Rammeverk for berekraftig finansiering

Dette rammeverket er meint for å bidra til omstillingsmåla om finansiering og tilrettelegging av berekraftige aktivitetar hos bedrifter og personkundar.

placeholder image

1.    Innleiing

1.1 SpareBank 1 Sogn og Fjordane sin profil og berekraftsstrategi

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er ein norsk bank med verksemd i regionen Sogn og Fjordane. 

SpareBank 1 Sogn og Fjordane spelar ei viktig samfunnsrolle i ei verd i endring. Vår ambisjon er å ta ansvar for å vere ein del av løysinga og ein proaktiv alliert til våre kundar i overgangen til eit meir berekraftig samfunn.

Dette betyr at berekraft vil vere ein integrert del av alt vi gjer; korleis vi skapar verdifulle kundeopplevingar, korleis vi leverer resultat; korleis vi driv vår verksemd, og korleis vi samarbeider med andre og bidrar til samfunnet vi er ein del av. 

1.1.1    Våre målsettingar

SpareBank 1 Sogn og Fjordane har fleire ulike målsetjingar knytt til dei vesentlege emne banken har identifisert i sitt arbeid. Dei vesentlege emna for banken er:

1. Klimaendringar
2. Eigne tilsette
3. Berørte lokalsamfunn
4. Forbrukar og sluttbrukarar
5. Forretningsåtferd 

Dette rammeverket vil spesifikt bidra til omstillingsmåla som er identifisert i banken sin klimaovergangsplan og som støttar opp om øvrige mål i banken sin berekraftstrategi. SpareBank 1 Sogn og Fjordane skal bidra til at kundane kan ta klimavenlege val. Det er svært sannsynleg at rammeverket vil bidra til å nå målet om utsleppsreduksjon, ettersom utlånsvolum til berekraftig finansiering vil auke.

1.2    ESG som ein del av kreditprosessen

Alle kundar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane må overhalde relevante lover og forskrifter, samt banken sine retningslinjer for berekraft.

I tillegg har SpareBank 1 Alliansen utvikla eit ESG risikovurderingsverktøy som blir brukt til å score bedriftskundane. Ein kvar kunde eller potensiell kunde som vurderast for berekraftig finansiering under dette rammeverket må tilfredsstille minimumskriteriar for ESG-score på sosiale- og styringsmessige forhold. Krav kan variere mellom bransjar grunna ibuande bransjerisiko.

Prosessen for å kvalifisere lån under dette rammeverket avheng av bransje, storleik på lånet og eventuelle andre faktorar. I SpareBank 1 Sogn og Fjordane blir finansiering hand-sama av bransjeansvarlege og kunderådgjevarar på bedriftsmarknaden, i tråd med gjeldande reglar og med faglege innspel og støtte frå berekraftsavdelinga eller fag-ansvarleg kreditt på bedrifts-marknaden.

Kvalifisering for berettiga berekraftig finansiering:

1.3    Regulatorisk rammeverk: EU-taksonomi

EU-taksonomien (taksonomien) er eit rammeverk for å klassifisere berekraftig økonomisk aktivitet og fungerer som et verktøy som gjer det mogleg for kapitalmarknadsaktørar å identifisere og gjennomføre investeringsmoglegheiter som bidreg til dei miljøpolitiske måla EU har sett, som igjen er basert på måla i Parisavtalen. Taksonomien fastsett tekniske screeningkriterium for økonomiske aktivitetar som kan bidra vesentleg til minst eitt av seks miljømål. Vidare fastset den kriterium for å ikkje påføre betydeleg skade på dei andre miljømåla.

Dette rammeverket er harmonisert med kriteria i taksonomien i den grad det blir vurdert som relevant på dette tidspunktet. Nokre bransjar som er inkludert i dette rammeverket er enno ikkje dekt av taksonomien, for eksempel akvakultur og fiskeri. For eigedom har norske nasjonale standardar som svarar til kriteria i taksonomien enno ikkje blitt ferdig utvikla. For desse bransjane bruker vi gjeldande marknadspraksis som beskrive i delen om grøne lån til spesifikke føremål.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane reknar taksonomien for å vere den viktigaste rettesnora for dette rammeverket, og vi følger nøye med på utviklinga av taksonomien.

1.4    Produktomfang og evalueringsprosess

Dette rammeverket gjeld for kredittar og lån der bruken av lånet anten overheld dei miljømåla som er oppført under kapittel 2.2.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane vil kontinuerleg overvake utviklinga og oppdatere rammeverket etter behov.

2.    Rammeverk for berekraftig finansiering

2.1    Oversikt

For å nå våre overordna berekraftsforpliktingar om å vere ein proaktiv alliert i omstillinga og bidra til berekraftsmåla, må vi sikre at kundane våre har tilgang til finansielle produkt som fremjar berekraft. Målet med dette rammeverket for berekraftig finansiering er å rettleie rådgjevarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane å identifisere og utvikle grøne og berekraftige lån og produkt med tilvising til:

  1. Grøne lån til spesifikke føremål

Spesifikke tilbod til kundar kan referere til dette rammeverket.

Sjå òg følgjande tabell som viser korleis berekraft kan knytast til bankfinansiering:

  Grøn finansiering
Prinsipp for grøne lån Lånet er til spesifikke føremål ved at det er direkte knytt til grøne prosjekt eller eigedelar iht. rammeverket. Alternativt kan lånet gå til generelle selskap­smål når eit selskap har minimum 90 % av om­setninga frå aktivitetar iht. ramme­verket.
Definisjonar berekraftig finansiering
  1. Grønt iht. taksonomien [1]
  2. Grønt iht. andre reglar enn taksonomien [2]
Bruk av midlar Portefølje av grøne prosjekt og eigedom som oppfyller krava i kapittel 2.2.

Prosess for prosjektevaluering og utveljing

Banken identifiserer låntakarar sine grøne aktivitetar basert på definerte godkjente aktivitetar og blir bekrefta av låntakaren.
Rapportering I/A
Stadfesting I/A

2.2    Grøne lån til spesifikke føremål

Grøne lån til spesifikke føremål er i tråd med Loan Market Association (LMA) Green Loans Principles (GLP) 2023-utgåva. GLP inneheld frivillige tilrådde retningslinjer, som skal brukast av marknadsaktørar på det enkelte lån eller transaksjon avhengig av sine underliggjande eigenskapar. GLP skal vidare fremje integritet i utviklinga av den grøne lånemarknaden ved å klargjere i kva tilfelle eit lån kan klassifiserast som «grønt». GLP er meint for utstrekt bruk i marknaden. Prinsippa utgjer eit rammeverk der fleksibiliteten til låneprodukta kan oppretthaldast, og dei vil bli gjennomgått regelmessig i lys av utviklinga og veksten til den globale marknadane for grøne lån. GLP er basert på fire komponentar:

  1. Bruk av lånemidlar (lån til spesifikke føremål)
  2. Prosess for prosjektevaluering og utveljing
  3. Styring av lånemidla
  4. Rapportering

Vidare er kvalifiseringskriteria i tråd med dei tekniske screeningkriteria i EU-taksonomien i den grad kriteria er tilgjengelege for dei aktuelle bransjane på ein etter beste evne basis. EU-taksonomien er eit EU klassifiseringssystem for å bestemme om ein økonomisk aktivitet er miljømessig berekraftig. EU-taksonomien er eit verktøy for å hjelpe investorane til å forstå om ein økonomisk aktivitet er miljømessig berekraftig. Den er eit felles språk mellom investorar, utstedarar og beslutningstakarar som kan bygge tillit til at investeringane oppfyller robuste miljøstandardar og er i tråd med politiske forpliktingar på høgt nivå, som Parisavtalen.

Byggjearbeidarar ute på arbeid

 

I tilfelle taksonomien ikkje har klare kriterier for ein spesifikk kategori, viser dette rammeverket til rådande marknadspraksis.

Nedenfor finst ein oversikt over grøne kategoriar og aktivitetar som kan kvalifisere. Dette kapittelet (grøne lån til spesifikke føremål) dekker SpareBank 1 Sogn og Fjordane sin finansiering av investeringar i prosjekt og eigedomar som er oppført som kvalifiserte nedenfor. Under dette rammeverket kan lån vere for individuelle prosjekt/eigedomar eller på selskapsnivå. Når det gjeld generell selskapsfinansiering, ville eventuelle lån til selskap som genererer over 90 % av inntektene frå aktivitetar i tråd med kvalifiseringskriteria kvalifisere for lån til generelle selskapsføremål under dette rammeverket, noko som betyr at heile lånet frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane til ein slik låntakar er 100 % kvalifisert. [4]


2.2.1    Grøne næringsbygg

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar Eksklusjonar Aktivitetar iht. EU-taksonomien [5]
Næringseigedom
(eksisterande og nybygg)

Næringsbygg med byggeår 2021 eller nyare [7]

  • Næringsbygg med energimerke A eller som elles oppfyller NZEB-10-kravet
  • Næringsbygg større enn 5.000 kvm må òg ha gjennomført ein analyse av livssyklus globalt oppvarmingspotensial, og ved ferdigstilling må bygningen gjennomgå testing for lufttetthet og termisk kontroll

Næringsbygg med byggeår før 2021: Energimerke A eller tilhøyrer topp 15 % av næringsbygg med lågaste karbonutslipp i Noreg [8]

  • Næringsbygg med anten energimerke A-B eller bygningskoder TEK10-17 er innanfor
  • Næringsbygg som elles tilhøyrer topp 15 % av næringsbygg med lågaste karbonutslipp i Noreg

Nye eller eksisterande næringsbygg som har motteke, eller er designa og meinte for å motta, minst ein av følgjande sertifiseringar

  • LEED "Gold"
  • BREEAM eller BREEAM-NOR "Very Good", eller tilsvarande eller høgare nivå av sertifisering
  • Svanemerka
  • Tilsvarande sertifiseringsordning og -nivå

Næringsbygga må oppfylle dei ovanfornemnde kriteria og i tillegg ha, eller vere designa og meint for å få, energimerke A eller B [10]

Næringsbygg designa for utvinning, lagring, transport, produksjon av fossile drivstoff eller krypto­valuta­utvinning er ikkje kvalifisert

7.1. Oppføring av nye bygningar.

7.7. Kjøpe og eigarskap av bygningar.

Næringsbygg
(renovering)

Renoveringslån for næringsbygg i Norge med ein forbetra energieffektivitet på 30 %

Næringsbygget må oppfylle eller vere utforma og meint for å oppfylle eitt av følgjande kriterium:

  • Renoverte norske næringsbygg med minst 30 % reduksjon i energibruk, kwt/kvm levert energi [9]
  • Renoveringsprosjekt som bidrar til at næringsbygget blir minst 70 % sjølvforsynt med fornybar energi. Dette inkluderer òg plussbygg
  7.2. Renovering av eksisterande bygningar.

2.2.2    Fornybar energi

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar
  Utvikling, handel, kjøp, installasjon, drift og vedlikehald av produksjonsanlegg for fornybar energi, produksjon og overføring av energi frå slike fornybare kjelder og framstilling av tilknytt teknologi og utstyr:

Vindkraft

  • Vindenergiprosjektar: Land- og havbaserte vindkraftprosjektar
Solenergi
  • Solenergiprosjektar: Fotovoltaisk, konsentrert solkraftenergi og solvarmeanlegg
Havenergi
  • Havenergiprosjekt med livsløpsutslepp mindre enn 100 g CO2e /kwt
Geotermisk energi
  • Geotermiske energiprosjekt med livsløpsutslepp mindre enn 100 g CO2e /kwt og direkte utslepp på mindre enn 100 g CO2e /kwt

Vasskraft

  • Vasskraft i Norge som oppfyller minst eitt av følgjande kriterium:
    • Elvekraftverk, småskala vasskraftverk med anten installert kapasitet mindre enn 25 MW eller utan eit kunstig reservoar
    • Energitetthet større enn 5W/kvm
    • Livsløpsutslepp mindre enn 100 g CO2e /kWt
Fornybare ikkje-fossile drivstoff
  • Produksjon av straum frå fornybare, ikkje-fossile gassar og flytande drivstoff, som definert i EU-aksonomien [11]
Bioenergi
  • Produksjon av biogass, biodrivstoff og biooljer basert på substratar av avfall og gjødsel frå landbruk/akvakultur. 
  • Produksjon av biogass, biodrivstoff og biooljer frå øvrige råstoff som definert av EU-taksonomien [11]
  • Produksjon av straum frå bioenergi, som definert av EU-taksonomien [11]
Hydrogen
  • Aktiviteten er i samsvar med kravet om ein reduksjon i livsløpsutslipp av klimagassar på 73,4 % for hydrogen (noko som fører til livsløpsutslepp av klimagassar på mindre enn 3 t CO2e/tH2) og 70 % for hydrogenbaserte syntetiske drivstoff i forhold til eit fossilt samanliknbart drivstoff med 94 g CO2e/MJ i analogi til tilnærminga skildra i artikkel 25 nr. 2 i og vedlegg V til EU-direktiv 2018/2001.
  • Reduksjon av klimagassutslipp over heile livsløpet bereknast med metoden nemnd i artikkel 28 nr. 5 i EU-direktiv 2018/2001 eller alternativt ved bruk av ISO 14067:2018 (119) eller ISO 14064-1:2018 (120).
  • Kvantifiserte reduksjonar av livsløpsutslepp av klimagassar blir kontrollerte i samsvar med artikkel 30 i direktiv (EU) 2018/2001 der det er aktuelt, eller av ein uavhengig tredjepart.
  • Når CO2 som elles ville blitt sloppe ut frå produksjonsprosessen, fangast, transporterast og lagrast under bakken i samsvar med dei tekniske screeningkriteria som er beskriven i punkt 5.11 og 5.12 i dette vedlegget.
Vassfri amoniakk
  • Ammoniakk som produserast frå hydrogen som oppfyller dei tekniske screeningkriteria fastsett i punkt 3.10 i dette vedlegget (Produksjon av hydrogen).
  • Ammoniakk som utvinnast frå avløpsvatn.

Overførings- og lagersystem

Konstruksjon, drift og vedlikehald av overførings- og lagersystem (eller annan infrastruktur, inkludert lagring) for å støtte inkludering av elektrisitet frå fornybare energikjelder i straumnettet

  • Overførings- og distribusjonsinfrastruktur i eit elektrisitetsystem som oppfyller minst eitt av følgjande kriterium:
    • Systemet er det samanbundne europeiske systemet, og dets undersystem, eller
    • meir enn 67 % av nyopna straumproduksjon oppfyller terskelen på 100 g CO2e/kwt (over ein rullerande 5-årsperiode), eller
    • gjennomsnittleg utslepps faktor for nettet er mindre enn 100 g CO2e/kwt (over ein rullerande 5-årsperiode)
  • Direkte tilkoplingar, eller utviding av eksisterande direkte tilkoplingar av fornybare energikjelder
  • Anlegg som lagrar straum og leverer den tilbake på eit seinare tidspunkt i form av straum

Aktiviteter i henhald til. EU-taksonomien [5]


3.15. Produksjon av vassfri ammoniakk

4.1. Produksjon av elektrisitet ved bruk av sol­celleteknologi

4.2. Produksjon av elektrisitet ved bruk av konsentrert solkraft (CSP)-teknologi

4.3. Produksjon av elektrisitet frå vindkraft

4.4. Produksjon av elektri­sitet frå havenergi­teknologi

4.5. Produksjon av elektri­sitet frå vasskraft

4.7. Produksjon av elektri­sitet frå fornybare ikkje-fossile gass- og flytande drivstoff

4.8. Produksjon av elektri­sitet frå bioenergi

4.9. Overføring og distri­busjon av elektrisitet

4.10. Lagring av elektrisitet

4.12. Lagring av hydrogen

4.13. Produksjon av biogass og biodrivstoff til bruk i transport og produksjon av biooljer


2.2.3    Grøn transport

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar
  Produksjon, etablering, anskaffing, utviding, oppgradering, vedlikehald og drift av lågutsleppskøyretøy og -fartøy og tilhøyrande infrastrukturer. [12]

Køyretøy

Fullelektriske, hydrogen- eller på annan måte nullutslepp passasjer- og godstransport

Fartøy

Fartøya har null direkte karbonutslepp (frå eksos)

Nullutslepp transportinfrastruktur

Infrastruktur som støttar nullutslepp passasjer- og godstransportkøyretøy, fartøy og kollektivtransport, som ladestasjonar for elektriske køyretøy, by- og inter-city infrastruktur, hamneverksemd og infrastruktur for omlasting

Eksklusjonar


Alle landbaserte køyretøy som er dedikert til transport av fossile drivstoff vil ikkje vere kvalifisert.

Fartøy dedikert til transport av fossile drivstoff er ikkje kvalifisert.

Aktivitetar iht. EU-taksonomien [5]


6.3. By- og forstadstransport, vegtransport av passasjerar

6.6. Godstransporttenester på veg

6.5. Transport med motorsyklar, personbilar og lette varebilar

6.7. Innanlands passasjertransport på vatn

6.8. Innanlands godstransport på vatn

6.9. Oppgradering av innsjø- og elvebåtar for passasjer- og godstransport

6.10. Sjø- og kystgodstransport, skip for havneoperasjonar og støtteaktivitetar

6.11. Sjø- og kystpassasjertransport

6.15. Infrastruktur som mogleggjer lågutslepp vegtransport og kollektivtransport

6.16. Infrastruktur som mogleggjer lågutslepp sjøtransport

6.12. Ombygging av sjø- og kystgodstransport og passasjertransport


2.2.4    Berekraftig forvaltning av levande ressursar, naturressursar og arealbruk

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar Eksklusjonar

Akvakultur

Akvakulturverksemd, -anlegg eller sjømatsprodukt som har følgjande sertifiseringar, eller forbetringar som resulterer i ein av følgjande sertifiseringar:

  • Aquaculture Stewardship Council (ASC)
  • Best Aquaculture Practices (BAP) minst to stjerner
  • The Worldwide Standard for Good Agricultural Practices
  • Marine Stewardship Council (MSC)
  • DEBIO-merka marine ingrediensar

Produkt og tenester som fører til betydelege forbetringar i energieffektiviteten eller det marine miljøet til oppdretts- og prosesseringsanlegg

Akvakultur som har blitt sertifisert med avvik frå standarden


Akvakulturfôr som bruker soyaingrediensar som ikkje er sertifisert i samsvar til RTRS, Proterra eller tilsvarande sertifiseringsordning


Utstyr som bruker fossil brensel

Fiskeri

Fiskeriverksemd, -anlegg eller sjømatsprodukt som oppfyller følgjande sertifisering, eller forbetringar som resulterer i sertifiseringa:

  • Marine Stewardship Council (MSC)
Forbetringstiltak som fører til auka intensitet av klimagassutslepp for verksemda
Landbruk

Jordbruks­teknologi/-prosjekt

  • Prosjekt for å redusere metan- eller andre klimagassutslepp frå husdyr
  • Landbruksprosjekt som forbetrar eller ikkje utarmar eksisterande karbonreservoar og/eller som stemmer overeins med (norske) organiske standardar eller KSL-standarden. Eksempel kan omfatte mindre gjødselsbruk, forvaltning av beiteområde, innsamling, bruk av landbruksavfall og gjenoppretting av utarma landområde.
  • Produksjon av biodrivstoff frå avfallsprodukt
  • Landbruksteknikkar og -prosjekt som betydeleg reduserer miljøpåverknaden på jord, lokal flora eller fauna. Eksempel kan vere bevaringslandbruk, integrerte teknikkar for skade­dyrhandtering
  • Investeringar i lavkarbon landbruksteknologi som forbetrar effektiviteten og reduserer miljøpåverknaden. Eksempel kan vere vertikalt landbruk, hydroponi og aeroponi
  • Produkt og/eller tenester som betydeleg forbetrar energieffektiviteten ved trekking, vatning og andre sider av landbruk- og husdyrdrift.

Ikkje-sertifisert kommersiell landbruks­aktivitet
 

Ingen konvertering av land­område med høgt karboninnhald
 

Kjøp/forbetring av apparat og utstyr primært basert på fossile drivstoff for å unngå innlåsing av forbruk av fossile drivstoff. Aktivitetar som resulterer i byte av drivstoff kvalifiserer
 

Genetisk modifiserte organismar og avlingar
 

Biodrivstoffproduksjon som konkurrerer med matproduksjon eller reduserer skogplanting, biologisk mangfald eller karbonlager i jorda

Aktivitetar iht. EU-taksonomien


Ikkje omfatta av EU-taksonomien


2.2.5    Energieffektivisering og reduksjon av klimagassutslepp

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar
  Tiltak for å forbetre energieffektiviteten i prosessar som resulterer i betydelege [13] energi-innsparingar eller reduserte klimagassutslepp i industriprosessar, infrastruktur eller verksemda sin produksjon/drift/forsyningskjede:

Industrielle prosessar og forsyningskjeder

  • Prosjekt og tenester for å vesentleg forbetre energieffektiviteten av eller klimagassutslepp frå industrielle prosessar
  • Vesentlege forbetringar i industriell/energieffektivitet som involverer reduksjon av varmetap, auka gjenvinning av spillvarme og prosessendringar
  • Vesentleg forbetra energieffektivitet i eller vesentleg reduserte klimagassutslepp frå verksemda si eksisterande forsyningskjeder
  • Forbetra industrielle prosessar som gir vesentleg reduserte klimagassutslepp
Elektrisitetsoverførings- og distribusjonssystem
  • Oppgradering av distribusjonssystem, inkludert kraftleidningar og transformatorstasjonar, for å betydeleg auke energieffektiviteten og/eller redusere tekniske tap
  • Betydelege forbetringar av eksisterande system for å auke energieffektiviteten. Døme kan inkludere smartgrid-teknologi og infrastruktur
  • Betydeleg forbetring av eksisterande overføringssystemer (eller annan infrastruktur) for å støtte integreringa av elektrisitet frå fornybare kjelder i nettet

Energilagring

  • Produksjon av batteri som definert av EU-taksonomien
  • Produksjon av termiske batteri, oppladbare batteri, batteripakkar og akkumulatorar (og deira respektive komponentar), inkludert frå sekundære råvarer, som resulterer i betydelege reduksjonar av klimagassutslipp innan transport, stasjonær energilagring som ikkje er kobla til straumnettet og andre industrielle utnyttingar.
  • Resirkulering av batteri ved slutten av levetida.
Energi­effektivitet for bygningar

Produksjon, installasjon, vedlikehald og reparasjon av energieffektiviseringsutstyr som definert av EU-taksonomien, inkludert men ikkje avgrensa til følgjande:

  • Ekstra isolasjon til eksisterande bygningsdelar, som for eksempel ytterveggar (inkludert grnne veggar), tak (inkludert grøne tak), loft, kjellarar og førsteetasje (inkludert tiltak for å sikre lufttetthet)
  • Byte av eksisterande vindauge med nye energieffektive vindauge;
  • Byte av eksisterande utvendige dører med nye energieffektive dører;
  • Installasjon av og byte til energieffektive lyskjelder;
  • Installasjon, bytte, vedlikehald og reparasjon av oppvarmings-, ventilasjons- og klimaanlegg (HVAC) og varmtvassystem;
     

Installasjon, vedlikehald og reparasjon av instrument og utstyr for måling, regulering og kontroll av energistatus til bygg slik definert av EU-taksonomien, inkludert, men ikkje avgrensa til følgjande:

  • Installasjon, vedlikehald og reparasjon av bygningsautomatisering- og kontrollsystem, energistyringssystem for bygg (BEMS), kontrollsystem for lys og energistyringssystem (EMS);
  • Installasjon, vedlikehald og reparasjon av fasade- og takkonstruksjonar med solavskjermings- eller solkontrollfunksjon, inkludert dei som støttar dyrking og vekst av vegetasjon;
  • Anskaffing, drift og vedlikehald av nullutslepps anleggsmaskiner;
Andre energieffektiviseringsprodukt Produkt og tenester innan fornybar energi eller energieffektivitet innan relevante område slik beskrive i dette kapittelet 2.2;
Vatn- og avløpsbehandling Teknologi, system og anlegg som resirkulerer eller aukar effektiviteten av avløpsvassbehandling, inkludert utvikling, produksjon, installasjon og drift
Andre aktivitetar for reduksjon av klimagassutslepp
  • Oppgradering av eksisterande nærings-, bustad- eller industriell infrastruktur med kjøleutstyr som resulterer i betydeleg reduserte klimagassutslepp
  • Støtte av prosessar knytt til fangst og/eller lagring av klimagassar
  • Nye prosessar/system som betydeleg reduserer klimagassutslepp i eksisterande forsyningskjeder
  • Teknologi med nær null karbonutslepp som erstattar fossildrivstoffteknologi
  • System for overvaking av klimagassutslepp

Eksklusjonar


Prosjekt for å forbetre energieffektiviteten av produksjon, distribusjon og/eller

kraftproduksjon fra fossile drivstoff

Energieffektivitetsforbetringar som "låser inn" bruken av fossile drivstoff

Teknologiar som aukar energieffektiviteten av produksjon, distribusjon og/eller kraftproduksjon av fossile drivstoff

Reduksjon av klimagassutslepp i teknologiar eller industriar basert på fossile drivstoff

Aktivitetar iht. EU-taksonomien [5]


3.4. Produksjon av batteri

3.5 Produksjon av energieffektivt utstyr for bygningar

7.3 Installasjon, vedlikehald og reparasjon av energieffektivt utstyr

7.5 Installasjon, vedlikehald og reparasjon av instrument og einingar for måling, regulering og kontroll av energiprestasjonen til bygningar


2.2.6    Vern og restaurering av biodiversitet og økosystem

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar

Skogbruk

  • Etablere skogar, skogforvaltningsaktivitetar eller rehabilitere og restaurere skogar. Skogsområde som oppfyller nokre av følgande sertifiseringar:
    • Forest Stewardship Council (FSC)
    • Program for Endorsement of Forest Certification (PEFC)
Biodiversitet
  • Bevare eller verne verdifulle naturlege habitat og landskap
  • Bevare sjeldne plante- og dyreartar
  • Restaurere, bevare eller det å fremme biologisk mangfald i byområde, som parkar og grøne tak
  • Permanent bevaring av landområde gjennom avtalar om bevaring
  • Investeringar i teknologi for beskyttelse av produktiv skog og overvaingsutstyr for skogar og fiskefartøy

Aktivitetar iht. EU-taksonomien [16]


1.1. Bevaring, inkludert restaurering, av habitat, økosystem og artar

2.1. Hotell, ferie- og campingplassar og liknande overnattingsstader


2.2.11    Klimatilpassing

Underkategori Kvalifiserte aktivitetar
Klimatilpassing

Aktivitetar som i betydeleg grad bidrar til tilpassing til klimaendringar:

 

  • Den økonomiske aktiviteten har etablert fysiske og ikkje-fysiske løysingar som i betydeleg grad reduserer dei viktigaste fysiske klimarisikoane som er relevante for aktiviteten.
  • Dei fysiske klimarisikoane som er relevante for aktiviteten, er identifiserte frå dei som er oppført i det relevante vedlegget til EU-taksonomien ved å utføre ei grundig vurdering av klimarisiko og sårbarheit. Desse må stå i forhold til aktiviteten sitt omfang og forventa levetid.
  • Klimaprognosar og vurdering av verknader er basert på beste praksis og tilgjengeleg rettleiing.
  • Dei implementerte løysingane for tilpassing:
    • påverkar ikkje negativt tilpassinga eller nivået av motstandskraft mot fysiske klimarisikoar for andre menneske, natur, kulturarv, eigedelar og andre økonomiske aktivitetar
    • favoriserer naturbaserte løysingar eller støttar seg på blå eller grøn infrastruktur der det er mogleg
    • er i tråd med lokale, bransjemessige, regionale eller nasjonale tilpassingsplanar og strategiar
    • overvakast og målast mot førehandsdefinerte indikatorar, og det vurderast tiltak ved manglande oppfylling av indikatorane.

Aktivitetar iht. EU-taksonomien


Sjå EU-taksonomiens delegerte rettsakt vedlegg II

Ein kvar referanse til EU-taksonomien i dei ovanfor nevnte tabellane, viser til taksonomiens tekniske screeningkriterier.

I tillegg til bransjane og kriteria spesifisert i rammeverket, vil lån for andre aktivitetar som er i samsvar med dei tekniske screeningkriteria for betydeleg bidrag iht. EU-taksonomien òg kvalifisere som grøne lån.

3. Overgangsfinansiering

 

3.1 Rammeverket sitt føremål

Med aukande fokus i marknaden på berekraft i finansieringsprodukt, aukar òg behovet for tydelege rammer for kva som klassifiserer til desse produkta på tvers av SpareBank 1-alliansen. Føremålet med dette rammeverket er å tydeleggjere korleis SpareBank 1 jobbar for å identifisere aktivitetar som kan klassifiserast som «Overgangsfinansiering». Rammeverket skal fungere saman med eksisterande rammeverk for grøn finansiering i dei enkelte SpareBank 1-bankane.

Fotnotar

◀ Klikk tilbake i nettlesaren for å kome dit du var.

[1]
Grønt iht. taksonomien er økonomiske aktivitetar som vesentleg bidrar til minst eitt av dei seks miljømåla i EU-taksonomien og som ikkje gjer vesentleg skade på dei øvrige miljømåla og som vidare oppfyller dei sosiale minstekrava for bedrifter, inkludert OECD retningslinjer for multinasjonale selskap og FNs retningslinjer for forretningsverksemd og menneskerettar.

[2]
Grønt iht. andre reglar enn taksonomien er økonomiske aktivitetar som: 

  • Oppfyller krava til grøn eller berekraftlinka finansiering; og/eller
  • Er iht. beste marknadspraksiskriterier/-prinsipp/-standardar/-reguleringar (prinsipp for grøn/berekraftlinka finansiering/taksonomien/CBI; og/eller
  • Bidrar vesentleg til minst eitt av taksonomiens seks miljømål, men vilkår for å ikkje gjere vesentleg skade på øvrige miljømål eller sosiale minstekrav er ikkje implementert (pga. t.d. tekniske forhold ved kriteria, dataforhold, plassering av eigedelar osb.)

[3]
Låneprodukt som støttar, mellom anna, miljømessige og sosiale forhold, eller ein kombinasjon av desse, føresett at selskapet også har gode rutinar for eigar- og selskapsstyring.  Denne definisjonen er henta frå artikkel 8 (1) frå EU-regulering 2019/2088 knytt til SFDR.

[4]
Om ein overheld dette kravet kan målast basert på inntekter, samla utgifter og/eller andre indikatorar som bestemt av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og må dokumenterast og bekreftast årleg, både foroverskuande og tilbakeskuande.

[5]
Aktivitetar iht. EU-taksonomien som vesentleg bidrar til målet om å hindre klimaendringane

[6] 
Inkludert fritidsbustader

[7]
I samsvar med EU-taksonomien krevst det for bygg med byggeår fom. 2021 for å vere berekraftig at dei tilfredsstiller NZEB-10-kravet, dvs. har eit netto energibehov minimum 10 % lågare enn NZEB (Nearly Zero Emission Building, eller nesten-null-utsleppsbygningar). I Norge blei dei nasjonale NZEB-definisjonane annonsert 31. januar 2023.

Bygningar vurderast mot dei respektive NZEB-grensene publisert av departementet, uttrykt som spesifikt energibehov i kwt/kvm. Pt. er alle norske bygningar med energimerke A (med unntak av enkeltleiligheiter) og nokre med energimerke B, i samansvar med NZEB-10. Småhus med energimerke B, leiligheitsbygg med energimerke B og enkeltleiligheter med energimerke A krev ytterlegare dokumentasjon for å bli rekna som i samsvar med dei respektive NZEB-10-krava.

Heile metodikken og utveljingsprosessen som blir brukt for å identifisere NZEB-10-bygningar, vil bli publisert i ein teknisk rapport frå ein spesialisert ekstern konsulent.

[8]
Kvalifiserande TEK-standardar og energimerke (offisielle eller estimert) vil bli fastsett med støtte frå ein spesialisert ekstern konsulent og kan ta omsyn til rettleiing frå departementet. Det ventast at norske bustader og næringsbygg oppførte i tråd med. TEK10 og TEK17 samt dei som har energimerke A eller B er innan topp 15 % ut frå 2023 bygningstatistikk.

TEK07-bygg og energimerke C kan bli vurderte som innanfor topp 15 % i Norge iht. nye grenser for inkludering i topp 15 % i metodikk og retningslinjer frå Energidepartementet 

[9]
For renoverte bustader kan det bli relevant med framtidige grenser for primærenergibehov for renovasjonar i samsvar med regjeringa si framtidige langsiktige plan for bygningsrenovering.  

[10]
Energimerket må gjelde for minst 75 % av golvarealet

[11]
Må vere i samsvar med siste norske byggtekniske forskrift, pt. TEK17, når det er relevant. For andre aktivitetar enn bygningsrelaterte, må beste kommersielt tilgjengelege teknologi nyttast

[12]
Ingen transport som er dedikert til transport av fossile drivstoff

[13]
Ein energieffektivitetsforbetring vurderast som vesentleg av konsernet sitt Berekraftsteam, tatt omsyn til marknadsstandard, tilgjengeleg teknologi, konkurrentar sine prestasjonar, relevante energimål og vitskapsbaserte utsleppsbaner når relevant

[14]
Taksonomiaktivitet som bidrar vesentleg til miljømålet førebygging og kontroll av forureining

[15]
Taksonomiaktivitet som bidrar vesentleg til miljømålet berekraftig bruk og beskyttelse av vatn og marine ressursar

[16]
Taksonomiaktivitet som vesentleg bidrar til klimamålet om beskyttelse og restaurering av biodiversitet og økosystem.

[17]
Siste versjon er frå desember 2020

FRÅSKRIVINGSKLAUSUL

DETTE DOKUMENTET ER MEINT Å GI IKKE-UTTØMMANDE, GENERELL INFORMASJON. DOKUMENTET KAN INNEHALDE, ELLER INNLEMME GJENNOM HENVISNING, OFFENTLEG INFORMASJON SOM IKKJE ER SEPARAT GJENNOMGÅTT, GODKJENT ELLER STØTTA AV SpareBank 1 Sogn og Fjordane, OG FØLGELEG GIR SpareBank 1 Sogn og Fjordane INGEN EKSPLISITT ELLER IMPLISITT ERKLÆRING, GARANTI ELLER FORPLIKTINGAR, OG PÅTAR SEG HELLER IKKJE NOKO ANSVAR NÅR DET GJELD INFORMASJONENS RETTFERDIGHEIT, NØYAKTIGHEIT, RIMELIGHET ELLER FULLSTENDIGHEIT.

DETTE DOKUMENTET KAN INNEHALDE UTSEGN OM FRAMTIDIGE HENDINGAR OG FORVENTNINGAR SOM ER UTSEGN OM FRAMTIDA. INGEN AV DEI FRAMSKRIVINGANE, FORVENTINGANE, ESTIMERINGANE ELLER PERSPEKTIVA SOM OMHANDLAR FRAMTIDA I DETTE DOKUMENTET, SKAL REKNAST SOM PROGNOSAR ELLER LØFTANDE, DEI SKAL HELLER IKKJE REKNAST Å INNEBERE EIN INDIKASJON PÅ, FORSIKRING OM ELLER GARANTI FOR AT ANTAKINGANE SLIKE FRAMTIDIGE FREMSKRIVINGAR, FORVENTNINGAR, ESTIMAT ELLER PERSPEKTIV BYGGER PÅ, ER KORREKTE ELLER UTTØMMANDE ELLER, NÅR DET GJELD ANTAKINGANE, ER FULLT UTTRYKT I DOKUMENTET. SpareBank 1 Sogn og Fjordane VERKEN HAR ELLER PÅTAR SEG NOKON FORPLIKTINGAR TIL Å OPPDATERE, ENDRE, ELLER RETTE DETTE DOKUMENTET ELLER UTSEGNA I DET FOR Å GJENSPEILE FAKTISKE ENDRINGAR I ANTAKINGAR ELLER ENDRINGAR I FAKTORAR SOM PÅVERKAR DESSE UTSEGNA, ELLER PÅ ANNAN MÅTE VARSLE ADRESSATAR VISS INFORMASJON, SYNSPUNKT, FRAMSKRIVINGAR, PROGNOSAR ELLER ESTIMAT I DOKUMENTET ENDRAR SEG ELLER SEINARE BLIR URIKTIGE.

DETTE DOKUMENTET ER IKKJE MEINT Å GJE JURIDISK ELLER ØKONOMISK RÅDGJEVING, OG SKAL IKKJE TOLKAST SOM DET. DET UTGJER IKKJE EIT TILBOD ELLER EIN INVITASJON TIL Å SELJE ELLER EIN OPPFORDRING MED TILBOD OM Å ABONNERE PÅ, ELLER KJØPE. ELLER EI ANBEFALING OM, VERDIPAPIR, INGENTING I DETTE DOKUMENTET SKAL UTGJERE GRUNNLAGET FOR EIN KONTRAKT ELLER EI FORPLIKTING, OG DET ER IKKJE GODKJENT AV NOKEN SIKKERHETSMYNDIGHEIT.

DISTRIBUSJON AV DETTE DOKUMENTET OG INFORMASJONEN DET INNEHELD, KAN VERE UNDERLAGD JURIDISKE AVGRENSINGAR I NOKRE LAND. PERSONAR SOM KAN KOME I BESITTELSE AV DET, MÅ UNDERSØKE OM DET FINST SLIKE AVGRENSINGAR OG OVERHALDE DEI.

INFORMASJONEN I DETTE DOKUMENTET ER IKKJE UAVHENGIG VERIFISERT.

ADRESSATEN BER ÅLEINE ALT ANSVAR FOR ALL BRUK AV INFORMASJONEN I DOKUMENTET, OG SpareBank 1 Sogn og Fjordane SKAL IKKJE HALDAST ANSVARLEG FOR EVENTUELLE, DIREKTE ELLER ANDRE SKADAR, SOM OPPSTÅR SOM FØLGJE AV ADRESSATENS BRUK AV DETTE DOKUMENTET.

2.    Rammeverk for berekraftig finansiering

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }