I den nye oversikta finn du alle avtaler og tenester bedrifta har hjå oss. Du får betre kontroll, og mindre leiting i kvardagen.
Alt på ein stad – bank, rekneskap, pensjon og forsikringar.
Snarvegar til oppgåver og rapportar.
Huskeliste for frister og betalingar.
Logg inn ein gong og sjå heile bedrifta sin økonomi, pensjon, forsikring og rekneskap på same stad.
- Oversikta er ny, men produkta dine er dei same.
- Du ser kun det du har tilgang til i oversikta.
Ting å ta tak i er ei oversikt over ting du må gjere. For eksempel
- betalingar som snart forfell
- signere tilbod eller avtalar
Raskt overblikk over bedrifta sin økonomi som
- saldo på alle kontoar
- innbetalingar og utbetalingar
- leverandørfakturaer til godkjenning
- fakturaer kundane ikkje har betalt enno
Tilpass oversikta som du vil. Under Mine tenester kan du endre oppsett og rekkefølge etter kva som er viktigast å sjå. Er det transaksjonar, kontooversikt, Vipps eller tal frå skatteetaten? Du vel kva som er best.
Spørsmål og svar
Når du loggar inn i nettbanken, får du eit val om å gå til "Min oversikt". For å sette den nye oversikta som fast startside, gjer du dette:
- vel Oversikt øvst til venstre
- gå til Innstillingar i menyen
- under Generelt slår du på den nye oversikta som startside
Her kan du òg velje å ha visninga på bokmål, nynorsk eller engelsk.
Alle som bruker nettbank bedrift har tilgang til den nye oversikta. Kva ulike brukarar kan sjå blir bestemte av kva tilganger brukaren har i andre program som nettbank bedrift, pensjonsportalen, rekneskapsprogrammet og liknande.
Du held altså dei same tilgangane som du allereie har.
Du får ein rask oversikt over oppgåver som betalingar til forfall og fristar frå til dømes skatteetaten. Oversikta samlar alle avtalar du har med SpareBank 1 på eitt sted.
Når du har logga inn i oversikta, er du òg logga inn i andre program frå SpareBank 1. Du kan altså berre logge inn berre éin gong og få tilgang til alle avtalar, produkt og tenester du har hos oss.
Du får oversikt over alle produkt, tenester og avtalar med SpareBank 1. Det gir deg eit godt grunnlag for å ta trygge og gode val.
Vil du vite meir?
Våre bedriftsrådgjevarar hjelper deg med alt du lurer på. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.
Sjå også
Vi hjelper deg med å finne det som passar best for bedrifta di.
Nettbanken er oversiktleg og kan enkelt koplast til reknskapsprogrammet.
Hos oss får du ein av Noregs beste mobilbankar for bedrifter.