BRANSJE

Fiskeri og berekraft

Fiskeribransjen møter stadig strengare miljøkrav, som mellom anna krav om å gå over til grønare energiberarar som hydrogen og straum innan dei neste ti åra. Samtidig står næringa overfor utfordringar knytt til teknologiutvikling, klimaendringar og endra fiskekvotar, som krev store investeringar og tilpassing. Berekraftige løysingar er avgjerande for å sikre både det marine miljøet og den langsiktige lønsemda i fiskeribransjen.

Kvinne holder fisk

Klimatiltak og konsekvensar

Fram mot 2030 er målet å halvere dei totale Co2-utsleppa. Fleire faktorar utfordrar dette. Mellom anna er ikkje teknologien utvikla nok, og infrastruktur for lading for overgang til straum, er ikkje på plass. Utbrotet av krigen i Ukraina har ført til gasskrise i Europa og ekstreme prisar på drivstoff. Oppdrettsnæringa er dessutan avhengig av soya, som er eit ressurskrevjande produkt, og transport som begge fører til utslepp.

Fiskerinæringa er ein berebjelke i Sogn og Fjordane, med ei lang historie og stor økonomisk betydning for regionen. Frå sjarkar til havgåande fartøy representerer dei lokale aktørane eit breitt spekter av aktivitetar. Ved å satse på berekraftige tiltak kan næringa halde fram med å vere ein nøkkel til både miljø og økonomisk vekst.

Miljøsertifisering av fiskeri
Fiskerinæringa kan arbeide for å bli miljøsertifisert, noko som sikrar berekraftig ressursforvalting og gir tillit hjå forbrukarar.

Vern av korallrev og botnhabitat
Fiskebåtar kan unngå sårbare område som korallrev og botnhabitat ved å ta i bruk presisjonsverktøy og oppdatert kartlegging av havbotnen.

Fishing for Litter – opprydding av marin forsøpling
Fiskerinæringa kan delta i program som «Fishing for Litter» ved å ta med seg avfall opp frå havet under fiskeoperasjonar.

Hindre plastforsøpling
Bedrifter i bransjen kan redusere plastforsøpling ved å utvikle og bruke nedbrytbare fiskereiskap og sikre at alt avfall handterast korrekt.

Reduksjon av CO₂-utslepp
Fiskeflåten kan redusere CO₂-utsleppa ved å oppgradere til meir energieffektive motorar, bruke alternative drivstoff og optimalisere fangstmetodar.

Auka havtemperaturar, endringar i havstraumar og forsuring av havet påverkar fiskebestandar og kystfisket. For å møte desse utfordringane og bidra til utsleppskutt, har SpareBank 1 Sogn og Fjordane sett i verk fleire tiltak, som satsing på grøn teknologi, støtte til lokale klimatiltak og tiltak for berekraftig fiskeri.

Berekraftig rådgjeving
Banken tilbyr målretta rådgjeving basert på detaljert klimadata frå kundane, som bunkersforbruk, for å måle effektane av ulike tiltak. Banken brukar ESG-modellen som rammeverk for rådgjevinga, med fokus på berekraftig drift, utsleppsreduserande tiltak og MSC-sertifisering, og hjelper kundane med å kombinere lønsemd og klimaansvar.

Grønt bedriftslån
SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr lån for investeringar i låg- og nullutsleppsteknologi, som energieffektive fartøy og utstyr, for å støtte berekraftig omstilling. 

Stille krav
SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller tydelege vilkår til fiskerikundane sine for å sikre berekraftig drift og ansvarleg forvalting. Kundane må følge norsk fiskerilovgjeving og unngå praksisar som forureining av havet, sosial dumping, overfiske eller dumping av fisk, og svart omsetnad av fisk. Desse krava blir sett for å sikre at verksemdene bidreg til ei berekraftig utvikling i tråd med bankens mål og verdigrunnlag.

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 2
Norge har plikta seg til Handlingsnettverket for akvatisk mat fram til 2030, eit globalt samarbeid for berekraftig mat frå havet. Vi blir stadig fleire, men berre eit fåtal av verdas befolkning har havet som matkjelde.

Mål 5
Under fire prosent av norske fiskarar er kvinner. Frå små aktørar heilt opp til Nærings- og fiskeridepartementet blir det no sett fokus på korleis ein kan rekruttere fleire kvinner til næringa.

Mål 14
Ved bruk av ny teknologi og ansvarlege val, kan næringa sørge for lite plastforureining til sjøen, og bidra til berekraftig forvalting av fiskebestandane, samt hindre svart omsetnad av fisk.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }