Obligatorisk tenestepensjon (OTP) 

Har du tilsette i bedrifta di, er du pålagt å spare til pensjon for dei tilsette. Det heiter obligatorisk tenestepensjon eller OTP.

Har du tilsette i bedrifta di, er du pålagt å spare til pensjon. Det heiter obligatorsik tenestepensjon eller OTP.
Administrer og gjer endringar i pensjonsavtalen sjølv.
Få hjelp av kunnskapsrike rådgjevarar når du treng det.
Bli konkurransedyktig ved å gi dine tilsette ein betre pensjonsavtale enn minstekravet.

Kva er OTP? 

OTP står for obligatorisk tenestepensjon og er pensjonssparinga ein arbeidsgjevar i privat sektor er lovpålagt å tilby sine tilsette. Dette sikrar at alle tilsette får ei ekstra pensjonssparing i tillegg til folketrygda.

Godkjent som obligatorisk tenestepensjon


Innskotspensjon.

Innskotspensjon er den vanlegaste pensjonsordninga for bedrifter. Den har god avkasting for dei tilsette, og faste kostnadar for bedrifta.


Hybridpensjon

Hybridpensjon passar for bedrifter som vil gi tilsette ein pensjon som varer livet ut. Det er spesielt fordelaktig for kvinner, fordi dei vanlegvis lever lenger enn menn.

Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring AS


OTP-reglar

Kven må ha OTP?

Alle bedrifter med minst éin tilsett i tillegg til bedriftseigaren må ha OTP.

Det betyr at dei aller fleste arbeidsgjevarane i privat sektor må opprette obligatorisk tenestepensjon for sine tilsette.


Bedrifta oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
  • Bedrifta har minst to tilsette som jobbar i 75 prosent stilling eller meir.
  • Bedrifta har minst éin tilsett som ikkje har eigardel i selskapet, og som jobbar i 75 prosent stilling eller meir.
  • Bedrifta har fleire tilsette som jobbar i 20 prosent stilling eller meir, og som til saman utfører arbeid som tilsvarer minst to årsverk.

Kva må vere med i OTP-ordninga?

Minimum to prosent av lønn inntil 12 G skal setjast av til sparing for alderspensjon. 1G = 124.028 kroner.

Kva skjer om bedrifta ikkje har OTP?

Det er dyrt å ikkje ha lovpålagt tenestepensjon.

Bedrifta risikerer ei bot på 250 kroner per dag per tilsett for ikkje å ha pensjonsordning i samsvar med lova.


Kva lurer andre på?


Sparinga kan utgjere millionar for den tilsette

Prosentsatsen som blir spart utgjer store forskjellar på pensjonsutbetalinga for den tilsette. Her ser du forskjellen mellom å spare 2 prosent og 7 prosent:

Årslønn 600.000    
Prosentsats 2 % 7 % 
Oppspart pensjon 800.000 kroner 2,8 millionar kroner
  • Spareperiode: 30 år
  • Aldersstilpassa spareprofil med avkasting frå 4 til 6 prosent
  • Lønsvekst og inflasjon: 2 prosent

Pensjonssparing i bransjen din

Konkurransedyktige arbeidsgjevarar gir sine tilsette ein betre avtale enn minstekravet.

Lurer du på kva spareprosent andre arbeidsgjevarar sparer?


Visste du at pensjonssparing også påverkar klima, miljø og sosiale rettar?

Når du sparer til pensjon, kan pengane forvaltast på ulike måtar som påverkar samfunnet. Hos oss kan du vere trygg på at berekraft er godt ivareteke.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }