BRANSJE
Landbruk
Landbruk er ei svært viktig næring for banken og Sogn og Fjordane som region. Kundegruppa er stor og varierer frå små gardsbruk til store fellesfjøs. Det er ei spennande og variert næring å følgje.
BRANSJE
Landbruk er ei svært viktig næring for banken og Sogn og Fjordane som region. Kundegruppa er stor og varierer frå små gardsbruk til store fellesfjøs. Det er ei spennande og variert næring å følgje.
Lån og finansiering til garden
Er det driftskreditt, lån eller leasing som passar best? Vi hjelper deg med riktig finansiering til prosjektet ditt.
Med gode forsikringar, både for deg, familien og gardsdrifta, kan du sove godt om natta.
Driv du garden som eit enkeltpersonføretak og har tilsette? Då er det nokre bankprodukt du er lovpålagt å ha.
Ørjan - Vår bransjeansvarlege for landbruk
Ørjan Skåden er fungerande bransjeansvarleg for landbruk. Han er sjølv fruktbonde og har erfaring frå arbeid i Norges Bondelag. I tillegg er han bransjeansvarleg for reiseliv, ei næring som ofte kan henge saman med landbruk.
«Som bransjeansvarleg på landbruk er eg i kontakt med kundar som treng finansiering til ulike formål, alt i frå nytt utstyr til generasjonsskifte. Det er ei næring i utvikling, som bidrar til stor verdiskaping i samfunnet.»
Tips til deg som driv ENK
Dei fleste gardsbruk er organiserte som enkeltpersonføretak. Her finn du det viktigaste du må ha på stell i eit ENK.
Veit du ikkje heilt korleis du skal komme i gang med berekraftsarbeidet? Det kan krevje mindre enn du kanskje trur. Her er fire enkle tips til å sparke i gang arbeidet med ein klimaplan.
Ei omsetning over 30.000 kroner utanom vanleg gardsdrift er definert som tilleggsnæring. Ein tilleggs- eller attåtnæring til vanleg gardsdrift blir meir og meir vanleg. Leigekøyring og utleige er utbreidd. Turisme og lokalmatproduksjon er andre populære tilleggsnæringar.
Skal du setje i gang med tilleggsnæring er det lurt å snakke både med landbruksrådgjevar og rekneskapsførar så tidleg i prosessen som mogleg.
Enten du drøymer om å kjøpe eit lite småbruk eller ein større landbrukseigedom, er det mykje å sette seg inn i. Dei dyktige landbruksrådgjevarane våre hjelper deg på vegen med:
Ved eit generasjonsskifte er det naturleg at banken, rekneskapsføre og takstmann er involvert. Å ta over ein gard er ein stor og viktig avgjerd. Du får moglegheit til å føre ein viktig tradisjon vidare til kommande generasjonar, samtidig som du skaper din eigen arbeidsplass og framtid.
Det følger også med mykje ansvar. Kva du satsar på og korleis du planlegg å drive garden kan ha stor økonomisk tyding.
Tenk gjennom:
Vern verdiane på garden gjennom skadeførebygging.
Få mest mogleg ut av rådgjevingsstimen
Kva er lurt å tenke gjennom før møtet med landbruksrådgjevaren i banken?
Å vere bonde er eit av dei mest ulykkesutsatte yrkene i Norge. Gode rutinar gjer garden til ein trygg arbeidsplass.