BRANSJE

Berekraft, bygg og anlegg

Bygg og anleggsbransjen har stort potensial når det kjem til å redusere utslepp av klimagassar. Ved overgang frå fossildrivne maskiner til fossilfrie, og fokus på utsleppsfrie byggeplassar vil dette kunne realiserast.

snekker holder planke på skuldra

Klimatiltak og konsekvensar

Bygg og anleggsbransjen står for store utslepp, både frå maskiner og materialbruk. Globalt står byggenæringa for 40% av totalt CO2-utslepp, energiforbruk og avfall. Høgt innslag av fornybar energi gjer at næringa i Norge står for 15% av klimagassutsleppa. Det er kome strengare krav til energiforbruk og klimagassutslepp, samt auka etterspurnad etter berekraftige, sirkulære produkt og løysingar. Rehabilitering og ombygging til fordel for å tole ekstremvêr og vere meir energieffektive, kan føre til meir arbeid for bransjen i åra som kjem.

Årleg utslepp frå norske byggeplassar er ca. 340 000 tonn CO2. Utsleppa av CO2 kan reduserast med nær 99% og NOx med 96% ved bruk av alternative energikjelder og betre planlegging. Det er også venta fleire tilfelle av ekstremvêr som kan gje ein del ekstra utfordringar i bransjen. For å imøtekomme både utfordringane og redusere utslepp kan bransjen gjere følgande tiltak.

Bygg som toler klimaendringar

Både eksisterande og nye bygg bør utformast for å tole flaum, skred og kraftig vind, slik at dei står rusta for framtidige klimautfordringar.

Fornying av varmeanlegg

Varmeaggregat som i dag brukar fossil diesel, kan erstattast med løysingar som elektrisitet eller fjernvarme. Alternativt kan biogass, pellets/flis eller fornybar diesel nyttast.

Elektrifisering av anleggsmaskiner

Elektriske alternativ for maskiner som betongpumper, kraner, lifter og boremaskiner er viktige for å redusere utslepp.

Miljøvenleg transport

Person- og varetransport kan elektrifiserast for å redusere bruken av fossile drivstoff. Tunge køyretøy kan skifte til fornybare alternativ som fornybar diesel, biogass eller bioetanol.

Resirkulering og sirkulærøkonomi

Det er avgjerande å auke bruken av resirkulerte materialer og legge større vekt på avfallshandtering, resirkulering og sirkulærøkonomi.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr fagleg, målretta rådgjeving og legg vekt på tett dialog for å støtte kundane våre. Banken arbeider for å imøtekomme dei mange utfordringane bransjen no står ovanfor og er opptatt av at våre kundar held seg konkurransedyktige. For å redusere utslepp til bransjen har banken følgande tiltak. 

Rådgjeving

Gjennom kundedialog gjere kundane våre merksame på utviklinga og støtte dei i arbeidet med å imøtekomme krava og forventningane frå offentlege og private aktørar.

Grønt bedriftslån

SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilby Grønt bedriftslån, som skal motivere bedrifter til å gjere berekraftige investeringar og bidra til positiv omstilling for bedrifter og redusere klimarisiko. Grønt bedriftslån kan brukast til å finansiere investeringar som får tilskot/støtte hos Enova.

Banken har krav om levering av sluttrapport avfallsplan (jf. TEK 17 § 9-6). På heimesida til Direktoratet for byggkvalitet  ligg skjema som kan nyttast for å dokumentere at krava vert følgde. Her ligg sluttrapport med avfallsplan for nybygg (nummer 5178) og sluttrapport med avfallsplan for rehabilitering og riving (nummer 5179).

Miljøprodukta våre

Vi ønsker å bidra til at fleire gjer miljøvennlege val. Derfor gir vi ekstra gode vilkår både til privat- og bedrifstkundane våre som vel miljøvennlege løysingar og investerer i framtidsretta tiltak.

Berekraft i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Vi skal vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val internt hos oss, og jobbar tett på samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }