Her finn du alt du treng å vite om kontoutskrifta for pensjon, enten du sparer privat, har ein fripolise, pensjonskapitalbevis eller er tilsett i ei bedrift.
Kontoutskrift pensjon
Få full oversikt over pensjonen din i dag
Logg inn og få oversikt over pensjonsavtalane dine og sjå kontoutskrifta di. Her kan du sjekke kva slags avtale du har. Du kan også administrere kundeforholdet ditt og starte eller endre privat pensjonssparing.
Forklaring til postane i kontoutskrifta
Avtale plassert i fond
Her er oversikt over avtaletypane som er fondsbaserte
- Individuell pensjonsavtale (IPA)
- Unit link livrente
- Fondskonto
- Individuell pensjonsspareavtale (IPS)
- Garantikonto
- Pensjonssparekonto
- LOfavør pensjon
- Pensjonskapitalbevis
- Innskotspensjon (ITP) med investeringsval
Forklaringar til dei enkelte postane
Kontoutskrifta viser aktivitet på avtalen i løpet av året. Her er ei liste med forklaringar til dei enkelte postane i kontoutskrifta di.
For deg som sparer til pensjon som privatperson (UnitLink) (pdf).
For deg som er tilsett i ei bedrift eller som har pensjonskapitalbevis (PKB) (pdf).
For deg som er tilsett i ei bedrift med hybridpensjon (pdf).
Avtale med garanti
Her er oversikt over avtaletypane med garantert avkasting
- Livsforsikring
- Livkonto
- Hybrid med garanti
- Pensjonsbevis
- Individuell pensjonsavtale (IPA)
- Individuell livrente
- Fripolise
Forklaringar til dei enkelte postane
Kontoutskrifta viser aktivitet på avtalen i løpet av året. Her er ei liste med forklaringar til dei enkelte postane i kontoutskrifta di.
For deg som har livsforsikring eller livkonto (pdf).
For deg som har hybrid med garanti eller pensjonsbevis (pdf).
Slik fungerer nedtrappinga i våre spareprofilar
I spareprofilane våre – aksjar, offensiv, moderat og forsiktig – startar nedtrappinga 10 år før normert pensjonsalder, som i dag er 67 år. Det betyr at aksjeandelen vert redusert litt kvart år, medan meir av sparinga vert plassert i rentefond.
Veljer du alderstilpassa spareprofil, begynner nedtrappinga tidlegare. Då har du 100 % aksjar fram til du fyller 40 år og deretter trappar vi gradvis ned aksjeandelen over 27 år, fram mot pensjonsalder. Dette gjer at du har høg aksjeandel når du er ung, men mindre risiko når du nærmar deg uttak.
Du kan sjølv påverke nedtrappinga
Du har fleire val dersom du ønskjer å endre korleis pensjonen din trappar ned:
- Skru av automatisk nedtrapping. Dette kan du gjere i alle spareprofilar unntatt alderstilpassa. Gå til di avtale i Min pensjon og vel Investeringsval.
- Bytte profil dersom du har alderstilpassa. Dersom du ikkje ønskjer nedtrapping i alderstilpassa profil, må du først bytte til ein av dei andre profilane før du kan skru av nedtrappinga.
- Endre alderen nedtrappinga vert berekna etter. Kontakt oss dersom du ønskjer at nedtrappinga skal følgje ein annan pensjonsalder enn 67 år. Du kan velge ein alder mellom 62 og 75 år, og vi tilpassar nedtrappinga deretter.
Kva lurer andre på?
Dersom du får eit pensjonskapitalbevis eller eit pensjonsbevis i SpareBank 1, held du på prisfordelen.
Eit pensjonsbevis er oppspart pensjon som du får med deg når du sluttar i ei bedrift med ein hybridbasert pensjonsordning. Pengane blir utbetalt som ein del av den samla pensjonsutbetalinga di.
Kan eg sjølv spare vidare på eit pensjonsbevis?
Nei, det er ikkje mogleg å spare vidare på eit pensjonsbevis.
Kva er forskjellen på eit pensjonsbevis, eit pensjonskapitalbevis og ein fripolise?
Pensjonsbevis er ei pensjonsrett du har frå eit tidlegare arbeidsforhold i ei bedrift med hybridbasert pensjonsordning. Pensjonskapitalbevis er ei pensjonsrett du har frå eit tidlegare arbeidsforhold i ei bedrift med innskotsbasert pensjonsordning. Fripolise er ein pensjonsrettigheit du har frå eit tidlegare eller noverande arbeidsforhold i ei bedrift med ein ytelsesbasert tenesteordning.
Når kan eg starte utbetaling?
Du kan tidlegast starte utbetaling av pensjon frå 62 år, med mindre du har eit yrke som ifølge lovverket kan ta ut tidlegare, for eksempel pilot. Du må sjølv gje oss beskjed når du ønsker å starte utbetalinga. Utbetalingstida er avhengig av kva slags avtale din arbeidsgjevar har og pensjonen kan opphøyre når du er 80 eller den kan vare livet ut.
Viss den årlege pensjonen er mindre enn 30 % av folketrygda sitt grunnbeløp (124.028 kroner) når utbetalinga skal starte, blir utbetalingstida automatisk korta ned slik at årleg pensjon aukar.
Pengane blir utbetalt månadleg saman med din øvrige pensjon, og blir beskatta som pensjonsinntekt.
Privat tilleggssparing gir lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto for alle som har innskotspensjon, hybridpensjon, pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos SpareBank 1.
Skal du starte utbetaling av pensjon
Du kan starte pensjonsutbetaling når du skal gå av med pensjon, eller du kan ta ut litt medan du framleis er i arbeid.