BRANSJE
Reiseliv og berekraft

Reiselivsnæringa møter ulike klimarisikoar gjennom endra klimaforhold og reguleringar, samt potensielle endringar i reisevanar og omdømme, særleg knytt til flytrafikk. Dette kan påverke omsetnaden om store kundegrupper vel å fly mindre. På den positive sida kan auka fokus på "kortreist" fritidskonsum gi nye moglegheiter for næringa.

Kokk holder fram pizza

Klimatiltak og konsekvensar

Dei fysiske konsekvensane som ras, sørpeskred, og ekstremvêr, kan føre til midlertidig stenging av reiselivsinfrastruktur og påføre økonomiske tap. Langsiktige endringar som temperaturauke og smelting av brear, kan redusere tilgjengelege aktivitetar og attraksjonar, og dermed påverke reiselivsopplevingane. Samtidig står bransjen overfor overgangsrisikoar, som strengare reguleringar knytt til utslepp, som kan påverke flytrafikk og cruisenæring. Å møte desse utfordringane krev investeringar i berekraftige løysingar, som utsleppsfrie transportmiddel og tiltak for å redusere miljøavtrykket.

Med fokus på å løyse utfordringane som bransjen står overfor på ein berekraftig måte kan aktørar sikre at drifta er i samsvar med berekraftige prinsipp og miljøstandardar, samtidig som dei arbeider mot å oppnå karbonnøytralitet og effektiv ressursbruk.

Miljøsertifisering
Aktørar innan hotell- og reiselivsbransjen bør prioritere miljøsertifisering for å sikre at drifta er i samsvar med berekraftige prinsipp og miljøstandardar.

Utarbeide klimarekneskap
Implementere klimarekneskap med mål om å redusere utsleppa over tid og arbeide mot å oppnå karbonnøytralitet. Større aktørar forventes å ha relevant miljøsertifisering, utvikle klimarekneskap og implementere planar for energieffektivisering.

Energisparing
Utvikle og implementere strategiar for energieffektivisering, med fokus på reduksjon av energiforbruk og bruk av fornybar energi.

Ansvarsfull avfallshandtering
Innføre praksisar for ansvarsfull avfallshandtering, inkludert gjenvinning og reduksjon av avfallsmengder.

Matsvinnredusering
Legge til rette for initiativ som reduserer matsvinn gjennom effektiv ressursbruk, optimalisering av menyplanlegging og samarbeid med lokale leverandørar.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane arbeidar aktivt med å støtte reiselivsnæringa i berekraftsarbeidet. Det er viktig at omstillinga skjer lønnsamt og berekraftig, og banken arbeidar for å kunne tilby produkt og tenester som møter kundane sine behov.

Berekraftig rådgjeving
Banken brukar ESG-modellen som rammeverk for rådgjevinga, med fokus på berekraftig drift, utsleppsreduserande tiltak og MSC-sertifisering, og hjelper kundane med å kombinere lønsemd og klimaansvar. Banken er opptatt av å støtte kundane og bidra med løysingar som hjelper kundane i overgangen til ei meir klimavenleg og berekraftig framtid.

Grønt bedriftslån
SpareBank 1 Sogn og Fjordane tilbyr grønt bedriftslån for prosjekt som fokuserer på berekraftig utvikling, som fornybare energiinstallasjonar, miljøvennlege infrastrukturoppgraderingar og teknologiske løysingar for reduksjon av miljøavtrykk.

Fasilitere samarbeid
Banken kan fungere som ein katalysator for samarbeid mellom reiselivsbedrifter, lokale myndigheiter og miljøorganisasjonar for å fremje felles berekraftsmål og dele beste praksis innanfor næringa.

Miljøprodukta våre

Vi ønsker å bidra til at fleire gjer miljøvennlege val. Derfor gir vi ekstra gode vilkår både til privat- og bedrifstkundane våre som vel miljøvennlege løysingar og investerer i framtidsretta tiltak.

Berekraft i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Vi skal vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val internt hos oss, og jobbar tett på samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }