Du kan trygt melde skade, sjølv om du er usikker på om det er dekka. Fortel kva som har skjedd og følg rettleiinga, så vil vårt forsikringsselskap Fremtind, hjelpe deg vidare.
Er du ikkje dekt vil du få beskjed om dette. Får du avslag på saka vil du òg få ei grunngjeving for avslaget. Er du usamd i den grunngjevinga kan du sende oss ei klage.
Les meir om kva som er dekt under den bedriftsforsikringa du vurderer å bruke.
Treng du hjelp kan du sjå fremtind.no for chat og e-post eller ringe Fremtind på 915 02300.
Du vil bli bedt om informasjon og dokumentasjon undervegs i saka, avhengig av kva som har skjedd.
Om eigenandelen er høgare enn det kostar å erstatte skaden, vil ikkje skaden bli dekt. Eigenandelen vel du som hovudregel når du kjøper forsikringa. Du kan logge inn til bedriftsforsikringane mine å sjå kva eigendel bedrifta di har.
Dersom det er ein liten skade kan det òg vere greitt å tenke på:
Forsikringsselskapenes sentrale skaderegister (FOSS) er eit felles register for skadar som blir meldt på skadeforsikringar. Registeret blir drive av Finans Norge med løyve frå Datatilsynet. Når du melder ein skade til forsikringsselskapet ditt, blir den registrert i Forsikringsselskapenes sentrale skaderegister. Alle forsikringsselskap som er medlem av Finans Norge får tilgang til skadehistorikken.
Viss du får avslag eller lågare oppgjer enn du meiner er rett, kan du klage til forsikringsselskapet. Då vil ein annan skadebehandlar sjå på saka di. Du vil få ei forklaring på kvifor forsikringsoppgjeret er som det er.
Viss du framleis er uenig, kan du klage vidare til finansklagenemda. Då vil eit bransjebasert klageorgan sjå på saka di, og gjennom utenrettsleg tvisteløysing bidra til at den som har rett, får rett.
Avbrotforsikringa (driftstap) er knytt opp mot eigedelar eller næringsbygning og blir meldt anten på næringsbygg eller eigedelar (avhengig av kva som blei skada og forårsaka avbrotet).
Vi blir ofte kontakta av folk som er usikre på om forsikringane dekker skaden dei har hatt. Mange ventar med å melde frå, fordi dei ønsker meir informasjon først – eller er redde for å gjere noko feil.
Du treng ikkje å ha svaret på om du er dekka eller ikkje før du melder skade. Meld skaden til Fremtind og gi informasjon om kva som har skjedd, så ser dei nærare på saka og gir deg rettleiing undervegs. Det er heilt greit å melde ein skade sjølv om det seinare viser seg at den ikkje er dekka.
Viss du likevel ønsker å lese deg opp på kva forsikringane dekker, så har vi samla enkle forklaringar på nettsidene våre. Søk gjerne etter det som har skjedd, så kanskje finn du svaret allereie her.
Skademeldingsskjema for motorvogn
Skademeldingsskjemaet for bil/motorvogn kan du få tak i hos dei fleste bilforhandlarar og bensinstasjonar. Du kan også laste det ned eller bestille eit av oss – så sender vi det til deg med posten.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}