Kundeundersøkingane frå EPSI og Aalund:
Kundane vil høyre meir om pensjon

Dei uavhengige undersøkingane frå EPSI og Aalund viser det same: Både tilsette og bedrifter ønskjer meir innsikt, meir dialog og betre forståing av pensjon. Difor jobbar vi vidare med å gjere pensjon enklare og meir tilgjengeleg.

Aalunds Bedriftspensjonsbarometer Vi har dei mest fornøgde pensjonskundane

Interessen for pensjon aukar

Både årets EPSI- og Aalund-undersøking viser at fleire er opptatt av pensjon, men synes at det kan vere vanskeleg å forstå.

– Dette er eit signal vi tar på alvor. Saman med bankane skal vi gjere pensjon enklare og meir relevant i kvardagen. Vi skal vere tettare på kundane, slik at dei får betre oversikt og kan ta gode val om sin pensjon, seier Wenche Seljeseth, administrerande direktør i SpareBank 1 Forsikring.

Høg score på rådgjeving og evne til å forstå bedrifta sine behov

Aalund Bedriftspensjonsbarometer kartlegg kvart år kor fornøgde norske bedrifter er med pensjonsleverandøren sin. Undersøkinga ser mellom anna på tilfredsheit, korleis kundane oppfattar leverandørane og kor lojale dei er. Aalund analyserer òg kva som har størst betydning for den samla tilfredsheita. 

Resultata viser at SpareBank 1 står sterkt. Vi scored høgt på evna til å setje seg inn i bedriftens situasjon, tilgjengelegheit, oppfølging og god rådgjeving. Vi får òg gode tilbakemeldingar på arbeidet vårt med ansvarlege og berekraftige investeringar. Vi ligg heilt i toppen blant større bedrifter, og jobbar målretta med å gjere pensjon enda enklare og meir relevant – uansett storleik på bedrifta.

Årets undersøking viser at interessa for pensjon aukar og at fleire ønskjer seg meir innsikt, meir dialog og betre forståing.

Blant dei beste – fjerde året på rad

EPSI-undersøkinga viser at  SpareBank 1 er blant pensjonsselskapa som dei tilsette er mest fornøgd med. Gruppa som skårar aller høgast, er mindre bedrifter som kun tilbyr «sjølvvalgt eigen pensjonskonto (EPK)». 

I ein marknad der pensjon blir stadig viktigare for fleire, skårar vi spesielt høgt på det som gjer tryggleik og skapar verdi for kundane: tillit, ansvarleg forvalting, god avkastning, brukervennlege løysingar og enkel oversikt. 

Les meir om undersøkinga hos EPSI

Aalunds Bedriftspensjonsbarometer
  • Norges største kundeundersøking for tenestepensjon. 
  • Den einaste kundetilfredsheitsundersøkinga innan tenestepensjon i Norge som ikkje er bestilt av ein av leverandørane.
  • Gjennomført årleg sidan 2006.
  • Telefonintervju med hovudansvarleg for tenestepensjon. Det er omlag 1200 bedrifter som har blitt intervjua i årets undersøking. 

For meir informasjon sjå aalund.com/nb/

EPSI Norge
  • Leverandør av uavhengige kundetilfredsheitsanalysar. 
  • Undersøkinga gir svar på kva område som skapar kundetilfredsheit og lojalitet.
  • Gjennomført kundetilfredshetsmålingar i Norge sidan 2004.
  • 1157 intervju er gjennomført i årets undersøking.
  • Det er tilsette som har tenestepensjon gjennom arbeidsgjevar i privat sektor, som har blitt intervjua.

For meir informasjon sjå epsi-norway.org

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }