BRANSJE
Havbruk og berekraft

Havbruksbransjen er prega av mykje innovasjon og kan dra nytte av dette når dei skal møte utfordringar med meir ekstremvêr som følge av klimaendringane. Klimaavtrykket frå næringa kjem i hovudsak frå tre faktorar: fôr, transport og bruk av havbruksfartøy.

Mann tenker

Klimatiltak og konsekvensar

Meir ekstremvêr, sterk vind, storm og bølger vil auke belastinga på materiell og anlegg. Derfor må strukturar og anlegg byggjast for å tole større påkjenningar. Ei anna utfordring er varmare vatn som vil føre til oppblomstring av algar, auka risiko for sjukdommar og utbrot av parasittar og lakselus. Bransjen jobbar også for å gjere fôrtilgangen meir berekraftig spesielt ved å få ned bruken av soya i fôr, ettersom produksjonen av soya er ein klimaversting. Bransjen har i tillegg ei utfordring med flytransport av ferdige fiskeprodukt, som gir eit betydeleg klimaavtrykk.

Havbruksnæringa er ei sentral næring i Sogn og Fjordane med fleire kundar som driv oppdrett av laks og aure. Til tross for tydelege utfordringar, kan bransjen ta fleire grep for å redusere miljøpåverknaden. Utvikling av låg- og nullutsleppsfartøy, bruke berekraftig fôr og optimalisere transport samt arbeide for å bevare og styrke det lokale økosystemet rundt oppdrettsanlegga, er avgjerande tiltak. Desse tiltaka, saman med andre initiativ, kan bidra til å gjere havbruksnæringa meir berekraftig.

Storsmoltproduksjon
Storsmoltproduksjon som reinser alt prosessvatn, avfallet derifrå kan då brukast som gjødsel i landbruket. Dette vil også redusere utfordringar som lus, rømming og smitterisiko ved sjukdom.

Bruke fornybar energi
Installere solcellepanel og vindmøller på anlegg for å redusere avhengigheita av fossile brensel.

Utvikle miljøvennleg fôr
Bruke meir berekraftige ingrediensar som insektmel og alger i staden for soya og fiskemel.

Optimalisere transport
Bruke meir miljøvennlege transportmetodar, som elektriske lastebilar og tog, for å frakte fiskeprodukt. Servicenæringane kan levere mindre båtar med elektriske framdriftssystem.

Avfallshandtering
Implementere system for å samle opp og resirkulere plast og anna avfall frå oppdrettsanlegg. 

Fremje biologisk mangfald
Redusere bruk av kjemikaliar ved å implementere naturlege metodar for å kontrollere sjukdommar og parasittar, som bruk av rensefisk. 

Havbruksbransjen står overfor fleire utfordringar, som klimaendringar, miljøpåverknad og berekraftig ressursbruk. For å møte desse utfordringane, arbeider SpareBank 1 Sogn og Fjordane aktivt med å støtte havbruksnæringa i berekraftsarbeidet og sikre ei berekraftig framtid.

Berekraftig rådgjeving
Banken brukar ESG-modellen som rammeverk for rådgjevinga, med fokus på berekraftig drift, utsleppsreduserande tiltak og MSC-sertifisering, og hjelper kundane med å kombinere lønsemd og klimaansvar. Banken er opptatt av å støtte kundane og bidra med løysingar som hjelper kundane i overgangen til ei meir klimavenleg og berekraftig framtid.

Grønt bedriftslån
SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr grønt bedriftslån til havbrukskundar som gjennomfører tiltak eller investeringar i tråd med støtteprogram i Enova eller Innovasjon Norge. 

Forventningar
SpareBank 1 Sogn og Fjordane forventar at havbrukskundar har stort fokus på miljø og berekraft i den daglege drifta. Sentrale område her er fokus på berekraftig fôr, null- eller lågutsleppsløysingar og relevante miljøsertifiseringar. Banken støttar ikkje selskap som ikkje etterlev lov om akvakultur og andre lover og forskrifter som regulerer drift av oppdrettslokalitetar.

Miljøprodukta våre

Vi ønsker å bidra til at fleire gjer miljøvennlege val. Derfor gir vi ekstra gode vilkår både til privat- og bedrifstkundane våre som vel miljøvennlege løysingar og investerer i framtidsretta tiltak.

Berekraft i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Vi skal vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val internt hos oss, og jobbar tett på samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }