Corporate Connect kan brukast til å sende eFaktura, viss du ikkje har moglegheita til det i rekneskapsprogrammet. Du kan òg søke transaksjonshistorikk og søke opp norske betalingskontoar i KAR (konto- og adresseringsregisteret), for å sjå om kontoen du skal betale til er gyldig, og kven som eig den.
Hjelpeside for Corporate Connect
Slik brukar du Corporate Connect
Om du ikkje har rekneskapsprogram der du kan sende eFaktura, kan du gjere det via Corporate Connect.
Du opnar Corporate Connect i nettbanken. Det gjer du ved å trykke på Meny og vel Fakturering under Betalingsprodukt, deretter vel du Logg inn Corporate Connect. Du finn også Corporate Connect på høgre side når du klikker på logg inn til nettbank bedrift.
Inne i Corporate Connect trykker du på Fakturere, Registrere ein faktura og du er klar for å sende eFaktura.
Her finn du brukarrettleing for korleis du administrerer eFaktura i Corporate Connect.
Dersom du ikkje har tilgong, må du bestille eFaktura under.
Tidlegare sendte eFaktura kan du finne i Corporate Connect. Trykk Meny, Betalingsprodukt, Fakturere og Logg inn Corporate Connect. Du finn også Corporate Connect til høgre når du klikkar på logg inn til nettbank bedrift.
I Corporate Connect finn du sendte fakturaer ved å velje Webfaktura i menyen oppe til venstre, og Sjå sende fakturaer. Du finn òg fakturaer om du vel velje Fakturasøk. Her finn du oversyn over sende og mottekne fakturaer.
Access Manager Corporate Connect
For å legge til ny brukar må du vere Access Manager. Det står øvst til venstre når du er logga inn. Slik gjer du det:
- Klikk på Inviter ein ny brukar til Connect, grøn knapp øvst til høgre på framsida.
- Vel Opprett invitasjon for å sende ein e-postinvitasjon til ny brukar.
- Klikk Legg til ein brukar.
- Vel BankID som autentiseringsmetode viss brukaren har BankID. Viss ikkje vel du Passord. Vi anbefaler å bruke BankID for sikker og enkel innlogging der det er mogleg.
- Fyll ut felta og klikk Legg til for å fullføre invitasjonen.
- Klikk på Legg til ein annan brukar om du skal legge til fleire brukarar. Viss ikkje klikker du Gjennomgå invitasjonen for å sjå at alt er riktig utfylt.
- Viss alt ser riktig ut klikkar du på Sende. Ny brukar får no e-post og registrerer seg som brukar.
Sender du uheldigvis invitasjon til feil person, kan du klikke på Brukarens namn i invitasjonsoversikta. Vel Tilbakekall til høgre på sida, og Tilbakekall igjen for å godkjenne.
For å gi eller endre tilganger må du vere Access Manager. Det står øvst til venstre når du er logga inn. Du kan berre gi eller endre tilgang for ein brukar om gongen. Slik gjer du det:
- Klikk på Access Manager - Nordics øvst til venstre.
- Klikk på Brukarar, i menylinja øvst i biletet.
- Klikk på Namnet til brukaren du vil endre. Om du har mange brukarar kan du søke i søkefeltet.
- I brukarprofilen klikkar du på Tenester på menylinja øvst.
- Klikk på Legg til tenester for denne brukaren.
- I oversiktsbiletet over tenester vel du tenesta du ønsker å gi tilgang til og klikkar Legg til. Tilgangen blir gitt med ein gong.
Vil du fjerne ein tilgang følgjer du same steg som over. Når du har klikka på tenester vel du Fjern på tenesta du vil ta bort, og Fjern ein gong til for å bekrefte.
Som Access manager har du moglegheita til å gi andre rollen som Access Manager. Slik gjer du det:
- Klikk på Access Manager - Nordic oppe til venstre.
- Klikk på Brukarar, i menylinja øvst i biletet.
- Vel Brukar du vil endre rolle på.
- Klikk på Administrer ansvar over brukardetaljar.
- Huk av for Brukar og bestillingar, deretter vil du få opp alternativ for tilgangsnivå. Vel Administrer alle brukarar og bestillingar, og klikk på Lagre.
- Brukaren er no Access Manager for bedrifta.
Som Access Manager kan du slette brukarar, men kun ein brukar om gongen. Slik gjer du det:
- Klikk på Access Manager - Nordics oppe til venstre.
- Klikk på Brukarar, i menylinja øvst i biletet.
- Søk opp brukaren du vil slette og klikk på Namnet til brukar.
- Nedst til høgre finn du informasjon om korleis ein slettar og klikkar Slett.
- Bekreft at du ønsker å slette og klikk Slett ein gong til.
- Klikk Ok, både du og brukaren vil få e-post med bekrefting om sletting.
Skulle du ha sletta feil brukar kan du gjenopprette brukaren innan 14 dagar. Følg same steg som over til du har søkt opp brukaren, og klikk Gjenopprett nedst til høgre. Viss det har gått meir enn 14 dagar, vil du ikkje få gjenoppretta brukaren og du må invitere brukaren på nytt.
Har du ein tilsett i permisjon kan du også deaktivere brukaren midlertidig. Søk opp brukaren på same måte som over, klikk på brukaren det gjeld og gjer som følgjer:
- Les teksten til høgre og klikk på Midlertidig utestenge.
- Klikk på Midlertidig utestenge ein gong til for å bekrefte.
- Les teksten som kjem opp og klikk Ok. Du og brukaren vil få e-post om endringa.
Når brukaren er tilbake og skal ha tilgang igjen, følgjer du same steg som over. Når du har funne brukaren det gjeld klikkar du på Gjenopprett til høgre. Om brukaren ikkje gjenopprettast vil brukaren automatisk bli sletta etter 6 månader.