BRANSJE

Vasskraft og berekraft

Det viktigaste kraftbransjen kan bidra med i det grøne skifte, er å produsere mest mogleg fornybar energi. I tillegg kan dei vurdere om det finst rom for å utvide produksjonskpasiteten.

Hender holder rundt tre

Klimatiltak og konsekvensar

EU sitt lovbestemte mål om eit nullutsleppssamfunn innan 2050 vil truleg føre til stigande prisar på fornybar energi, noko som kan styrke inntektsgrunnlaget for vasskraftnæringa. Samtidig kan ein aukande del uregulerbar fornybar kraft, som vindkraft, skape større prisvariasjonar, noko som gjer regulerbar vasskraft endå viktigare for å sikre stabilitet i kraftmarknaden.

Bransjen står overfor utfordringar knytt til effektivitet og naturvern, men har òg store moglegheiter til å bidra aktivt i overgangen til ei meir berekraftig energiframtid. Bransjen kan gjennom både kortsiktige og langsiktige tiltak sikre meir stabil kraftproduksjon, betre ressursutnytting og redusere miljøpåverknad.

Effektivisering av eksisterande kraftverk
Oppgradering av eldre turbinar og generatorar kan auke effektiviteten utan behov for nye anlegg. Forbetring av styringssystem og tetting av lekkasjar i røyr og kanalar kan òg redusere energitap og sikre meir stabil produksjon.

Utviding av produksjonskapasiteten
Det kan vere aktuelt å vurdere ei utviding av produksjonskapasiteten, for eksempel ved bygging av små reguleringsmagasin. Desse magasina kan bidra til å lagre vatn og sikre ein jamn produksjon, sjølv i periodar med varierande nedbør. Slik regulering kan også betre kontrollen over produksjonen og auke tilgangen på straum i periodar med stor etterspørsel. Dette vil imidlertid vere eit konsesjonspliktig tiltak som krev løyve frå vassdragsmyndigheitene (NVE).

Miljøtiltak for redusert naturpåverknad
Tiltak som fisketrapper og omgåande løysingar for fiskevandring kan redusere påverknaden på biologisk mangfald. Restaurering av økosystem gjennom planting av vegetasjon og fjerning av ubrukelege dammar kan òg styrke naturen rundt vasskraftanlegga.

Utvikling av energilager
Pumpelagringsanlegg kan lagre energi ved å pumpe vatn til eit høgare nivå i periodar med låg etterspørsel, for så å sleppe vatnet ned igjen når etterspørselen aukar. Dette sikrar betre utnytting av overskotsenergi og stabil energiforsyning.

Digitalisering og smart styring
Digitale verktøy kan brukast for å overvake og styre kraftverka meir effektivt. Smarte system kan tilpasse produksjonen i sanntid basert på etterspørsel og tilgjengeleg vatn, noko som kan betre lønsemda og sikre meir stabil kraftleveranse.

Samarbeid og berekraftig utvikling
Vasskraftbransjen kan samarbeide med lokale myndigheiter, naturvernorganisasjonar og lokalsamfunn for å balansere energiproduksjon og naturvern. Deltaking i forskings- og utviklingsprosjekt kan òg hjelpe bransjen med å finne nye berekraftige løysingar og teknologiar.

Nye lovar og regelverk, samt aukande krav frå leverandørkjeder, er med å drive fram utsleppskutt og energieffektivisering, men dette krev også meir i frå kundane våre.  SpareBank 1 Sogn og Fjordane vil gjennom rådgjeving støtte kundane i arbeidet med å imøtekomme krav og regelverk samt arbeide aktivt med å utvikle produkt og tenester som er relevant i åra som kjem. 

Berekraftig rådgjeving
Banken brukar ESG-modellen som rammeverk for rådgjevinga, med fokus på berekraftig drift, utsleppsreduserande tiltak og MSC-sertifisering, og hjelper kundane med å kombinere lønsemd og klimaansvar. Banken er opptatt av å støtte kundane og bidra med løysingar som hjelper kundane i overgangen til ei meir klimavenleg og berekraftig framtid.

Grønt bedriftslån
SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr lån for investeringar i låg- og nullutsleppsteknologi, som energieffektive køyretøy og utstyr, for å støtte berekraftig omstilling. 

Miljøprodukta våre

Vi ønsker å bidra til at fleire gjer miljøvennlege val. Derfor gir vi ekstra gode vilkår både til privat- og bedrifstkundane våre som vel miljøvennlege løysingar og investerer i framtidsretta tiltak.

Berekraft i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Vi skal vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val internt hos oss, og jobbar tett på samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

Vasskraft var lenge ikkje rekna som berekraftig i det heile teke grunna lite produksjonspotensiale i forhold til naturinngrepa. I ei oppmjuking av regelverket blir no vasskraft rekna som grøn.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }