Reelle rettshavarar er personane som faktisk eig eller har kontroll over ei bedrift. Det er altså menneska som står bak bedrifta, sjølv om eigarskapet kan vere organisert gjennom eitt eller fleire selskap.
Kven blir rekna som reelle rettshavarar?
Det kan vere ingen, éin eller fleire reelle rettshavarar i same bedrift. Du kan vere reell rettshavarar dersom du
eig meir enn 25 % av bedrifta
kontrollerer meir enn 25 % av stemmerettane
har rett til å utpeike eller avsette over halvparten av styremedlemmane
har innverknad eller kontroll på annan måte, for eksempel gjennom avtalar, vetorettar eller andre ordningar som gir deg stor påverknad på avgjerdene i verksemda
Er eigarskapet spreidd, slik at ingen eig eller kontrollerer meir enn 25 prosent og ingen har overordna kontroll, finst det ingen identifiserbar reell rettshavar.
Døme:
Du opprettar eit aksjeselskap og eig alle aksjane sjølv. Då er du reell rettshavar.
Du startar ei bedrift saman med ein medgründer. Du eig 60 % av bedrifta, og medgründaren din eig 40 %. Då er begge reelle rettshavarar.
Du eig 70 % av bedrifta, og ein investor kjøper seg inn med 30 %. Då er både du og investoren reelle rettshavarar.
Du eig 100 % av eit holdingselskap, som igjen eig 100 % av driftsselskapet. Då er du reell rettshavar i driftsselskapet.
Kvifor må bedrifter registrere reelle rettshavarar?
Myndigheitene har innført registeret for å gjere eigarskap meir opent. Registreringa bidrar mellom anna til å førebygge kvitvasking og avdekke økonomisk kriminalitet.
Reelle rettshavarar må registrerast seinast 14 dagar etter at det har vore endringar i reelle rettshavarar, eller du har registrert ei ny bedrift. Sjølv om den nystarta bedrifta ikkje har reelle rettshavarar, må skjemaet fortsatt sendast inn.
Manglande eller feil registrering kan føre til reaksjonar frå myndigheitene.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}