Betalingsterminal

Med ein betalingsterminal er det enkelt for kundane dine å betale, og bedrifta di heng med på nye moglegheiter og reglar for betaling.

bankterminal.jpg
Effektiv måte å ta betalt med kort, mobil eller Vipps.
Trygg betalingsmåte som gir ein oversiktleg rekneskap.
Enkelt å returnere pengar til kontoen til kunden.

Kva betalingsterminal skal du velje?

  • Skal du kjøpe eller leige? Det kan vere ein fordel å leige betalingsterminal slik at du kan byte den ut i takt med nye krav og tekniske moglegheiter.
  • Skal kundane kunne tipse? Vel ein betalingsterminal med tipsfunksjon.
  • Skal kundane kunne betale med kredittkort eller mobilen? Dersom du har mange kundar som vil betale med klokke og mobil, eller turistar som bruker kredittkort, kan det vere lønnsamt å opne for dette. 

Du kan også velje om bankterminalen skal vere mobil, ubetent eller om du vil integrere den med kassasystemet. Det er mange som leverer bankterminalar, for eksempel Verifone, Nets, Wordline, Zettle og Ingenico.


Sånn skaffar du ein betalingsterminal

1
Bestill betalingsterminalen frå ein leverandør
Først må du kjøpe eller leige ein betalingsterminal. Vel ein leverandør som godtar BankAxept for å få raskaste oppgjer til lågaste pris.
2
Signer ein oppgjersavtale med SpareBank 1
I avtalen garanterer vi at de får pengane inn på konto. Vi tar oss òg av reserveløysingar. Avtalen dekker BankAxept, som er den vanlegaste måten å betale med kort på.
3
Godta BankAxept sine avtalevilkår
Du får ein e-post frå BankAxept med ei lenke til avtalen. Bruk BankID for å godta avtalen, og så er de klare til å få pengar inn i kassa.

Skal du ta imot betaling med Visa, Mastercard, American Express eller andre internasjonale kort?

Då treng du ein eigen innløysaravtale for kredittkort. Leverandørar du kan vurdere er blant anna Nets, Elavon og Worldline.

Samanlikne prisar og vilkår, og sjekk kva korttypar som støttast, før du bestemmer deg. 

BankAxept

Det finst forskjellege betalingssystem som Visa, MasterCard og BankAxept. BankAxept er det nasjonale systemet i Norge. Her får du det raskaste oppgjeret til lågaste pris.

Når du har inngått avtale om betalingsterminal, får du i dei fleste tilfelle også ein avtale med BankAxept. 

BankAxept har fleire tenester som vareretur og reserveløysing. Sjå meir på Mi side på BankAxept sine nettsider.

Tæpp med Vipps

Siste nytt frå Vipps

Kva lurer andre på?


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }