Det er inga lov som seier at du ikkje kan føre rekneskapen for bedrifta di sjølv. Har du lite eller inga erfaring med rekneskapsføring, er det likevel lurt å bruke ein rekneskapsførar – i alle fall i starten.
Krav til rekneskapen
Rekneskap er eit eige fagfelt, og har lovar og reglar som ofte blir endra. Du bør derfor kjenne til grunnleggande rekneskapsføring viss du skal gjere jobben sjølv. I tillegg må du ha både tid og lyst til å sette deg inn i det som trengst for å vere trygg på at du fører rekneskapen i tråd med lovverket.
Hugs at styresmaktene stiller like strenge krav til rekneskapen uansett om du gjer rekneskapsføringa sjølv, eller set det bort til ein rekneskapsførar eller eit rekneskapsbyrå.
Val av rekneskapsprogram
Vel du å føre rekneskapen sjølv må du ta stilling til kva for eit rekneskapsprogram du skal bruke. Vi anbefaler at du går for ei skybasert løysing. Det vil seie eit rekneskapsprogram der du loggar deg på via ein nettlesar i staden for å installere det på datamaskina di.
Då kan du bruke det når som helst og kvar helst, så lenge du har tilgang til internett. Dei fleste skybaserte rekneskapsprogram har òg ein eigen app.
Skal, skal ikkje føre rekneskapen sjølv?
Er du i tenkeboksen? Her finn du fordeler og ulemper med å gjere jobben sjølv.
Fordeler med å føre rekneskapen sjølv
Du sparer pengar: Fører du rekneskapen sjølv, sparer du pengane du hadde brukt på ein rekneskapsførar eller eit rekneskapsbyrå.
Du blir godt kjent med den daglege drifta: Du får ei betre forståing av økonomien og drifta til bedrifta. Det kan gjere det lettare å ta gode avgjerder i kvardagen.
Du får god økonomisk oversikt: Vel du å ha kontroll over rekneskapen sjølv, får du full tilgang til all finansiell informasjon og kan sikre at alle transaksjonar blir registrert slik du vil ha dei.
Ulemper med å føre rekneskapen sjølv
Det tar mykje tid: Rekneskapsføring kan vere tidkrevjande, særleg viss du ikkje har noko erfaring.
Du må sette deg inn i lovar og reglar: Rekneskap kan vere komplisert, spesielt når det kjem til skattereglar og regulatoriske krav. Feil kan få alvorlege konsekvensar, inkludert bøter og juridiske problem.
Du kan gå glipp av moglegheiter: Eit rekneskapsprogram kan hjelpe deg med grunnleggande rekneskapsføring. Ein rekneskapsførar kan også hjelpe deg å sjå kva som går bra, og der du kan gjere grep for å betre økonomien.
Visste du at...
...du berre kan føre rekneskap for bedrifter du eig eller er tilsett i? Sjølv om du kan rekneskapsføring, må du ha autorisasjon frå Finanstilsynet for å føre rekneskap for andre bedrifter mot betaling.
Du kan likevel føre rekneskap som frivillig i eit lag eller ei foreining. Den typen småjobbar er vanlegvis ikkje betalt og blir ikkje rekna som næringsverksemd.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}