To smilande personar som trivst på jobb med helsehelp

KUNDEFORDEL

Helsehjelp

Bedrifter som har uførepensjon hos SpareBank 1 Forsikring, får automatisk tilgang til helsehjelp. Tjenesta gir alle tilsette rask støtte og oppfølging når helse, livssituasjon eller arbeidskvardag er krevjande. 

Kva er helsehjelp?

Helsehjelp er eit tilbod gjennom tenestepensjonen til tilsette som opplever utfordringar knytt til helse, livssituasjon eller arbeidskvardag.

Den tilsette får personleg oppfølging frå fagpersonar med kompetanse innan blant anna fysioterapi, sjukepleie, psykologi og arbeidshelse. Målet er å finne gode løysingar tidleg, slik at utfordringane blir lettare å handtere før dei veks seg større.

Helsehjelp er inkludert for tilsette i verksemder som har uførepensjon hos SpareBank 1 Forsikring, og kostar ikkje noko for den tilsette. Tenesta vert levert i samarbeid med ABEL Helse. 

Illustrasjon av mann som grublar

Fordelar med helsehjelp

Når tilsette får støtte tidleg, kan det bli enklare å handtere utfordringar før dei utviklar seg vidare. Helsehjelp er eit ekstra verktøy som kan bidra til å førebygge eller forkorte sjukefråvær og gjere det lettare for fleire å jobbe.

To fornøgde tilsette som har helsehjelp på jobben

Fordelar for verksemda

  • hjelp til tilsette før utfordringane blir større
  • støtte som kan bidra til å førebygge eller forkorte sjukefråvær
  • rask tilgang til fagpersonar med kompetanse innan helse, meistring og arbeidsliv
  • eit ekstra verktøy i arbeidet med sjukefråvær

Fordelar for den tilsette

  • rask tilgang til støtte og oppfølging
  • personleg rettleiing tilpassa eigen situasjon
  • hjelp til å handtere utfordringar knytt til helse eller arbeidskvardag
  • konfidensiell oppfølging frå fagpersonar

Slik tar du i bruk helsehjelp

  1. Den tilsette loggar seg inn i Min pensjon og registrerer behov for helsehjelp. Viss arbeidsgjevar melder inn behovet, gjer hen dette i Pensjonsportalen.
  2. Den tilsette blir kontakta same eller neste arbeidsdag.
  3. Situasjonen og behovet blir kartlagt.
  4. Den tilsette får oppfølging tilpassa sin situasjon av ein helserettleiar.

Oppfølginga er personleg og konfidensiell. Arbeidsgjevar får ikkje innsyn i det den tilsette deler.

Helsehjelp tilpassa ulike behov

Målet er å gje den tilsette rett støtte til rett tid. Derfor består helsehjelp av tre ulike tilbod, tilpassa den enkelte sin situasjon.

Tidleg og tilpassa oppfølging kan gjere ein stor forskjell

Blant personar som mottok helseretttleing i minst seks månader i 2024, vart sjukefråværet redusert med gjennomsnittleg 50 prosent.
Meir om effekt og resultat her.

Målet med helsehjelp er å gi tilsette støtte tidleg, slik at fleire kan halde fram å jobbe eller kome tilbake i arbeid.

ABEL Helse er spesialisert på helserettleiing og oppfølging knytt til sjukefråvær.

Den tilsette får oppfølging frå fagpersonar med kompetanse innan blant anna fysioterapi, sjukepleie, psykologi og arbeidshelse. Ved behov kan anna relevant fagkompetanse bli kopla inn for å gi riktig støtte.

ABEL tilbyr oppfølging over heile landet.

Les meir på abel.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }