Kva er nettolønn?

Nettolønn og bruttolønn er omgrep som forvirrar mange. Her er det du treng å vite om nettolønn.

Illustrasjon av mann som forklarer nettolønn føre ei tavle

Nettolønn = lønna du får på konto

Nettolønna er den lønna som blir utbetalt frå arbeidsgivar. Med andre ord er nettolønna i utgangspunktet lønn minus skattetrekk.

I tilllegg vil eventuelle forsikringar og anna som arbeidsgivar betaler for (telefon og internett til dømes) bli tatt med i utrekninga. Dette vil i så fall bli rekna som lønn.

Det er verd å merke seg at det er fleire ting enn skatt som kan påverke lønnsutbetalinga, som til dømes:

  • bonus
  • kantinetrekk
  • jobbtelefon som kan brukast privat
  • tilbakebetaling av utlegg

Korleis rekne ut nettolønn?

Slik reknar du ut nettolønn på 1-2-3. 

  1. Finn ut kva som er brutto månadslønn
  2. Ta brutto månadslønn og trekk frå skatten
  3. Finn ut om det finst noko, som til dømes forsikringar, som påverkar utbetalinga

Voilà, der har du nettolønna. Deretter kan du trekke frå eventuelle frådrag (til dømes kantinetrekk), og du får netto utbetalt lønn


Døme på utrekning av nettolønn:

  • Brutto månadslønn er på 48.000 kroner
  • Skattetrekket er på 37 prosent
  • Det blir i tillegg skatta 320 kroner i månaden for forsikring

Då ser reknestykket slik ut:

  • 48.000 + 320 = 48.320 (brutto månadslønn + skatt av forsikring)
  • 48.320 x 0,37 = 17.878,40 (dette er skattetrekket)
  • 48.320 – 17.878,4 = 30.441,60 (her er netto månadslønn)

I tillegg kjem trekk på kantine (350 kroner) + elektronisk kommuniksjon (260 kroner). 

Dermed er netto utbetalt lønn 29.831,60 kroner. Mange bedriftseigarar synest desse utrekningane kan vere vanskelege å halde orden på, og bruker derfor eit rekneskapsprogram med lønnsmodul til å sørge for at denne delen av jobben går raskt og smertefritt. 


Kvifor skil vi på brutto og netto?

Sidan nettolønn vil variere, basert på kva trekk som er lagt inn, vil det vere naturleg å forhalde seg til bruttolønn når det kjem til lønnsforhandlingar og tilsetjingar. 

På forbrukarmarknaden brukast det nesten utelukkande bruttopris (skattar og avgifter inkludert), medan på bedriftsmarknaden er det vanleg å oppføre pris i netto. 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }