreg kortet, og vel om du vil spare eit fast beløp, ein prosentandel av det du handlar for, eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.
Du er i gong med sparinga neste gong du dreg kortet!
Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke.
Del konto med kven du vil Dei du deler med kan sjå saldo og kontobevegelsar, men kan ikkje ta ut pengar. Les meir om deling av konto
Legg til og betal med konto frå annan bank I mobilbanken vel du Legg til konto eller kort ogLegg til konto frå annan bank. Vel bank, og kontoen du vil sjå.
Sjå studielånet ditt i mobilbanken I mobilbanken trykker du på Legg til konto eller kort, og hentar inn studielånet.
Få pushvarslinger på mobilen I mobilbanken trykker du på Meir i menyennede til høgre, trykk så på Varslingar og Tillat pushvarslingar. Her får du også velje kva du ønsker varsel om.
Du har Norges beste mobilbank!
Vi er superstolt av mobilbanken vår, og veldig glad for at Cicero Consulting no har kåra den til Norges beste mobilbank.
Rapporten analyserer dei norske mobilbankane og gir innsikt i kva som kjenneteiknar dei beste løysingane på markedet.
Sett av pengar - og lag eigne kontoar for ulike formål
Få kontroll på forbruket - og finn ut kvar pengane blir av
Spar enkelt til pensjon - for du vil vel ha like god råd som pensjonist?
Smarte tips i mobilbanken
Nokre gonger må du berre fikse ting kjapt. Du kan òg melde skade, endre køyrelengde på bilforsikringa, søke lån og endre lånet.
Plutseleg tomt på kortet?
Med mobilbanken flyttar du kjapt pengar til kortet utan å lage kaos i køa.
Er kortet vekke?
Ta det roleg. Du kan sperre kortet ditt i mobilbanken. Finn du det igjen, er det like enkelt å opne igjen.
Vanskeleg å spare?
Neida, startar du mikrosparing sparer du litt kvar gong du bruker kortet. Då går det av seg sjølv.
Kva lurer andre på?
Det er enkelt å logge inn i mobilbanken! Du bruker enten ein PIN-kode du har valt sjølv, eller du kan bruke såkalla biometri – det vil seie fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning (Face ID).
Mobilbank kan du få frå du fyller 13 år dersom du har BankID. BankID må bestillast og godkjennast av foreldre eller føresette dersom du er under 18 år. For barn over 6 år har vi Spink - mobilbanken for barn.
Har du gløymt PIN-koden til mobilbanken, eller ønsker du å endre den, må du aktivere mobilbanken på nytt. Dette gjer du enkelt frå innloggingsskjermen i mobilbanken.
Trykk på menyen oppe til venstre (3 strekar). Trykk så på Gløymt PIN og Lag ny PIN.
Hugs at du må bekrefte med BankID for å endre PIN.
Er du sikker på at du har brukt riktig passord? Passordet til mobilbanken treng ikkje å vere det same som til nettbanken. Viss du ikkje hugsar passordet, kan du lage nytt i nettbanken.Du kan også logge inn med BankID eller med BankID på mobil.
Ja. Synkronisering med Apple Watch kan aktiverast i mobilbanken under Meir – Innstillingar – Klokkebank. Du kan ikkje utføre banktenester på klokka, men den hjelper deg med å halde oversikta over saldo og transaksjonar. Mobilbank på Apple Watch vil berre fungere når du har klokka i nærleiken av mobiltelefonen din.
Mobilbanken er sikker. Datatrafikken mellom telefonen og banken er kryptert. Det er gode, nasjonale sikkerheitsløysingar rundt innlogging og betaling. Følger du vanlege forholdsreglar kan du vere trygg på at ikkje uvedkomande kan komme seg inn på mobilbanken din.
Det er gratis å laste ned og bruke appen, men du må betale mobiloperatøren din for datatrafikken dersom du ikkje er kopla til trådlaust nett. Hugs at datatrafikk kan vere dyrt i utlandet. Det kan vere lurt å undersøke hos mobiloperatøren din før du reiser utanlands.
Du kan enkelt setje opp pushvarslingar i mobilbanken. Då kan du få varsel når du får ny melding frå oss, påminningar om eFakturaer og avviste kortransaksjoner.
Slik skrur du på pushvarsling:
I mobilbanken trykker du på Meir i menyennede til høgre.
Trykk på Varslingar.
Trykk på Tillat pushvarslingar. Her får du også velje kva du ønsker varsel om.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}