Kva er reskontro?
Reskontro er kort fortalt ei oversikt over kva ein kunde skylder deg og det du skylder ein leverandør, også kalla kundefordringar og leverandørgjeld.
Kva er reskontro?
Reskontro er kort fortalt ei oversikt over kva ein kunde skylder deg og det du skylder ein leverandør, også kalla kundefordringar og leverandørgjeld.
Korleis fungerer ein reskontro?
Ein reskontro fungerer som ein eigen konto per kunde, leverandør eller tilsett i bedrifta, der du kan halde oversikt over innbetalingar og utbetalingar. Ein reskontro er alltid knytt mot ein eigen hovudbokkonto, og vil vere ein underkonto av denne. Fakturaer, kreditnotaer og andre transaksjonar mellom bedrifta di og kunde, leverandør eller tilsett blir ført på reskontroar for å halde oversikt over kva som er fakturert, betalt eller står uoppgjort.
På kundesida vil ein kundereskontro innehalde informasjon om kundar som skylder deg pengar, kor mykje dei skylder og når betalinga er forventa.
På leverandørsida vil ein leverandørreskontro innehalde informasjon om kva leverandørar som bedrifta di skylder pengar til, kor mykje de skylder og når betalinga er forventa.
Må eg ha reskontroar i rekneskapen?
Det er lovpålagt å ha ein reskontro for kvar av kundane og leverandørane dine når ein handel er fakturert, og dermed ikkje gjort opp med ein gong. Dei fleste rekneskapsprogram opprettar reskontroar automatisk når ein legg til kunde eller leverandør. Det er valfritt å bruke reskontro for tilsette.
Kundereskontro
Ein kundereskontro er ei oversikt over alle uteståande beløp frå kundane dine og blir rekna som ein eigedel i rekneskapen. Den gir deg ei detaljert oversikt over kven som skylder deg pengar, kor mykje dei skylder, og når fakturaene forfell.
Slik fungerer det
Leverandørreskontro
På same måte som med kundereskontroen, er leverandørreskontro ei oversikt over kva du eventuelt skylder leverandørane dine. Dette blir rekna som gjeld i rekneskapen.
Alle fakturaer frå leverandørane dine vil registrerast mot denne kontoen, før ein gjennomfører ei betaling som blir ført mot same konto slik at den går i null.
Slik fungerer det
Reskontroavstemming
Ein reskontroavstemming kan avdekke eventuelle avvik mellom det du har i rekneskapen din og det kunden eller leverandøren har i rekneskapen sin. Du kan gjere ein avstemming gjennom å samanlikne eit oppdatert reskontroutdrag frå kunden eller leverandøren, med reskontroen til bedrifta di for å sjekke om alle fakturaer og betalingar stemmer overeins. Eventuelle avvik bør undersøkast og korrigerast så snart som mogleg.
Reskontro oppsummert
Når du driv ei bedrift kan reskontro vere ein viktig del av økonomistyringa.
Reskontroen gir deg ei oversikt over kva kundane dine skylder deg, og kva du skylder til leverandørane dine. Dette gjer det enklare for deg å administrere kontantstraumen til bedrifta og passe på at du har tilstrekkelege middel til å betale rekningane dine og halde oppe ein sunn økonomisk situasjon.
Å ha ein oppdatert og nøyaktig reskontro er derfor avgjerande for å kunne drive ein vellykka og berekraftig bedrift. Dei fleste rekneskapsprogram opprettar reskontroar automatisk, og mange program hjelper deg å halde oversikt gjennom å bokføre betalingar og innbetalingar automatisk. Slik blir det enklare for deg å halde oversikta.