Finansiering av innovasjon og vekst

Gjennom vekstgarantiordninga til Innovasjon Norge tilbyr vi lån og kreditt til bedrifter som skal gjere ein innovativ investering eller er i vekst.

unge-grundere-med-robot-hode
Bedrifta får tilgang til tidlegare eller meir finansiering enn den normalt ville fått.
Gir bedrifta betre grunnlag for å skaffe nødvendig eigenkapital.
Kan kombinerast med anna finansiering frå bank eller Innovasjon Norge.

Vekstgarantiordninga på 1-2-3

Lurer du på om bedrifta di kan søke om lån eller kreditt gjennom vekstgarantiordninga? Her får du ei kjapp innføring.

Sirkel med talet 2

Kven kan søke? 

Bedrifter med inntil 250 tilsette som oppfyller eitt eller fleire kriterium knytt til innovasjon og vekst. Før du søker bør du sjekke kva kriterium bedrifta oppfyller. Nokre bedrifter, sektorar og aktivitetar kan omfattast av avgrensingar i ordninga. Bedrifta må kunne vise til beteningsevne.

Sirkel med talet 2

Kva kan pengane brukast til? 

Bedrifta kan søke om enten lån eller kreditt. Ordninga kan brukast til å finansiere både investeringar, drift og arbeidskapital. Lån og kreditt gjennom vekstgarantiordninga kan ikkje brukast til å refinansiere eksisterande gjeld. 

Sirkel med talet 3

Kva vilkår gjeld? 

Lånebeløp er mellom 250.000 og 8 millionar kroner. Løpetida for lån er mellom 1 og 10 år. For kreditt er løpetida maks 4 år.


Kriterium for finansiering med vekstgaranti

Bruk av vekstgaranti føreset at formålet med lånet eller eigenskapar ved bedrifta oppfyller minst eitt av følgande kriterium:

Lånet skal brukast til å investere i produksjon, utvikling eller implementering av nye, eller vesentleg forbetra:

  • produkt, prosessar eller tenester
  • produksjons- eller leveransemetodar
  • organisatorisk innovasjon eller prosessinnovasjon (inkludert innovative forretningsmodellar), der det finst risiko for teknologisk, industriell eller forretningsmessig svikt
  • Bedrifta har over ein treårsperiode hatt ein gjennomsnittleg årleg, intern vekst i talet på tilsette eller omsetning på meir enn 20 prosent. Det må vere 10 eller fleire tilsette ved byrjinga av perioden.
  • Forutset at bedrifta har vore i markedet mindre enn 10 år sidan første kommersielle sal.

Bedrifta har eit betydeleg innovasjonspotensial eller er forskings- eller innovasjonsdriven i kraft av å tilfredsstille eitt av følgande kriterium:

  • Bedrifta sine årlege forskings- og innovasjonskostnadar er lik eller større enn 20 prosent av lånebeløpet, som vist ved låntakar sitt siste godkjente årsrekneskap. Det blir føresett at bedrifta planlegg ei auke i forskings- og innovasjonskostnadar tilsvarande minimum lånebeløpet (ihht. forretningsplan).

  • Bedrifta skal bruke minst 80 prosent av lånebeløpet til forskings- og innovasjonsrelaterte aktivitetar (indikert ved bedrifta sin forretningsplan), og det resterande beløp på kostnadar som gjer desse aktivitetane moglege.

  • Bedrifta har mottatt tilskot, lån eller garantiar frå forskings- og innovasjonsprogram i EU (t.d. Horisont 2020, EIC eller Eurostars) eller frå nasjonale eller regionale forskings- og innovasjonsordningar (t.d. frå Innovasjon Norge eller Forskningsrådet) i løpet av dei siste 36 månadane. Det blir føresett at lån med vekstgaranti ikkje skal dekke dei same kostnadane.

  • Bedrifta har fått ein forsknings-, utviklings- eller innovasjonspris frå ein EU-institusjon eller eit EU-organ i løpet av dei siste 36 månadene.

  • Bedrifta har registrert minst ein teknologirettigheit (til dømes eit patent eller opphavsrett til programvare) i løpet av dei siste 36 månadane, og hensikta med lånet skal vere å mogleggjere bruk av denne rettigheita, direkte eller indirekte.

  • Bedrifta er ein Small Mid-Cap (ikkje SMB og under 500 årsverk) der det er foretatt ein investering frå eit venturekapitalfond eller engleinvestor i løpet av siste 36 månader, eller at ein slik venturekapitalinvestor eller engleinvestor allerede er aksjonær i bedrifta.

  • Bedrifta har behov for risikokapital større enn 50 prosent av gjennomsnittleg årleg omsetning i dei fem tidlegare åra. Dette skal vere basert på ein forretningsplan som tar sikte på å introdusere eit nytt produkt eller å gå inn i ein ny geografisk marknad.

  • Bedrifta sine forskings- og innovasjonskostnadar utgjer minst 10 prosent av driftskostnadane i minst eitt av dei tre siste åra, (eller i oppstartsselskap utan finansiell historikk i inneverande skatteperiode). Dette skal vere stadfesta av ein ekstern revisor.
  • Bedrifta har hatt kostnadar knytt til forsking og innovasjon i løpet av dei siste 36 månadene, der desse kostnadane er del av eit generelt støttetiltak, godkjent av EU, designa for å insentivere bedrifter til å auke investeringar i forsking og innovasjon, forutsatt at i) transaksjonen dekker inkrementelle kostnadar som indikert i bedrifta sin forretningsplan, og ii) at lånet ikkje dekker dei same kostnadane som tidlegare støtta
  • Lånetakar er i løpet av dei siste 36 månadar beteikna som ei innovativ bedrift av ein EU-institusjon eller EU-organisasjon og dette kan verifiserast av Innovasjon Norge.

Bedrifta skal bruke lånet til å investere i digitalisering på minst eitt av følgande område:

  • Utvide eller omdanne eksisterande forretningsmodellar eller skape nye forretningsmodellar.

  • Introdusere eller forbetre digitalisering innanfor forsyningskjeda, som inkluderer, men ikkje er avgrensa til lagerstyring, automatisering samt interaksjon med leverandørar, kundar eller partnarar.

  • Produkt-/tenesteinnovasjon. Forbetre eksisterande, eller utvikle nye, produkt eller tenester ved å ta i bruk eller ved å integrere digital teknologi. Inkludere overgang til karbonnøytralitet.
  • Integrering og bruk av digital teknologi i kundedialogen, inkludert forbetra system for tilbakemeldingar frå kundar og forbetre leveranseevna.

  • Forretningsutvikling og utviding av kundegrunnlaget via ekspansjon til nye marknader, geografiske område eller kundar basert på adopsjon eller integrasjon av digitale teknologiar.

  • Auke datasikkerheit eller driftsstabilitet overfor truslar som datainnbrot, databeskyttelse og personvern.

  • Forbetring av interne forretningsprosessar gjennom integrasjon av innovative "djupe teknologiar" som kunstig intelligens, blockchain, droner, robotikk, bioteknologi, fotonikk, avanserte materialar og quantum computing, i lånetakaren si  verksemd.

  • Trening og vidareutdanning av digitale ferdigheiter hos tilsette, rekruttering av nye tilsette med digitale ferdigheiter og utvikling av leiarskap og forretningskompetanse i ei digital verd.

  • Støtte til tenesteleverandørar som mogleggjer og støttar i digitaliseringa av selskaps verdikjeder, forutsatt at desse tilbydarane hovudsakleg fokuserer på levering og adopsjon av digitale produkt og tenester.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }