Under kan du velje ein underkategori å sjå søkeresultat frå
Nedbetalingstida heng saman med kva du låner pengar til. Både verdien av det du kjøper og kor fort den fell i verdi påverkar nedbetalingstida.
Til dømes er nedbetalingstida på fast eigedom ofte opp mot 20 år, medan køyretøy og utstyr har kortare nedbetalingstid. Nedbetalingstida bør ikkje overstige den økonomiske levetida til det du låner pengar til.
Bedriftslån passar for bedrifter som skal investere i eigedom, produksjonsanlegg eller utstyr.
Når vi vurderer lånesøknaden, er vi i all hovudsak opptatt av to ting: Om bedrifta klarer å betale tilbake lånet, og om vi har tilfredsstillande sikkerheit viss det blir vanskeleg. Vi ser mellom anna på kva du skal låne pengar til, rekneskapstal som lønnsemd, andel eigenkapital og likviditet, og alderen til bedrifta og historikk i banken.
Ein kassekreditt betaler du for i form av renter og provisjon. Du betaler renter berre for den delen av kredittramma du faktisk bruker. I tillegg betaler du ein låg prosenantdel i provisjon av innvilga låneramme.
Renta på kassekreditt blir vurdert individuelt. Kva rente du får kjem mellom anna an på kva du skal låne pengar til, kva sikkerheit du kan stille, rekneskapstal som lønnsemd, andel eigenkapital og likviditet, alderen til bedrifta og historikk i banken.
Sikkerheit er eigedelar banken tar pant i, det vil seie at vi har rett til å overta desse viss bedrifta ikkje betaler tilbake lånet. Det du låner pengar til blir som hovudregel stilt som sikkerheit, enten det er fast eigedom, produksjonsanlegg eller utstyr. Vi kan også ta sikkerheit i andre verdiar.
Kassekreditt passar best for bedrifter som har varelager eller sel varer og tenester på kreditt.
Hensikta med ein kassekreditt er er å dekke likvidietsgapet som ofte oppstår når kostnadene kjem før inntektene. Viss du skal investere i eigedom, køyretøy eller utstyr, er bedriftslån eller leasing truleg betre alternativ.
Ja, i enkelte tilfelle kan du lease utan innskot. Vi gjer ein individuell vurdering av objektet som skal leasast og bedrifta som søkjer finansiering.
Innskot – eller startleige – er eit eingongsbeløp som innbetalast før leasingobjektet vert utlevert. Startleiga inngår som ein del av leigebetalinga, og refunderast ikkje ved kontraktsslutt. Velg du ein større del startleige vil du få lågare månadspris enn kva du hadde fått ved å ikkje ha startleige.
Ved å bruke leasingkalkulatoren kan du sjå kva utslag startleiga har på dei månadlege utgiftene.
Forskjellen mellom lån og leasing for di bedrift ligg hovudsakleg i eigarskapet og korleis kostnadane påverkar rekneskap og likviditet.
Lån gir eigarskap, og utstyret inngår som ein eigendel i balansen og avskrivast over levetida. Leasing gir den same bruksretten, men utan at du må binde kapital.
Ved inngåing av ein leasingavtale vil du betale ein fast månadleg sum over ein avtalt periode – dette gir forutsigbare kostnader med
enkel budsjettering og rekneskapsføring.
I leasingkalkulatoren kan du rekne ut kva leasing vil koste bedrifta i månaden. Du kan òg sjekke kva det vil koste dersom du heller vil ta opp eit lån.
Kva som løner seg for di bedrift kjem an på mange faktorar, deriblant kor lenge du ønskjer å bruke det utstyret eller køyretøyet du leasar.
I leasingkalkulatoren kan du rekne ut kva leasing vil koste bedrifta i månaden. Du kan òg sjekke kva det vil koste dersom du heller vil ta opp eit lån.
Fakturasal blir prisa som ein provisjon. Provisjonen utgjer ein prosentsats av beløpet på fakturaen. Pris varierer frå kunde til kunde, og er basert på kredittida som er gitt på fakturaen (det er høgare kostnad forbunde med å selje ein faktura med 120 dagars kredittid, enn ein faktura med 14 dagars kredittid), risikoprofilen til bedrifta di og risikoen vi vurderer knytt til den bedrifta som skal betale fakturaen (kunden din). Det er med andre ord ingen kostnader forbunde med å ha avtalen. Kostnadar kjem berre ved sal av faktura.
Slik kan det fungere/eksempel:
Kredittid gitt frå deg til kunden din: 30 dagar
Provisjonskostnad fakturasal: 2,5 % (Faktisk pris blir fastsett individuelt)
Beløpet til fakturaen: 100.000 kroner
Provisjonskostnaden blir då 2.500,- for 30 dagars kredittid. Du vil få kr 97.500,- utbetalt på dag 1 i staden for at du ventar på dei 100.000,- i 30 dagar.
Fakturasal handlar om å selje fakturaer enkeltvis. Du får utbetalt inntil 99 % av fakturaens pålydande innan 24 timar.
Factoring er ei teneste som passar best for deg som ønsker å kombinere administrasjon av kundefordringsmassen, samstundes som du får ei belåning på alle kundefordringane på inntil 80-90 %.
Fakturasal er på denne måten eit mindre forpliktande og meir fleksibelt produkt enn factoring.
I ein standard leasingavtale er bruksretten til utstyret i avtaleperioden inkludert.
Som leigetakar har du ansvaret for vedlikehald, forsikring og andre driftsutgifter (bom, bøter, service) knytt til leigeobjektet – dette inngår ikkje i leasingavtalen.
Fakturaen din er i utgangspunktet uendra, med unntak av to element.
SpareBank 1 Finans skiftar ut ditt kontonummer med sitt kontonummer.
Vi set inn ein kort tekst som informerar din kunde om at fakturaen må betalast til SpareBank 1 Finans, og ikkje til det kontonummeret kunden vanlegvis betalar til når det er du som fakturerer.
Sjølve utsjånaden på fakturaen følger det designet du ønsker å ha på dei utgåande fakturaene dine.
Når fakturaen går ut til din kunde, har du alt fått pengane dine frå SpareBank 1 Finans.
Nokon av kundane dine vil truleg ikkje kjenne til fakturasal som finansieringsløysing. Du bør ta ein prat med kundane dine om fakturasal før du set avtalen i gang for fullt. Dei fleste av kundane våre og kundane til kundar opplever dette som ein heilt ryddig prosess. Med ein stadig aukande bruk av outsourcing av tenester er veldig mange bedrifter vant til å forholde seg til at det er skilje mellom den som fakturerer for varen eller tenesta og den som krev inn pengane.
I mange tilfelle opplevast dette som eit svært profesjonelt skilje der ein kan konsentrere energien i kunde-/leverandørforholdet om det sentrale i dette forholdet, og ikkje oppfølging av betalingstransaksjonane.
Enten du drøymer om å kjøpe eit lite småbruk eller ein større landbrukseigedom, er det mykje å sette seg inn i. Dei dyktige landbruksrådgjevarane våre hjelper deg på vegen med:
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}