Kva er ein resultatrekneskap?

Ein resultatrekneskap gir deg ei oversikt over kva inntekter og kostnader bedrifta di har i løpet av eit rekneskapsår eller ein periode av rekneskapsåret.

Illustrasjon av mann som forklarer resultatrekneskap føre ei tavle

Kvifor sette opp ein resultatrekneskap?

Resultatrekneskapen er ein del av årsrekneskapen, og seier noko om korleis den økonomiske situasjonen i bedrifta er. Ved å sette opp ein resultatrekneskap, finn du ut om bedrifta har gått med overskot eller underskot for den aktuelle perioden.


Kva inneheld ein resultatrekneskap?

I resultatrekneskapen set du opp alle inntekter og kostnader for gjeldande rekneskapsår, eller for ein periode i rekneskapsåret.

Ein resultatrekneskap inneheld

  • Inntekter – kan vere salsinntekter, andre driftsinntekter og finansinntekter
  • Kostnader – som varekostnader, lønnskostnader, driftskostnader og finanskostnader

Korleis sette opp ein resultatrekneskap?

Viss du fører rekneskapen din i eit rekneskapsprogram vil programmet lage ein resultatrekneskap automatisk. Programmet lagar då ei oversikt over alle inntekter og kostnader, og reknar ut eit resultat som viser om bedrifta har gått med overskot eller underskot. Viss du ser på resultatet for eit heilt år kallast dette ofte eit årsresultat, medan for ein kortare periode kallast det ofte berre resultat eller perioderesultat. 

  Salsinntekter
+ Driftsinntekter
+ Renteinntekter
- Varekostnader
- Driftskostnader
- Rentekostnader
= Årsresultat

Dette er berre ein mal for å illustrere avsnittet over. Sjå Rekneskapsloven for detaljert informasjon om korleis du set opp ein resultatrekneskap.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }