BRANSJE

Petroleum og berekraft

Klimaendringar og miljøkrav er ei utfordring for petroleumsbransjen. Næringa er fossil, og bidrar på den måten til klimaendringar, men på same tid er olje- og gass ein dominerande del av energiforsyninga og vil fortsette å vere det i åra framover.

Kvinne holder fisk

Klimatiltak og konsekvensar

Fleire av FN sine berekraftsmål, som å utrydde fattigdom og svolt, vil krevje mykje energi. Olje- og gass blir viktig for å nå desse måla.Likevel vil det bli strengare miljøkrav til næringa framover, som lågare etterspurnad, auka skatt, pålegg om reduserte utslepp og auke i avgifter. Strengare krav gir rom for nye moglegheiter. Ved å utvikle både eksisterande- og ny teknologi kan bransjen redusere utslepp, og ved å satse innan reinare energi, også vekse.

Petroleumsbransjen har eit stort ansvar i overgangen til ei berekraftig framtid og kan bidra gjennom fleire tiltak for å redusere klimagassutslepp. Ved å satse på ny teknologi, fornybar energi og internasjonalt samarbeid, kan bransjen spele ei viktig rolle i å gjere energiproduksjonen meir miljøvennleg.

Utvikling av teknologi
Petroleumsbransjen kan vidareutvikle og implementere teknologi som reduserer klimagassutslepp frå utvinnings- og produksjonsprosessar. Dette kan inkludere elektrifisering av plattformer med straum frå land, energieffektivisering av prosessar og utvikling av lågutsleppsteknologi.

Satse innan havvind, hydrogen og karbonfangst
Bransjen kan bruke sin ekspertise innan offshore-operasjonar til å satse på havvind, som kan gi fornybar energi til plattformer og samfunnet elles. I tillegg kan hydrogenproduksjon frå naturgass med karbonfangst bidra til lågare netto utslepp. Karbonfangst og -lagring (CCS) kan redusere utslepp ved å fange CO₂ før den sleppast ut i atmosfæren og lagre den trygt under bakken.

Samarbeid for å redusere utslepp
Gjennom samarbeid med styresmakter, forskingsmiljø og internasjonale aktørar kan bransjen utvikle felles løysingar for å redusere klimagassutslepp frå fossil brensel. Slike samarbeid kan bidra til standardisering av utsleppsreduserande tiltak, deling av beste praksis og auka finansiering for forsking på berekraftig energiproduksjon.

Klimaendringar og miljøkrav er ei utfordring for bransjen. Næringa er fossil, og bidrar på den måten til klimaendringar. Men på same tid er olje- og gass ein dominerande del av energiforsyninga og vil fortsette å vere det i åra framover. Ved å stille krav, utvikle produkt og tenester og tilby rådgjeving innan berekraft skal SpareBank 1 Sogn og Fjordane støtte kundane i berekraftsarbeidet.

Berekraftig rådgjeving
Banken brukar ESG-modellen som rammeverk for rådgjevinga, med fokus på berekraftig drift, utsleppsreduserande tiltak og MSC-sertifisering, og hjelper kundane med å kombinere lønsemd og klimaansvar. Banken er opptatt av å støtte kundane og bidra med løysingar som hjelper kundane i overgangen til ei meir klimavenleg og berekraftig framtid.

Grønt bedriftslån
SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr lån for investeringar i låg- og nullutsleppsteknologi, som energieffektive køyretøy og utstyr, for å støtte berekraftig omstilling. 

Stille krav
SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller tydelege vilkår til kundane sine for å sikre berekraftig drift og ansvarleg forvalting. Kundane må følge norsk lovgjeving og dokumentere at det ligg føre tiltak for å nå klimanøytralitet. Desse krava blir sett for å sikre at verksemdene bidreg til ei berekraftig utvikling i tråd med bankens mål og verdigrunnlag.

Miljøprodukta våre

Vi ønsker å bidra til at fleire gjer miljøvennlege val. Derfor gir vi ekstra gode vilkår både til privat- og bedrifstkundane våre som vel miljøvennlege løysingar og investerer i framtidsretta tiltak.

Berekraft i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Vi skal vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val internt hos oss, og jobbar tett på samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }