Flytte til nye lokale

Å flytte til nye lokale er eit stort steg. Er du sikker på at det er riktig for bedrifta di?

barekraftig-bedrift
Beskriv kvifor du treng nye lokale og kva som er viktigast.
Finn ut om du bør eige eller leige.
Få oversikt over kostnader og inntekter ved å byte lokale.

Kva er behovet?

Når du tenker at bedrifta treng nye lokale, kan det vere lurt å ha klart for seg kva dei nye lokala skal gjere for bedrifta. Bruk gjerne sjekklista vår før du bestemmer deg for å flytte.

  • Kvifor treng du større lokale? Kva treng du, som du ikkje har i dag?
  • Passar det med selskapsvisjonen og strategi?
  • Kva fasilitetar du treng i samband med lokala?
  • Noko du risikerer å miste ved å byte tilhaldsstad? Synlighet, kundetrafikk, parkering, framkomme leverandørar, anna?
  • Tenk 5 - 10 år fram. Passar lokala med framtidige planar?
  • Har bygget eller området restriksjonar som kan bli til hinder for bedrifta? Døme: Støy, utslepp, høgaste tillatne akseltrykk.

Sørg for riktig timing

Unngå å ende opp med flyttinga midt i høgsesongen. Lag ein tidsplan og legg inn litt ekstra tid - ting kan fort ta lengre tid enn du hadde tenkt. 


Kva treng du av middel for å gjennomføre?

Kanskje du treng å leasa maskiner og utstyr, eller må ha eit større lån for å komme på plass i nye lokale?

Før du tar på deg nye utgifter bør du setje opp eit reknestykke som viser kva kostnader du har etter flytting og kva du forventar av nye inntekter.

Ta gjerne med dette når du møter rådgivar: Siste rekneskap, likviditetsbudsjett og forretningsplan.

 

Slik lagar du forretningsmodell

Hos Innovasjon Norge finn du nyttig informasjon om forretningsmodeller og malverk for Business Model Canvas.


Eige eller leige?

Vurderer du å eige i staden for å leige bør du ha klart for deg kvifor.

Er det ei rein investering? Då bør du sjekke utviklinga i eigedomsmarknaden. Ønsker du å leige ut til andre bedrifter på same eigedom eller ser du strategiske meirverdiar ved å eige? Uansett svar, ha eit klart mål med eigarskapet.

For enkelte kan det vere smart å eige sine eigne bygg, særleg dersom du driv i ein bransje med høge kontantstraumar og lågt investeringsnivå.



{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }