Ein kreditnota er ein faktura med negativt beløp. Du må alltid lage ein kreditnota for å nulle ut eller rette opp feil i ein faktura du har sendt ut. Viss fakturaen allereie er betalt, er kreditnotaen eit bevis på at kunden din har pengar til gode.
Kva blir kreditnota brukt til?
Her er nokre døme på når det er vanleg å lage ein kreditnota:
Beløpet på den opphavlege fakturaen er feil.
Du har tatt betalt for fleire varer eller tenester enn kunden har fått.
Vara blir returnert.
Vara har feil eller manglar som gir rett til prisavslag.
Avrekning av returprovisjon eller kick-back på varer eller tenester.
Ting å tenke på når du skal lage ein kreditnota
Kreditnotaen må innehalde same informasjon som fakturaen du vil endre eller slette. Det er viktig at det er klart og tydeleg kva faktura kreditnotaen gjeld for.
Det er seljar som har ansvar for å lage kreditnotaen og sende den til kunden.
Kreditnotaen skal alltid sendast til personen eller bedrifta det gjeld.
Kreditnotaen skal bokførast i rekneskapen på same måte som den opphavlege fakturaen, men motsett veg.
Viss det berre er ein del av ein faktura som skal krediterast, kan du velje å kreditere berre den delen det gjeld, eller heile fakturaen. Vel du heile, lagar du ein ny faktura med riktig beløp, og sender den samtidig som du sender ut kreditnotaen.
Viss fakturaen allereie er betalt, skal du likevel lage ein kreditnota. Kunden kan få pengane tilbake, eller ha pengane til gode til neste kjøp.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}